2021
Favoritt!
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad møttest på ein omsettarverkstad i 2012. Der tolka dei kvarandre sine debutdiktsamlingar til respektive svensk og rumensk, utan å beherske den andre sitt språk. Trado er eit framhald av samarbeidet deira. Her er originalen ein konsekvens av omsettinga, i eit dikt om arv, forræderi og kjærleik, der to stemmer blandar seg og bytar plass. Trado kom ut i Sverige og Romania i 2016 og er sidan omsett til polsk og dansk.
Sindre Andersen har gjendikta Cârstean frå rumensk til bokmål, medan Ida Hove Solberg har gjendikta Farrokhzad frå svensk til nynorsk. Den midtre delen av Trado, som Cârstean og Farrokhzad har forfatta saman, har Andersen og Solberg samarbeidd om for å skape ein versjon som ber i seg alle kjeldene og begge målformene.
Svetlana Cârstean er fødd i 1969 og bur i Bucure.ti. Ho er poet, journalist og omsettar. Debuterte med Floarea de menghin. i 2008 (på svensk som Skruvstädsblomman, 2013). I 2017 kom Tyngdekraft (Gravita.ie, 2015) ut på H//O//F, gjendikta av Sindre Andersen. I 2021 kom samlinga Sînt alta.
Athena Farrokhzad er fødd i 1983 og bur i Stockholm. Ho er poet, dramatikar, omsettar og lærar ved Biskops.Arnös forfattarskole. Debuten Hvitverk (Vitsvit, 2013) kom på norsk i 2015, gjendikta av Tina Åmodt. I 2019 gav ho ut samlinga I rörelse.
Sindre Andersen er fødd i 1982 og bur i Oslo. Han er poet, kritikar og omsettar.
Ida Hove Solberg er fødd i 1987 og bur i Oslo. Hen er ph.d. i omsettingsvitskap, kritikar og gjendiktar.
Design ved Eller med a.
Forlag H//O//F
Utgivelsesår 2021
Format Heftet
ISBN13 9788284170145
EAN 9788284170145
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 133
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket