Jeg har lest dikt av ekteparet "Vesaas" og må bare innrømme at jeg setter Halldis Moren Vesaas mye høyere enn ektemannen... Her får dere et nydelig kjærlighetsdikt fra diktboka "Lykkelege hender" (1936).
Eg kviskrar ditt namn i den store natt
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn,
Men natta er mørk som før.
Mitt sinn er ein loge avdi du er til
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.
Ustanseleg gir eg, berre med det at eg er,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før.
Halldis Moren Vesaas
Viser 1 svar.
Har diktsamlinger fra de begge, men liker Halldis Moren Vesaas best jeg også. Flott dikt du har valgt fra henne.
Her kommer et fra mannen Tarjei som jeg syntes er fint:
Vi stod ei natt om våren
framfor eit ore-tre.
Der skar vi inn med kniven
to namn i raude ved.
Og seint om sommarkvelden,
i sæterstoga sval,
vi skreiv med kol på veggen
tvo namn og årsens tal.
Når isen la om hausten
på logne Venetjønn,
vi skreiv tvo namn derutpå
med kalde skeisejønn.
Om vintren kom i lunden
ein stein av mørke grjot.
Eit einsleg namn er hoggi der
og lyser Gud imot.