Sinnsykt: skildring av et sykt sinn.

Fæl: Det stikker innvendig.

men

God: fantastisk sammensatt historie, meget godt skrevet!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Nemner noko som eg ikkje finn i dei andre trådane om denne boka (11 stk..); nemleg den måten Tiller fortel sjølve historia på. Hovudpersonen hopp i tid og stad heile tida, - utan avsnitt. I starten er det litt frustrerande, men etterkvart så ser ein at overgangane til dei ulike periodane er så genialt skildra og ein (eg) les saktare og saktare for å få med meg spranga. Og på denne måten så får Tiller fram korleis alt heng saman med alt. Hendingar i barndomen som verkar inn på korleis hovudpersonen ter seg som ungdom og vaksen.

Måten boka er skreven på gjer at ein ikkje vert tilskuar, men deltakar i historia. Det tykjer eg er det mest fantastiske med denne romanen. Ein kjem inn under huda (eller inn i hovudet) på personen og er til stades under kvar einaste destruktive hending.

At dette er en debut er ikkje til å tru! Ein annan tråd nemner ein overdreven bruk av ordet freista, noko eg ikkje har lagt merke til, men kanskje skuldast det at eg er van med å lesa/skriva nynorsk? Nokon undrar seg og over at Tiller ikkje nyttar namn (på alle unntatt det vesle barnet han stol; veslejenta med namnet Oddvar), men yngstesonen, eldstesonen, dei populære gutane osv. Men det viser vel berre kor oppmerksam Tiller er på bruk av verkemidler, og kvifor denne boka på alle måtar er ei "annleis" bok.

Eg ser at fleire her har høyrt boka som lydbok, då vil kan hende dette med manglanda avsnitt når ein hopp i tid og stad ikkje vera så synleg? Eg veit ikkje, men mi omtale gjeld papirbok. Eg har med vilje ikkje skive noko om sjølve handlinga i boka, det kan ein lese i bokomtala, men inntrykka eg sit att med må eg berre få ut! Eg ser at Tiller er historikar samt musikk- og låtskrivar, - dei tekstane der skal eg sjekka ut!

Eg er imponert. Denne boka las eg etter Innsirkling 1 og 2, - og sjøl om dei bøkene og er veldig bra, - denne boka eit meisterverk!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er morsomt at du nevner hvordan "hoppingen" mellom skildringene kanskje oppleves på lydbok, fordi jeg i begynnelsen trodde at cd-spilleren sto på "shuffle", altså at sporene kommer i tilfeldig rekkeføllge. Det ble etterhvert som hos deg; man blir vant til det og venter i spenning på å returnere til de forskjellige historiene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er veldig einig i det du skriv – for meg er Skråninga absolutt eit meisterverk! Hoppa i tid er meisterleg gjennomført, og gjer at ein som lesar både blir nysgjerrig og fenga av historia. Tittelen er svært passande for boka; her møter vi eit menneske som er fanga inn i ein spiral på veg nedover mot tragedie, utan moglegheit til å hoppe av. Hovudpersonen sklir først sakte og etter kvart raskare nedover skråninga..

Dette er ei vond bok å ta inn over seg. Eg har lest både boka og skodespelversjonen, og har sett ei av oppsetjingane. Eg kjente meg sint ved kvart møte med verket: det er faktisk slik at omsorgssvikt og overgrep til stadigheit skjer, utan at nokon av dei som veit grip inn. Tenk så mange liv som kunne vore annleis om fleire hadde gjort noko, sagt i frå om det dei veit om det som skjer rundt om i heimane til folk.. Tiller seier noko viktig om kva som kan skje når vergelause ungar ikkje får den hjelpa dei treng, og på den måten er boka også ein viktig samfunnskritikk og eit must å lese for alle dei som arbeidar med ungar.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Einig Anja. Eg som jobber litt med "sinte, unge menn" ser dette titt og ofte. Kor destruktiv ein kan verta når ein sjølv sjeldan har opplevd omsorg og kjærleik. Berre den måten foreldra snakker om og med kvarandra på når dei omtalar andre menneske er eit tankekors, - for oss alle.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Enig med dere både når det gjelder skakkjørt ungdom og språkføringa. Skrivemåten er manisk, og jeg vet ikke om jeg har lest noen bok som til de grader har reflektert sinnstilstanden til hovedpersonen ved hjelp av språkføringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er akkurat ferdig med denne nå. Hørte den på lydbok. Rett og slett fantastisk! Grusomt fantastisk.

En bok som kommer til å sitte i meg lenge. Tanken på at dette er en historie som er sann for mange gjør vondt.

En av de beste bøkene jeg har lest på lenge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila