Eg hører med til dei som ennå les og diskuterer Don Quijote her på Bokelskere, sjølv om eg ligg litt etter den opphavlege planen for bind II. Men dette skal gå! For lenge sidan skreiv eg i eit innlegg at eg i august 2010 hadde ei førelesing om korleis eg har brukt Don Quijote og andre verk frå den spanskspråklege verda i norskklassene mine. Pga. tekniske problem i don Quijotes heimland har ikkje dette vorte publisert før i dag, men nå ligg artikkelen min saman med andre innlegg (om heilt andre ting) ute på nettet. Dei som vil sjå korleis Cervantes har inspirert unge skribentar til å dikte vidare, kan unne seg å leite litt i artikkelen min.
Viser 1 svar.
Så bra - takk skal du ha. Jeg har vært nedsnødd i vurderinger i det siste, så jeg falt av Rocinante ei stund. Løper etter snart :)