Av forfattarbiografiar liker eg - nest etter Peter Ackroyds Shakespeare. The Biography - best dei bøkene som Geir Kjetsaa skreiv om russiske forfattarar. Boka om Lev Tolstoj las eg for elleve år sidan og hugsar enno drivet, linjene, vurderingane og det personlege grepet om stoffet: Ein sjeldan kombinasjon av fagleg integritet og språkleg liv.

Eg har òg opplevd Kjetsaa som førelesar - ja, nettopp: Han las stilistisk sikre manuskript om utvalde sider ved dei russiske forfattarane. Heldigvis rakk eg å rose han for både form og innhald. Han takka og inviterte meg til samtale på kontoret. Dette vart det aldri noko av; han vart sjuk og døydde. Men det vitskaplege arbeidet lever vidare til glede for elskarar av Tolstoj og andre av dei store.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Og ikke nok med det, han har skrevet forord i mange romaner av ulike russiske forfatter til glede og nytte.
Skal snart i gang med biografien av Gogol, oversatt av nettopp, Geir Kjetsaa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg har lese alle, men eg har ikkje fått registrert dei ennå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLinda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo Rye