Eg kan skrive under på både Paasillinna, Loe og Niemi!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg også! Denne er kjempefin!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er med på Don Quioute-samlesing. Kva slags tidsperspektiv snakkar vi om, her?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg les gjerne svensk, så eg har ikkje sjekka. Eg har ikkje fått tak i den finske og den samiske boka, ellers trur eg eg fekk tak i mesteparten på eit lesbart språk - men for meg inkluderer det som sagt svensk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje lese 2 ennå, men første boka er veldig god, i alle fall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les for tida Stalins kyr av Sofi Oksanen, og både denne og Utrensking av same forfattaren presenterer sterke, tragiske menneskeskjebnar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg begynte det ambisiøse prosjektet å skulle lese alle dei nominerte før i dag, men eg kom ikkje heilt i mål, så eg har fleire av dei bøkene liggjande. Eg har lese Blues från ett krossad världshus og halve Vågen, sistnevnte var litt i overkant sær, sjølv for min smak. Eg kjem nok til å lese En dåre fri, enten ho vinn eller ikkje -eg er veldig nysgjerrig på den boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har bare lese Familien på Gilje og eit utval noveller, og eg er vel strengt tatt ikkje overbegeistra. Men det kan jo hende han har mykje å komme med. Nå er eg ikkje så begeistra for Collett heller, sjølv om eg absolutt ser at ho var viktig i si tid og ettertida. Kanskje eg skal gi Lie ein ny sjanse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, og Lie har vel ikkje akkurat vore epokegjerande, dersom vi ser kven som framleis blir lesne. Eg har av og til inntrykk av at Lie sine tekstar blir tekne med i lærbøker og antologiar bare fordi han er ein av Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg meiner å ha lese at det var knytta til den generasjonen, og at det er derfor Hamsun er halde utanfor. Men eg har ikkje nokre sikre kjeldar å slå i bordet med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viss du leitar etter diskusjonar om bestemte tema, kan du trykke på fana "diskusjoner" også bruke søkefeltet der - då får du opp lenkar til det som er sagt om desse emna eller i dette tilfellet forfattarane.

"De fire store" er Ibsen, Kielland, Bjørnson og Lie, som AnjaE også skriv. Dette er ikkje eit vedtak om at desse fire er dei viktigaste og største forfattarane i norsk litteratur. Det er snarare eit uttrykk for at desse fire - som jo er samtidige - var store skikkelsar i kulturlivet då dei var aktive og skreiv. Hamsun er mykje seinare, så hold han utanfor.

Det er viktig å hugse på at alle historiske omgrep er konstruert i ettertid av tilbakeskuande historikarar. Derfor er ikkje uttrykk som "dei fire store" eller "realismen" eller "modernismen" absolutte storleikar. Dei er eit resultat av eit forsøk på å systematisere eit uoversikteleg materiale.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For all del - eg blir underhalde av å lese bøker (og dei må ikkje vere "tunge") - og behovet for å bli underhalden er ein av grunnane til at eg ikkje gidder lese så mykje krim, fordi eg opplever dette som ein sjanger som (med nokre unntak) repeterer seg sjølv i stor grad. Men å lese er mykje meir enn bare underhaldning. Å lese er som du seier noko som tilfører meg noko. I kveld har eg sett to episodar MadMed på dvd. Det er underhaldning for meg. Å lese er mykje meir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå har eg bare lese Halvbroren, halve Beatles to gonger og Enke for et år, men det kan høyrast ut som om du har rett i at det er noko av same greia med alle dei merkelege familieforhalda og raringane - og at dei to har litt samme stil. Eg får i alle fall ikkje heilt tak i kva som er "greia" med verken Christensen eller Irving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er norsklærar og eks-litteraturstudent.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Don Quiote er utruleg morsom, det er satire på høgt nivå!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er kanskje noko sant i det du seier der. Coelho er nok eit godt eksempel, og Hamsun også. Sjølv om eg aldri hadde trudd eg skulle seie at dei to har noko til felles, nokon gong.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tror det er en stund til middagen kommer,hehe. Avbestillingen går ikke ut på lenge.

Bare dette utsagnet, tatt ut av kontekst, blir rimeleg absurd.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bokklubben sender jo ikkje nødvendigvis ut boka på lanseringsdato, dei sender ut bøker med passande mellomrom. Og leseeksemplar kjem som regel på lanseringsdatoen, så ein får det sjeldan før butikkane har dei, uansett.

Eg trur eg melder pass, når det gjeld konkurransen. Lesekondisen min er litt laber nå for tida, eg slit litt med at eg bare sovnar når eg prøver å lese (det er slik i periodar på grunn av medisiner). Men eg kan vere heiagjeng.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg går i meg sjølv og ser at mitt inntrykk av desse forfattarane er ei grov forenkling av verkelegheita. Men det er litt rart, for de er dei første eg høyrer om som har eit både-og-forhold til desse tre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den hylla bak disken der, er favoritthylla mi, trur eg :) Takk for tips - Granta skal undersøkast.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundHarald KNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter