Einig i at dette er ei herleg bok! Ein blir gripen frå første side. Vi får litt etter litt eit bilete av ei mor som levde for at familien hennar, - ja, andre òg -, skulle ha det godt. Men det går ikkje opp for dei før det er for seint, kor viktig ho har vore i livet deira, og nå angrar dei på korleis dei har vore mot henne. To av stemmene vi høyrer er skrivne i 2. person, ein i 3. person og mora sin stemme i 1. person. Litt forvirrande heilt i byrjinga, men det fungerte etterkvart fint. Dette er ei fin og tankevekkjande bok, som nok vil sitje i lenge. Anbefalar henne på det varmaste!
Viser 1 svar.
Jeg er enig i at de ulike fortellerstemmene var litt forvirrende. Det burde jeg faktisk ha nevnt i min bokomtale. Ellers synes jeg selve fortellerstilen gjorde boka ekstra rørende. Det hele ble så nært.