Har du sans for britisk krim, må Elizabeth George sine bøker om Thomas Lynley og Barbara Havers anbefalast. George er amerikansk, men bøkene er erke-engelske. I stilen liknar ho på P.D. James og Agatha Christie, men i bøkene finn ein også mykje som minner om Ruth Rendell sine psykologiske krimromanar.

I bøkene syner forfattaren fram, via hovudpersonane Lynley og Havers, dei psykologiske trekka som finst i ulike menneske og korleis og kvifor menneske kan drepe. Dei to er eit fascinerande par: Detective Inspector Thomas Lynley er aristokrat, rik, Oxfordutdanna og veltalande. Detective Seargent Barbara Havers kjem frå ein fattig arbeidarklassefamilie i aust-London. Trass i desse motsetningane, arbeider dei godt i lag, og dei har gjensidig respekt for kvarandre. Saman og kvar for seg nøster dei opp i lause trådar.

Elizabeth George sine bøker har naturleg nok litt varierande kvalitet, men er jamt over både intelligente, velkomponerte og spennande.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg trur at eg ein gong har vore borte i minst ei bok av Elizabeth George, - ganske lenge sidan så eg hugsar ikkje så mye av innhaldet. Når du seier Lynley og Havers, minnar det meg om ein krimserie på TV. Kan det stemme? Eg har vore ein stor fan av Ruth Rendell, har lese alt ho har skrive som er omsett til norsk. Eg har vore spesielt fascinert av outsider-personane i bøkene hennar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det stemmer, BBC (som vanlegvis er dyktige på krimseriefronten) har produsert 6 sesongar av serien 'The Inspector Lynley mysteries', dei fleste episodane er så vidt eg veit synt på NRK i 2009-10. Sidan eg er så stor fan av Elizabeth George, såg eg fram til denne TV-serien, men vart skuffa. Slik ein ofte blir skuffa av filmar der ein har lese boka på førehand.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Delvis enig med deg. Serien var god nok, men hovedpersonene, spesielt Barbara Havers, stemte dårlig med det bildet som bøkene gir. (Samme problem som alltid når litteratur skal gjøres om til film).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enig. Både Havers og fleire av bipersonane (Lady Helen og DC Nkata t.d.) var heilt "feil".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailaritaolineIngrid HilmerTine VictoriaKirsten LundAlice NordliEgil StangelandBeathe SolbergHegeBente NogvaTine SundalsiljehusmorsomniferumLene MCathrine PedersenDolly DuckConnieTor-Arne JensenKristine LouiseRonnyGeir SundetHanne Kvernmo RyeBjørg L.Torill RevheimWenche VargasRufsetufsaSigrid Blytt TøsdalKristinVannflaskeIngunnJEli HagelundRandiAPär J ThorssonPer LundElisabeth SveesveinLeseaaseKaren PatriciaHeidiStine Sevilhaug