Eg har som sagt bestemt meg for å gjere opp status ein gong i månaden:

Hovudbøkene mine er for tida Winnie Mandelas En del av meg selv, om kampen mot apartheid i Sør-Afrika, og Henrik Werelands Skabelsen, Mennesket og Messias, eit hocudverk i norsk litteratur, og Cervantes’ Don Quijote, som eg har stort utbytte av å repetere saman med lese- og skriveglade bokelskarar Dette initiativet skal Annelingua ha stor takk for!. Samtidig driv eg alltid med ei bok innanfor religionsvitskap, akkurat no tekster av Martin Luther.

Og ettersom eg driv så mykje med litteratur, les eg meir teori enn eg gjorde før; no er eg nettopp i gang med antologien Moderne litteraturteori.

Vidare prøver eg å få ei stille stund etter oppvasken der eg fyrst les nokre sider i Thomas Manns Buddenbrooks, deretter litt i Platons samla verk på norsk (for tida bind 7) og så litt i Henrik Ibsens Kejser og Galilæer.

Er eg på treningsstudio (to til tre gonger i veka), går ettermiddagstur (fire gonger i veka) eller (ein sjeldan gong) arbeider i hagen, har eg med mp3-spelar, og akkurat no går det i andre bindet av Tolstojs Krig og fred. Når eg køyrer bil aleine, har eg alltid på ei lydbok, og i lydbokverda er eg no i Venstre hånd over høyre skulder av Selma L. Aarø. Interessant å lytte til!

Elles har eg ein del faste innslag, så langt det lèt seg gjere:

På måndagar har eg ei lita økt med Markusevangeliet i ei tospråkleg utgåve av Det nye testamentet (gresk og engelsk). Teksta er ganske lett å lese på gresk, når ein fyrste er inne i språket og kjenner innhaldet frå før, men eg slår opp alle formene for å kunne arbeide så presis som mogleg.

På tysdagar bruker eg nokre minutt på Aeneiden, der eg i lang tid framover kjem til å halde meg til bind 1. Eg bruker to utgåver, både Loeb med prosaomsetjing og ei anna ei med kommentarar. Det er så artig å ta seg fram i latinen! Så logisk og systematisk!

Onsdagar set eg av til nokre få gloser i Pusjkins novelle “Пиковая Дама” (“Spardame”). Her går det sakte, men det går framover. Cesare Paveses La bella estate tek eg i detalj på torsdagar, mens eg på fredagar driv med italiensk grammatikk i verket In italiano 2. Laurdag og sundag ser eg på spansk grammatikk.

Kvar sundag, i ei stille stund etter skogsturen og middagen, les eg nokre sider i eit stort verk som det danske forlaget Sfinx har gitt ut, redigert av Øystein Hjort: Arven fra Byzans. Det omfattar alle moglege tenkjelege sider ved det bysantinske riket, og kjem ekstra godt med no som eg repeterer Henrik Ibsens Kejser og Galilæer i “Henrik Ibsens skrifter”. Eg kan derfor trygt seie at eg i bokverda er ganske godt plassert i Bysants.

Skulle eg måtte parkere og sitje og vente i bilen, tek eg fram ei bok som eg har liggjande der. No er dette Humaniora – en innføring. Denne boka bruker eg å ta med meg om eg lyt sitje meir enn to minutt på eit venterom.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Det kan ikke være tvil om at du er en bokelsker, KjellG :o)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Jeg har en plan" sa Egon Olsen. Det har du også ;)

"Bøker er de stilleste og mest trofaste venner, de er de mest tilgjengelige og kloke rådgivere, og de mest tålmodige lærere". Charles W. Eliot

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Håper likskapen med Egon stoppar der. Det som Denne Eliot seier om bøker, kan eg nesten slutte meg til - kona mi er meir trufast og mykje klokare, men ikkje så stille og på ingenmåte så tålmodig. Men eg er gladare i henne enn i bøkene, ja.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du godeste! Jeg er helt imponert! ;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal seie du les planmessig og strukturert! Er storleg imponert! Mykje interessant stoff. Men det verkar som om di veke har fleire timar enn vanleg, - med alt du rekk....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er dette ég trur òg, altså at eg har så mange timar, men i praksis blir det berre få sider per time. For tidsfaktoren er konstant. Og no framover lyt eg erklære unntakstilstand fordi eg skal lese heilt andre ting i samband med eksamen. Då blir det mykje tørr lektyre, ispedd smil over det eg håper er ufrivillige språkblomar frå kandidatane si side. Eg skal ta att dei tapte timane til sommaren.

På den andre sida tener eg inn ein del tid ved stort sett aldri å sjå på fjernsyn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Hilde VrangsagenJarmo LarsenReidun VærnesAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPernille GrimelandKjell F TislevollTorill RevheimLisbeth Marie UvaagTurid KjendlieIngeborg GRisRosOgKlagingLinda NyrudKirsten LundmarvikkissiljehusmorTralteAmanda AToveVanja SolemdalKaramasov11RandiLilleviBerit B LieGroLars MæhlumGodemineHarald KBerit RSolStig TElin Katrine NilssenBerretMariaTanteMamieRufsetufsaBeathe SolbergPiippokattaJulie StensethDaffy EnglundGitte Furuseth