Nei, sjå snøen.
Han ligg kvit og fin på heile bøen.
Løynleg kom han, som på kattefot.
skjulte med si dun kvar rubb og rot.
Med du sov i natt,
med du sov.
Diktar ukjend (for meg iallefall).
Viser 9 svar.
Diktet lå på Ivar Aasen sin webside, Ivar Aasen-tunet, og er skrevet av Johan Einar Unger.
Nei, sjaa snøen
Nei, sjaa snøen!
Han ligg kvit og fin paa heile bøen.
Nuten fekk so blank ein silkehatt,
vèvd i skyi, fint paa kruna satt,
med du sov i natt,
med du sov.
Nei, sjaa snøen du,
kor han ligg paa kvar ein stein og stu!
Løynleg kom han som paa kattafot,
skìlte med sitt dun kvar rubb og rot,
med du sov i natt,
med du sov.
Nei, kor ljos han er,
endaa morgon-dìm han til meg ser!
No i gaar var jordi myrk og strid,
men i dag - kor ho vart ljos og blid,
med du sov i natt,
med du sov.
Enn sjaa skogen daa!
Klædd han er og prydeleg aa sjaa.
Tru tusund mil til «Austerland» dei fór
henta diadém og sylverflor,
med du sov i natt,
med du sov?
Bjørki - blyg ho stend,
med eit fagert slør som brur i grend;
kven hev sauma med ei hand so lett
millionar stjernor tett i tett,
med du sov i natt,
med du sov?
Lufti er so god og rein!
Kraft og helsebot for livsens mein!
Soli renn, drys gull paa skog og vang,
gjorde lang-reis hit med ljos i fang,
med du sov i natt,
med du sov.
Tru og bliv i Krist,
i det sanne vin-tre som den grøne kvist!
Stilt skal Herren ein gong alt um-snu,
myrker um til ljos og engle-bu,
med du sov i natt,
med du sov.
Helt utrolig hva du kan finne! Diktet er lest og arkivert for senere bruk. Prøvde å google på han, men det var lite jeg fant - noen salmer.
Så flott at du fann denne songen. Me song eit vers då eg gjekk i småskolen, men eg ser at læraren vår nok har blanda litt. Nå skal eg ta utskrift av rett utgave. Takk!!
Vakkert - og heilt nytt for meg!
Er inne på Haugesund Bibliotek og får opp:
Norsk songbok for skule, heim og lag av Olaus Alvestad
Skolens sangbok : med metodisk rettledning for undervisningen i sang og musikk av Mads Berg
Så interessant! Godt gjort!
Dette diktet likte jeg. Hadde vært fint om man visste hvem forfatteren er.
Det er eigentleg ein liten song eg lærte i småskolen for MANGE år sidan. Kanskje han sto i ei lesebok...
Fint dikt.
Det fikk meg til å til å tine litt opp i mitt heller kjølige forhold til kong vinter.
-Men bare litt ...