The Sorrows of an American. Eg fann Når du ser meg og kjøpte denne, like etter at eg hadde lese ho på engelsk. Det er ingenting i tittelen som tilseier at det skal vere same boka...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så kjekt at du likte den. Eg har kjøpt ho, men eg har ikkje begynt på ho ennå.

Elles kjem eg ikkje på nokon i farta. Eg trur eg må tygge litt på denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pan og Victoria er mine favorittar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg liker den måten å fortelje på. Det er veldig typisk tida før realismen, særleg 17- og 1800-talet. Eg har nettopp lese fleire av Nathaniel Hawthorne sine noveller, og eg blir veldig fascinert over forskjellane i forteljarmåten nå og då. Den veiledande forteljaren, som vi finn i eldre litteratur er jo heilt borte nå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tvinga meg gjennom Ringenes Herre, bare for å finne ut korleis det gjekk. To år seinare begynte dei på filmane og eg skjønte at heile leseuthaldenheita mi hadde vore bortkasta. Det blir litt for mange slagscener og detaljerte beskrivelsar av korleis kartet ser ut, for min smak...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Åh, eg blei veldig gripen av det poetiske og sterke språket i The Road. Eg syntest det var ei grusom og fantastisk bok på ein gong! Det med dialogen som du peiker på, synest eg er ei av boka sine styrker, fordi det viser fram korleis dei kommuniserer mangelen på kommunikasjon.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg er einig både angåande What I loved og The Blindfold og Sommeren uten menn. Sistnevnde blei eg oppriktig skuffa over. Men Når du ser meg synest eg var ei veldig god bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bare lese Enke for et år, og eigentleg konkludert med at Irving er oppskrytt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Av alle bøker og artikler jeg har lest om feminisme og likestillingsproblematikk opp gjennom årene, er dette den klart mest potente og årsakssøkende. Mendel-Enk er ikke nådig i sin beskrivelse av menn, og ser på problematikken med veldig ensrettede briller. Men det er er nettopp det som gjør boka så bra. Jeg er lei av kvasi-intellektuelle liksom-akademikere som skal forstå seg i hjel på kvinner, menn og samfunnet - uten at det resulterer i noe konkret. Mendel-Enk kaller en spade for en spade, og er ikke redd for rope det høyt fra hustakene. Han er den første som virkelig har gitt meg nye impulser og tanker om temaet. Boka anbefales på det sterkeste.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg bruker programmet "Evernote" til slikt. Det er superfint og kan lastast ned gratis her: http://www.evernote.com/. Du har det liggjande på maskinen du vanlegvis bruker, kan ha app på mobil i tillegg og så kan du logge deg på via web, dersom du er på ein annan maskin.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trudde ikkje det, men nå seier Marianne over at det går likevel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Med "i teorien" meinte eg at eg ikkje har prøvd det ut - det var derfor eg lenka til deg ;)

Veldig kjekt at det går an å konverte kindlebøker til Epub! Supert at du har tatt deg jobben med å finne ut av dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, Kindle-bøkene er ikkje kompatible med andre lesarar. Det er det som irriterer meg med Kindle/Amazon-konseptet. Men Reader støtter ePub (mest brukt i andre bokhandlarar) og pdf. Eg har kjøpt ganske mange av mine bøker frå bookdepository.co.uk, også har eg prøvd ut Bokskya som er heilt ubrukeleg.

Grunnen til at valet falt på Sony sin Reader er at han har blekkskjerm (som kindle) og dermed kan brukast i sterkt lys. At han scorar høgt på batterilevetid og at han er sakleg prisa. Han er også veldig brukarvennleg.

Ulempa er at han ikkje kan koblast til trådlaust nett. Men det gjer ikkje meg så mykje å laste ned bøker via macen min (eg er eigentleg Apple-fan).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har endt opp med å kjøpe Sony Reader PRS350, som eg er veldig fornøgd med. Eg var usikker på den eller Kindle, men eg endte opp med Sony, fordi eg ikkje liker å binde meg til eit firma som har monopol.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg var veldig redd for dette før eg begynte å studere litteratur. Eg var redd for at eg ikkje skulle kunne slappe av med ei god bok, utan å analysere ho i stykker. Men i ettertid har eg ikkje sett at verktøya eg har fått har blitt ein klamp om foten som øydelegg lesargleda.

Det hendte eg opplevde det, då eg las skjønnlitteratur som var pensum. Blant anna hugsar eg at Amtmannnens døtre var ei bok eg sleit med å komme gjennom. Mykje fordi at forelesaren vår hadde gått grundig inn i namnesymbolikken og psykoanalystiske analysemåtar, ein modell eg kanskje ikkje vel å bruke sjølv. Det same gjeld Dalen, Portland, kor eg heller ikkje hadde noko god lesaroppleving. Kanskje mest fordi eg skulle rekke å bli ferdig før forelesning, og ikkje tok meg god nok tid. Eg er usikker.

I ettertid har eg vore veldig oppteken av å vektleggje det umiddelbare, opplevinga av lesinga (dette skreiv var også hovudfokuset for masteroppgåva mi). Det hender sjølvsagt (særleg når eg les lyrikk) at eg stoppar opp og tenker gjennom korleis eg sansar teksten og korfor eg oppfattar sanseinntrykka teksten gir på den måten eg gjer. Men eg opplever i langt mindre grad enn eg hadde frykta, at dette er ei belastning for meg. Eg les på to ulike måtar, når eg driv med hobbylesing og når eg driv med analyse. Men i dei tilfella eg skal jobbe ytterlegare med ein tekst eg har lese, det vere seg i undervisningssamanheng, i bloggen min eller i eit meir seriøst artikkelformat, har eg ei verktøykasse som det kan vere nyttig å anvende.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du kan kjøpe dei same bøkene til kindle som til andre land. Ulempa med Kindle er at han har eit eige format, som ikkje er støtta av andre nettbokhandlarar enn amazon. Dermed reduserer du moglegheita for å handle i ulike bokhandlarar, ved å kjøpe Kindle. (Andre lesebrett kan brukast i alle butikkar utanom Amazon).

Det finst også program som gjer at du (i teorien) kan konvertere frå eit format til eit anna. Eg veit at KindleJoy i Ebokhylla mi jobbar med å finne utav slike ting.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tusen takk! Nå funka det :D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ah, Bjørnson! Eg skulle ønske eg levde på den tida. Eg skulle ønske eg kunne følgje samfunnsdebatten då han var aktiv. Det må ha vore tider, det!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det du seier om livsløgna er interessant. Eg trur vi har like mange livsløgner nå, men at dei er annleis som du seier.

Og det er kanskje noko i det med storheitstid og dekadanse. Blir vi blaserte av å ha den fridommen vi har? Og er vi i stand til å ta ansvar og forvalte den fridommen vi har? Eg er einig med deg i at vi ikkje vil tilbake til den puritanske moralen. Men av og til tenker eg på alle kampane som har blitt kjempa, for at vi skal ha den fridommen vi har, og korleis vi forvaltar han. Eg trur ikkje heilt vi er i stand til å sjå kor godt vi har det, alltid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var kanskje det eg hugsa vagt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudKristin71Odd HebækRoger MartinsenJarmo LarsenBente NogvaIngvild STanteMamieSigrid NygaardAnniken LTorPiippokattaHarald KKirsten LundLene AndresenHeleneErlend Rødal VikhagenRisRosOgKlagingWilliam BillisonMonaBLBeate KristinEivind  VaksvikTone HDemeterTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin Fjellheim