Ingen av kollegene på Valen psykiatriske sjukehus oppfatter Andor Skorpen som anna enn ein høgst ordinær hjelpepleiar, ein stillfarande mann med aukande måne og ei bergensfrue som løyser kryssord. Men Andor drøymer om å bli forfattar ein vakker dag. På nattevaktene skriv han djupsindige dikt. Men han får det ikkje riktig til – kanskje han ikkje har hatt det vondt nok? Difor tek han til å ønskja at det store førebiletet hans skal bli innlagt på Valen igjen.

Omlag kvart femte år vert den diktaren han set høgast lagt inn på avdelinga hans. Det er Andor som er den faste kontakten hans, det er han som legg pasienten i reimar, og det er han som går turar med diktaren etter kvart som han frisknar til. Men hjelper diktaren sine råd Andor til å bli ein ordentleg diktar sjølv, så gjerne han enn vil?

Boka er fortald frå Andor sin ståstad – i byrjinga med eit stivt og pompøst bokmål. Og det er nett her problemet ligg, viser det seg: i språket. Først etter kvart, når Andor vågar å kasta av seg det han sjølv trur er ”det rette språket” og slår over i dialekt og nynorsk, byrjar han få til noko.

Romanen ”Slepe rundt på døde dyr” er først og fremst ei bok om kunstnardraumar hos ein som nok har lengten, men ikkje eig den kunstnarlege kapasiteten som skal til. Det er mindre ei bok om Olav H. Hauge. Eller er det noko av Andor i Ola’en…?

Hans Sande er spesialist i psykiatri ved sidan av å vera forfattar. Ei fin bok som mange vil kjenna seg heime i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anette SRavnEster SStig TMalinn HjortlandAud- HelenHeidi BTheaTuridmajaBente L.RufsetufsamgeTor Arne MyklebustSilje-Vera Wiik ValeRolf IngemundsenTherese HolmMarianneNsveinTheresesiljehusmorTor Arne DahlKirsten LundCecilie69Ingunn SNtotheaCathrine PedersenWenche VargasAkima MontgomeryBjørg Marit TinholtReidun SvensliAnn ChristinBente NogvaIngunnJChristofferJohn LarsenSynnøve H HoelGrete AastorpChristin SillibakkenMalinG L