Denne bolken er eit mellomspel før den lange “novela del Curioso impertinente”, historia om den frekke nysgjerrigperen (det er mykje diskutert kvar denne novella stammar frå – og eg har lurt mykje på kva funksjon ho har i romanen). Men no har vi att litt før vi kjem så langt:

For meg er delane med dQ og SP dei største, så det er berre fint at andre morer seg mest over dei talrike andre innslaga. Vi held vel i alle tilfelle med Dorotea i at ho kan spele jomfru i naud – “la doncella menesterosa” – betre enn barberen. Då ho og don Quijote – “la flor y la nata de la gentileza, el amparo y remedio de los menesterosos, la quinta esencia de los caballeros andantes” (kremen av høfleg framferd, vern og støtte for alle i naud, den beste av alle vandrande riddarar) – møttest, gav ho gangaren sin av pisken, står det: “dio del azotea a su palafrén” – også dette er ein parodi, seier han som gav ut den spanske DQ-boka mi, Luis Andrés Murillo:

Rollefiguren Dorotea, seier han, viser nemleg ei ny side ved parodien til Cervantes. Som heltinne i ei sentimental historie, om kvinna som vart krenkt av den mannen som ho gifte seg med, blir ho no med i den oppdikta historia til soknepresten og barberen, i det ho speler rolla som jomfru i naud i riddarromanane. Denne tvikløyvinga hevar parodien til Cervantes opp til det forteljartekniske planet som på engelsk heiter wit og på tysk Witz, held Murillo. Vidd, m.a.o., eller åndrikdom.

Så er det vel slik, då. Vi ser altså at det no er Doroteas tur til å lure “el Caballero de la Triste Figura”. Når ho seier at ho ikkje heilt hugsar namnet hans, men at det skulle vere noko slikt som Azote eller Gigote, siterer Luis Andrés Murillo ein annan ekspert, som seier at det franske ordet gigot tyder “bein” (eg vil leggje til: “lammelår” eller “-steik”), og at det her er tale om låret; det spanske ordet quijotes tyder lårskinnet på ei rustning, og det er vel dette som namnet på helten vår kjem frå.

Og denne helten vår går frå nederlag til nederlag. For det fyrste viser det som Sancho Panza fortel om reaksjonane til Dulcinea – “aquella reina de la hermosura* (denne venleikens dronning) - at forskjellen mellom don Quijotes imaginære univers og verdsens reelle kjensgjerningar står ved lag: Der dQ opererer med ein “olor sabeo” (sabeo kjem av Saba, ein del av “Det lykkelege Arabia”, som var kjent for røykjelse og andre godlukter (seier Murillo) – no kom eg på Thorkild Hansens bok Det lykkelige Arabia), viser kjensgjerningane at det berre er snakk om vanleg sveitte. Og der han tidlegare redda Andrés frå mishandling, ser vi no at gjetaren fekk det langt verre etter at dQ greip inn for å redde han. Verre og verre. Eg er forresten einig i at det er bra at vi heldigvis fekk sjå poenget med denne episoden.

“¿Qué se me da a mí que mis vasallos sean negros?” spør don Quijote: Kva har det å seie for han at hans undergjevne er – ja, kva seier vi i dag? Grønvold og Kjær har jo “negre”; er Worren meir politisk korrekt? Og kva skriv han, i så fall? Kor tolerant vår mann er her, er ikkje så lett å seie – han meiner jo at desse negros kan fraktast til Spania, “donde los podré vender”, der han vil kunne selje dei. Eg har ikkje sett meg inn i korleis dei afrikanarane som ikkje var arabarar og berbarar, vart sedde på i Spania; don Quijote set ikkje spørsmålsteikn ved menneskehandel, i alle fall. Dét gjorde faktisk dronning Isabel; ho meinte at spanjolane i Amerika ikkje skulle ta urfolket der som slavar, men her støtte Columbus seg på paven, som sa at Bibelen ikkje nemnde “indianarar”, og dermed var dei ikkje som vanlege folk å rekne. Misjonæren Bartolomé de las Casas vart ein ihuga motstandar av å ta urfolket der vest som slavar; kva han sa om dei afrikanske slavane, veit eg ikkje. Aftenposten hadde forresten som overskrift då det fyrste toget kom til Bodø, i 1962, at “neger var med”, så her, som på ein del andre område, går menneskeætta sakte fram etter don Quijote (i dag kan sonen min, som er afroamerikanar frå Colombia, reise utan avisoppslag, berre med nokre ekstra kontrollar på flyplassane, må vite). Som altså har planar om å selje dei – “por negros que sean, los he de volver blancos o amarillos”. Dette er eit ordspel, ikkje så lite rasistisk, heller, ettersom dei han snakkar om, kan vere så negros, “svarte”, dei berre vil, for han skal gjere dei om til blancos y amarillos, altså “kvite og gule”, dvs. til pengar av sølv og gull.

Her er fleire ordspel. Denne lisensiaten - el licenciado - spør kvar Dorotea har tenkt å føre dei – “¿hacia el [reino] de Micomicón?” Til kongeriket Micomicón? No har det seg slik at på spansk er mico ein liten ape med lang hale, og ape, seier ein kommentator som Murillo siterer, er symbol på sensualitet, som Dorotea skuldar seg sjølv for å ha rota seg bort i i forteljinga si. Denne kommentatoren heiter Janson og har fordupa seg i emnet Apes and ape lore in the Middle Ages and the Renaissance. Ingen fagidiot, med andre ord; han har studert både mellomalderen og renessansen ut frå denne synsvinkelen og gav ut boka si emnet i 1952. Det vanlege spanske ordet for “ape” er mono; det dekkje både hanndyret mono og hodyretmona, så ein gong eg saman med ei som heiter Mona skulle undervise ei skoleklasse i Den dominikanske republikken om heimlandet vårt, måtte Mona presisere at namnet hennes ikkje var det same som mona. Elevane lo.

Og så blir det vist til fleire ridderromanar: Don Cirongilio de Tracia kom ut i 1545, seier Murillo, under tittelen Los quatro libros del valeroso cauallero don Cirongilio de Tracio … hijo del noble rey Eleofrón de Macedonia, según la escrivio el celebre hystoriador suyo Nouarco en la lactura Griega y promusis en la Latina, trasladada en nuestra lengua Española por Bernardo de Vargas …, Felixmarte de Hircania (Primera parte de la grande historia del muy animoso y esforçado príncipe Felixmarte de Yrcania y de su estraño nascimiento) frå 1556, av Melchior de Ortega, har vorte nemnd før, under diskusjonen om bokbrann, og Historia del Gran Capitán Gonzalo Hernández de Córdoba, con la vida de Diego García de Paredes. Ja, vi får jo ein heil diskusjon om andre bøker, til og mede i tilvisng til den andre delen av Don Quijote: “Poco le falta a nuestro huésped para hacer la segunda parte de don Quijote,” seier Dorotea til Cardenio – verten manglar lite på å kunne spele don Quijote i andre delen. Verten trur jo faktisk på desse bøkene!

Noko eg ikkje heilt skjønner, er det uttrykket som skal beskrive kva ry denne riddaren vår har, “no sólo en España, pero en toda la Mancha” (ikkje berre i Spania, men i heile la Mancha, som er den delen av Spania som don Quijote kjem frå). Vi ville jo ha ordlagt oss omvendt, då, med Spania før la Mancha …

Som regel er Sancho Panza han som leverer ordtaka (eg har begynt å registrere dei), men Dorotea slår til med at ein ikkje bør feste seg ved småtteri mellom venner, “con los amigos no se ha de mirar en pocas cosas”. Don Quijote siterer seg sjølv; i kap. XX (i mi utgåve) sa han det same som her, at folk ikkje har kontroll over spontane reaksjonar: “los primeros movimientos no son en manos de los hombres”. Men eg ser no at Murillo gjer oss merksame på at dette faktisk er ein allusjon til eit verk som eg har nemnt tidlegare, La Celestina, der det står “Que assí como el primer mouimiento no es en el mano del hombre; assí el primer yerro” (her blir òg den fyrste feiltakinga som vi gjer, innlemma i det som vi ikkje har herredømmet over, takk og pris). Ein annan allusjon er når dQ seier at han skulle oppsøkje herren til Andrés, “aunque se escondiese en el vientre de la ballena” – om han så gøymde seg i kvalfiskens buk (Jon 2,1).

Sancho står på si side for nok ei forveksling; han kallar fyrst Dulcinea for sobajada señora (ei dame som er rørt ved, teken på eller tukla med), og så rettar han det til soberana señora, ei makelaus eller eineståande dame. Dette er jo artig, det – og Grønvold og Kjær slår til med forveksling mellom berørt og berømt - glimrande, heilt i Cevantes’ ånd! Vidare slår SP fast at “un diablo parece a otro” (den eine djevelen er den andre lik) og at éin fugl i handa er betre ein éin hauk i lufta: “más vale pájaro en mano que buitre volando”. Her legg han til at for den som har noko godt og endå vel noko dårleg, ikkje blir hemna, same kor mykje han blir sint (“porque quien bien que se enoja no se venga”). Men her, seier Murillo, tek ikkje SP med den siste delen: “Quien bien tiene y mal escoge, por mal que le venga no se enoje” (Den som har det godt og vel det vonde, blir ikkje sint for det vonde som hender han).

Den handlekraftige riddaren seier sjølvsagt “en la tardeza dicen que suele estar el peligro”, folk seier at det bruker å liggje fare i å nøle. Så derfor kastar vi oss, utan å vente, over neste bolk – “y lo además allá se avenga”: Og elles får det altså gå som det vil.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Utrolig hvor mye du har funnet ut :) Du spør hvordan Worren omtaler disse vasallene - han bruker faktisk ordet vasaller... "Qué se me da a mí que mis vasallos sean negros?" Worren er slett ikke mer politisk korrekt enn Grønvold og Kjær: "Hvilken rolle spiller det for meg at vasallene mine er negre?". Så er jo ikke dQ og SP særlig politisk korrekte i denne saken heller. Og en oversetter skal vel reflektere deres syn på det, ikke nåtidas redsel for å bruke begrep. Fint eksempel du trekker fram der - det går da heldigvis framover.

Worren oversetter sobajada/soberana señora med storvektige/stormektige frue, ganske fiffig den også, men Grønvold og Kjær er vel nærmere den originale forsnakkelsen.

Takk for oppklaringa av Micomicón :) Trodde det handlet om mi-comic-ón jeg, artig det også da...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

WOW, her var det mye interessant :)
Dette innlegget må jeg lese gjennom et par ganger til for å få med meg alt :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det må nok eg òg, hadde eg nær sagt. No har det seg slik at eg -etter å ha drive med spansk språk og litteratur frå slutten av 1980-åra - tok spansk grunnfag til jul i 2010. No vil eg gjerne ha ein pause frå studeringa, men så førte dette prisverdige initiativet frå annelingua til at eg liksom kan studere likevel, utan å ha som press at eg skal ta eksamen, berre lese for å nyte og lære, så derfor nyttar eg høvet til å skaffe meg mest mogleg bakgrunnskunnskap om verket (for Don Quijote høyrer til eit meir avansert plan av spanskstudiet enn det som eg har skaffa meg papir på til no). Eg er veldig, veldig glad for at alle de andre merker dykk og kommenterer andre sider ved det enn dei som eg sjølv fyrst og fremst er ute etter, for dermed får eg det nyanserte synet som eg er ute etter. Så stå på!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skjønner at du har dybdekunnskap om dette :) Regner med at alle andre her også setter pris på dine betraktninger og forklaringer :)
Jeg er helfrelst på DQ og er så glad jeg oppdaget denne skikkelsen her inne :)
Vet allerede nå at DQ har satt evige spor. Det vil være umulig å glemme han og hans eventyr :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaIngebjørgalpakkaIreneleserAvaSynnøve H HoelLinda NyrudMarit HåverstadKarin BergHarald KJulie StensethLene AndresenPer LundKirsten LundelmeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVariosalillianerNikkaAnne Berit GrønbechBookiacG Lingar hTatiana WesserlingSolveigHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikStein KippersundGodemineSolTorill RevheimHeidi LDaffy EnglundMarianne MEvaTone HEivind  VaksvikLyriaFriskusenFrode Tangen