Eg er veldig einig i det du skriv – for meg er Skråninga absolutt eit meisterverk! Hoppa i tid er meisterleg gjennomført, og gjer at ein som lesar både blir nysgjerrig og fenga av historia. Tittelen er svært passande for boka; her møter vi eit menneske som er fanga inn i ein spiral på veg nedover mot tragedie, utan moglegheit til å hoppe av. Hovudpersonen sklir først sakte og etter kvart raskare nedover skråninga..
Dette er ei vond bok å ta inn over seg. Eg har lest både boka og skodespelversjonen, og har sett ei av oppsetjingane. Eg kjente meg sint ved kvart møte med verket: det er faktisk slik at omsorgssvikt og overgrep til stadigheit skjer, utan at nokon av dei som veit grip inn. Tenk så mange liv som kunne vore annleis om fleire hadde gjort noko, sagt i frå om det dei veit om det som skjer rundt om i heimane til folk.. Tiller seier noko viktig om kva som kan skje når vergelause ungar ikkje får den hjelpa dei treng, og på den måten er boka også ein viktig samfunnskritikk og eit must å lese for alle dei som arbeidar med ungar.
Viser 2 svar.
Einig Anja. Eg som jobber litt med "sinte, unge menn" ser dette titt og ofte. Kor destruktiv ein kan verta når ein sjølv sjeldan har opplevd omsorg og kjærleik. Berre den måten foreldra snakker om og med kvarandra på når dei omtalar andre menneske er eit tankekors, - for oss alle.
Enig med dere både når det gjelder skakkjørt ungdom og språkføringa. Skrivemåten er manisk, og jeg vet ikke om jeg har lest noen bok som til de grader har reflektert sinnstilstanden til hovedpersonen ved hjelp av språkføringa.