"Proaktiv" minner meg bare om sånne superpedagogar som snakkar om proaktiv adferdsregulering. Ja, hest er fælt. Og bjørk, men eg overlever kvar vår med å knaske piller, så det går sikkert an å bli fulltidspilleknaskar og overleve ein katt også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg slit litt med katten, den hadde eg ikkje fått med meg. Noterer haugar og lass med allergitablettar og augedråpar til innflyttingsfesten. Elles er eg einig angåande slikking på fingrar, og har eit tillegg når det kjem til eseløyrer og bruk av smussomslag som bokmerker. Også liker eg ikkje fløte, for det smaker fløte. Men eg tar gjerne jordbær med skumma melk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg synest dette "bookish"-aspektet og denne psykologismen og nærleiken til kulturhistoria blir litt påtrengande og kunstig, og det er derfor boka ikkje er ei av mine favorittar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

The curious incident.. er ikkje viktigare enn Rolandskvadet. Ikkje i det heile tatt.

Takk for lenge til digitale utgåver. Eg sitter akkruat nå og forsøker å finne ut korleis eg skal få dei over på lesebrettet mitt.

Du må bare henge deg med i skravlinga. Det er rom til fleire i kollektivet - det bare blei sånn, den kvelden.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg fann svar i FAQ-tråden (korfor er eg så dårleg til å søke?)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jepp!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå er i alle fall brettet ferdig lada og kjøkkenbenken rein og fin.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg liker også kokte egg, medan eg aldri har skjønt poenget med å spise eggedosis. Eg bruker riktignok sånn pipeklokkealarm når eg koker egg, viss ikkje blir det feil. Og egg skal vere hardkokte. Men bare akkurat passe hardkokte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tips. Eg fann den moderne oversettinga til 130 på Libris, men eg synest det er litt mykje å betale for ei bok eg allereide har (på grunn av oppussing, ligg bøkene for tida lite tilgjengeleg i pappesker). Eg har funne ho på engelsk, men då trur eg kanskje 1916-norsk er minst like bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Absolutt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finst ho haugar og lass med gratis ebøker på engelsk! Nesten alle penguin-classics bøkene er gratis på bookdepository! Eg kan laste ned bøker, medan eg venter på ladinga. Hurra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg pleier også gjere det når eg har ny mobil. Eller når eg skal koke tevatn. Det varierer veldig om det fungerer eller ikkje. Vatnkokaren har eg eit inntrykk av at blir treigare, bare på trass.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så kjekt at du vil vere med!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det kom i posten allereide i dag. Nå sitter eg å stirrer på det, i håp om at det skal lade seg opp fortare, viss det kjenner på at det blir beglodd. Det kan hende eg skal gjere noko anna, eit par timar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litt avhengig av hvilken liste man går utifra har jeg lest en 60 - 70 bøker. En bok i måneden høres helt perfekt ut for min del.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt! Nå har eg endeleg fått somla meg til å skrive litt om boka også. Det var ei bok som måtte fordøyast. Bloggomtale her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pensum har visst forandra seg ganske mykje på dei siste 7-8 åra. Men lista ser såpass spennande ut, at det kan hende eg kan komme til å bruke ho til å oppdatere meg, så takk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Les boka ferdig, du. Det er stadig meir håp mot slutten. Anna åpner seg for folk rundt seg og boka blir lysare.

Viss du synest Stalins kyr er for mørk, trur eg ikkje eg vil råde deg til å lese Utrensking. Ho er minst like mørk. Sjølv synest eg begge desse to bøkene er veldig gode, sjølv om dei ikkje akkurat er blant dei mest lystige lesaropplevingane eg har hatt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er ein spennande diskusjon. Eg har nettopp lese boka, og har også gjort meg nokre av dei same tankane. Kontrasten mellom matmangelen på 50-talet og Anna sitt forhold til mat er påfallande.

Det du skriv om Stalin og Anna sin "Herre" er også interessant. Samtidig er det ei innlesing av ein type metafor som veldig fort kan tippe over og ta fokuset bort frå teksten, dersom han blir trekt for langt. Eg tenker at slike paralleller kan vere interessante, på eit nivå, men ein må vere litt forsiktig med å leggje for mykje i dei.

Derfor tenker eg også at det er viktig å sjå denne bulimien for det han er også, ikkje bare som ein metafor. Og eg tenker at denne sjukdommen Anna utvikler, er eit svar på den mangelen av fridom ho opplever i forhold til mora. Det kjem jo veldig tydeleg fram at Anna har eit romantisk forhold til oppveksta i Estland, dei estiske smakane og den estiske kulturen. Det er ein del av identiteten hennar, som stadig blir undertrykka, av mora si redsle for å bli sett på som ei av Stalins kyr. Dermed tenker eg også at Anna sin sjukdom og Anna sin angst for å knytte seg til andre mennesker (sjå bare på forhaldet til Hukka, kor ho ikkje klarer å kombinere personleg intimitet med sex), er eit resultat av dei tabua mora har laga rundt etnisiteten hennar - som jo er ein viktig del av Anna sin identitet. Ho har jo blitt oppdratt til å skamme seg over den ho er og ho har blitt oppdratt til å skamme seg over familien si historie, som jo er så viktig for henne.

Eg har skrive meir om Stalins kyr
her

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg synest ikkje det gjer noko. Det som blir fortald er svært levande. Men boka har eit litt oppstykka preg, og det manglar ei slags samanbinding mellom dei ulike avsnitta. Likevel, det er ei god lesaroppleving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethRoger MartinsenPiippokattaKirsten LundDemeterEivind  VaksvikStig TKristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda APär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettFrode TangenBjørg Marit TinholtKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaske