Det finst eindel bøker ein aldri sluttar å lesa. Bibelen er eit nærliggjande døme. Men for å halda oss litt meir på jorda - bøker ein aldri sluttar å lesa kan vera så mangt, alt frå små diktsamlinger som vert lese i filler, eller romanar ein stadig vekk vender tilbake til - eller, som oftast, større verk som det tek tid å lesa, som ein treng lang tid på å lesa, tenkja gjennom og fordøya. Eller - som i andre tilfelle - bøker ein kanskje ikkje VIL bli ferdig med så snart.

I bokhyllene mine har eg fleire slike bøker som eg stadig vekk les i: Cervantes, Montaigne, Holberg. Eller faglitterære verk som Musikkens verden (no er me tilbake til metaforen med Biblenen att) - eller som Alberto Manguels ruvande bok om lesingas historie. For også lesing har si historie, ikkje berre den skrivne litteraturen.

Ein del år tilbake i tida var det ein ven av meg som strevde hardt med å bli forfattar. Du kjenner kanskje typen, han levde med ein draum og byrja på det eine mislukka manuset etter det andre, inntil han til slutt kom til den erkjenninga at forfattar ville han aldri bli. Den innsikta førte til ein endå viktigare erkjenning hos han: "Eg vil heller bli ein god lesar," sa han.

Og det vart han. Då han diverre døydde så altfor tidleg let han etter seg eit flott bibliotek, han hadde vorte ein mann som tok lesing på alvor, nærast som eit kall. Me høyrer jo om forfattarkall, men lesarkall? Sjølvsagt eigde han også eit eksemplar av lesingas historie.

Men til saka: Alberto Manguel har skrive den ultimate boka om lesingas historie - ikkje om skrivekunst eller litteratur, men om det å lesa. Som alt anna kan det også gjerast til ein kunst, eit fag, eit livsinnhald. Men først og fremst noko me i vår tid og vår del av verda treng å kunne. Slik er det ikkje alle stader - og slik har det ikkje vore.

Manguel har skrive ei personleg bok - dette er også hans lesehistorie. Emna for kapitlane seier stort sett sitt: Om å lesa skuggar, dei tause lesarane, minneboka, om å læra å lesa, om å lesa bilete, om å bli lest for, formen på boka, privat lesing. Det skulle kanskje vore endå eit kapittel: om å lesa digital tekst, som du gjer no - tekst på pc-skjermen, på eit lesebrett, på mobilen.

Lesingas historie er mangslungen. Den strekkjer seg fleire tusen år tilbake i tida, frå lesinga av skrift på steintavlar til skrift på pergament - og til våre dagars papir. Då seier det seg sjølv at det å lesa stort sett har vore ein kunnskap for dei få. Til for ganske nyleg. Lesingas historie vert såleis også historia om kven som las. Og kva dei las. Og måtar å lesa på. Å lesa innanåt, eller å lesa høgt.

I puberteten gjorde Manguel ei viktig oppdaging. Han sat og bladde i eit leksikon og kom over ein artikkel om forplanting og sex, med tilhøyrande illustrasjonar - han vert brennheit av skam fordi faren sit berre eit par meter unna. Men så skjønar han det - faren kan ikkje sjå kva han les! For det å lesa er som regel ei svært personleg, for ikkje å seia intim, sak.

Lesingas historie er også religion. Tenk på Bibelen, Koranen. Toraen. Og politikk. Tenk på Kapitalen, Wealth of nations. Litteratur har lesing som ein føresetnad. Lesing er kort sagt så mangt. Og så mykje. Og Alberto Manguel si lesingas historie har det meste. Nei, alt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Harald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempett