Reklamen var såpass at eg starta å lytte med forventning. Eg "las" boka som lydbok. Tidleg lurte eg på om det var stemmane til kvinnene som las som irriterte. Men trur ikkje det. Det var noko med orda, det omstendelege. Tema er svært viktig, men eg trur ikkje på historia. Little Bee er 16 år og den 16 åringen er på kanten av å vere truverdig. Det er deler av boka som har tendensar til godt stoff, men altfor mykje som er for usannsynleg. Og slutten,nei, den kan eg jo ikkje skrive om for de som ikkje har lese boka.
Viser 6 svar.
Eg òg las LIttle Bee som lydbok. Ikkje noko "feel-good-bok" akkurat. Mykje tragisk her. Forfattaren Chris Cleave, journalist, tilbrakte fleire dagar i eit asylmottak, der han fekk høyre mange hjarteskjærande historier. Desse inspirerte han til å skrive ein roman. Han meinte dette ville fengje meir enn ein reportasje.
Det blei ei sterk historie, men etter mi meining blei det tidvis noko "over the top". Ikkje alltid like truverdig. Vi får stemmene til Little Bee og Sara. Litt artig å høyre på Little Bee sine refleksjonar, mens Sara fenga meg ikkje. Ho verka overfladisk og naiv.
Boka har fått blanda kritikkar. Eg set henne litt under midt på treet.
Eg må sei meg enig med deg. Eg hadde aldri trudd at eg skulle oppleva ei bok om dette temaet som kjedeleg, men det skjer svært lite i ho. Hovudteamet skal vera om Little Bee og flukta hennes, men i staden handler den om ei rik kvinne i England. Kan ikkje heilt sjå kva det har med ulovleg invandring å gjer.
Det var akkurat det jeg syntes når jeg leste den. Ville hørt mye mer om flukten og hva som skjedde på veien, ikke om samvittigheten til Sarah, eller det utenomekteskapelige forholdet hennes. En tynn bok med karakterer som ikke er troverdige.
Likte godt ideen til boka, men dette ble for dårlig gjennomført. Godt den var så lettlest at det ikke tok mange timene å fullføre.
Oi, etter denne omtalen skal jeg helt klart ikke prioritere denne. Om tematikken interesserer kan jeg anbefale Ismael Beah - En bedre dag i morgen i stedet, så får du en bok som engasjerer, er fra virkeligheten og er god.