Anders Johansen har skrive ei bok om eit emne som angår oss alle saman - døden. Eit ubehageleg emne. Den som seier noko anna kan neppe snakka sant. Døden har ikkje berre med døden å gjera - døden har også i høgaste grad med livet å gjera, dagar og veker og månader som ubønhøyrleg tikkar mot den tida då det tek slutt. For med døden tek alt slutt. Livet mitt opphøyrer å eksistera, det er vanskeleg å fatta det - men i den augneblinken ein døyr vert ein vekke, ein vil ikkje vita at ein har eksistert, du finst rett og slett ikkje. Såleis vert det einaste du har det levande livet, her, no. Dette livet som heile tida svinner.

Det er i det minste utgangspunktet for Anders Johansen, som er ateist og ikkje trur på noko form for eksistens etter døden. Og dermed vert tanken på døden også ein bitter tanke.

Boka er forma som ei verkeleg skildring av ein mann som har kort tid att å leva. Han vil så gjerne fortelja om livet sitt, få skrive noko som han kan etterlata til slekt og vener. Dermed vert hjelparen hans også involvert i dette prosjektet. Dei må begge berre godta at verda held fram etter dei som om ingenting har hendt.

Anders Johansen er ein skribent som likar å undersøka dei emna han skriv om. Han har tidlegare skrive om m.a. tid. Og tid har mykje med livet å gjera, og noko å gjera med døden. I små kapittel undersøkjer han vår oppfatning av døden, både sin eigen og andre sin.

Boka vekte for alvor i meg vissa om at eg skal døy. Når eg skriv dette, har eg noko slikt som 10 - 15 år att å leva med den helsa eg har i dag. Det kan henda eg vil leva etter det, men då vil livet mitt sannsynlegvis vera meir fysisk innskrenka enn no. Gjennom livet mitt har eg fleire gongar vore i livstrugande situasjonar - men eg har eigentleg aldri teke det inn over meg. Tvert om, eg sat att med ei kjensle av at eg var uovervinneleg.

Denne boka fortel meg at eg ikkje er det. Døden sigrar til slutt. Å døy vil seia det same som verdas undergang, skriv Johansen. Med det meiner han at det bokstaveleg tala er verdas undergang for den som døyr, for då vert verda borte og ingenting finst meir. Ingenting. Som menneske er du eit vilkår for alt som er. Når du døyr, forsvinn alt. Verda, slik den har blitt til for deg gjennom eit heilt liv, med alt kva den inneheld av menneske og stader, vil bli utsletta.

Som med dei andre bøkene eg har lese av Johansen - til å bli klokare av. Men mest av alt ein vond og skremmande tekst. For døden - dette å gå katastrofen, verdas undergang, i møte, skremmer meg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

JBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima Montgomery