Eg har komme godt i gang, heldigvis. Eg har ingen sekundærlitteratur om The Pickwick Papers, men ein treng vel ikkje slikt for å slå fast at vi i kap. XIII møter parodi på det politiske livet i England på Dickens si tid, med valkamp og krangling mellom partiorgan, og med ikkje få parallellar til vår eiga tid. Landsbyen heier Eatanswill, og det er partia Blues og Buffs som står mot einannan. Dette med namn som illustrerer eigenskapar går jo att i boka; her ikkje minst gjennom Mr Smorltork og all forvekslinga som oppstår gjennom feil bruk av namn i kap. XV.

«Fine newspapers they were» står det om avisene, men sanninga er vel helst det motsette. Og når den eine av redaktørane seier om avisa si «I have never pointed the noble instrument which is placed in my hands, against the sacred bosom of private life», er det ikkje vanskeleg å trekkje linjer til ei fersk sak frå heimlandet til Dickens nettopp om pressa.

Visse sider ved litteraturen får vel òg sitt gjennom den parodiske «Ode to an Expiring Frog»; eg såg ein frosk i Jotunheimen her om dagen, men han hoppa i beste velgåande – «damn my straps and whiskers».

Jo, dette er fin humor med snert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 4 svar.

I min oversettelse heter de to partiene De Blå og De Brune - det siste stusset jeg over. Er de ubehagelige assosiasjonene "de brune" i dag gir, i tråd med Dickens intensjoner? Jeg får ikke inntrykk av det, selv om vi ikke får vite noe særlig om hva noen av partiene egentlig står for.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fargen "buff" er gulbrun på engelsk, så slik sett passar det bra. På Dickens si tid hade jo ikkje fascismen oppstått ennå, så slik sett er både forfattar og omsetjar unnskylde. Parti har frå gammalt av hatt fargar; det veit eg frå bysantinsk historie, men det var vel ikkje før Hitlers stormtroppar begynte å marsjere at vi fekk brunskjorter og dermed begynte å knytte denne fargen til fascismen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg er klar over dette, men stusset likevel litt over oversettelsen :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, så klart. Heldigvis! Men Norum har jo historisk og språkleg sitt på det tørre. På engelsk ligg jo "Buffs" og "Bluffs" tett opp til einannan, da, særleg når vi har med "l" i "Blues", så det kan jo hend eat Dickens ville sparke litt ekstra til slagorda i valkampen ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Karen PatriciaVannflaskeGladleserTorill RevheimNina M. Haugan FinnsonIngunn SCatrine Olsen ArnesenSigrid Blytt TøsdalRisRosOgKlagingJakob SæthreHeidi LBjørg L.Ann EkerhovdKirsten LundHeidi BBHarald KSiljeJarmo LarsenBerit RNinaTanteMamieAnne-Stine Ruud HusevågsvarteperNicolai Alexander StyveBård StøreAlice NordliAnniken LEmil ChristiansenSteinar HansenToveTor-Arne JensenEileen BørresenMarianne  SkageBenedikteMartinEster SRufsetufsaBjørg RistvedtVariosaCecilie69