Walid kom til Norge som politisk flyktning i 1986.

I innledninga, side 8 skriver han blant annet disse ordene:

Dette er min tragedie. Og når eg ser livet passera revy og gjer historia til familien nærverande og tenkjer på Iraks historie i dei siste tretti åra, tenkjer eg at menneskeslekta ikkje har lært noko av historia, og at den teknologiske utviklinga manglar klokskap, visdom og humanisme. Det internasjonale samfunnet er ikkje moge enno. Det liknar på eit barn som har ein sporv mellom hendene sine, pressar han, torturerer han og vrid nakken på han, medan barnet leikar og ler av glede. Slik kjenner dagens flyktningar seg som forlèt Midtausten og vender seg til Europa.

Walid al-Kubaisi har røttene sine i Irak. Farsslekta kom fra Kubaisa, som er en oase vest i Irak, der oldefaren hans en gang skapte et etter datiden velstyrt samfunn.
I denne boka skriver Walid om livet til forfedrene, om sine foreldre, søsken, søskenbarn, tanter, onkler og venner, sin egen oppvekst og om da han måtte forlate Saddams Irak for å søke asyl i et fremmed land.
Det er en svært gripende og sterk historie du får lese om i denne boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det var ein vanskeleg oppgåve å overtyda ein etterretningsmann frå Midtausten om eit demokratisk system med fridom til opposisjonelle meiningar. Eg kjende avmakt og vonløyse. På den eine sida skulda han meg for terrorisme mot amerikanske styrkar i Irak, og på den andre sida mistenkte han det heile som eit vestleg etterretningsopplegg. Han trudde at tilhøva i Noreg er slik dei er i Syria: Alt må styrast av etterretning.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stakkars dei uskuldige i Syria, blodet deira vert nytta til å vekkja politiske draumar. Tyrkia vil retta opp att si store osmanske makt basert på islam, og dei gløymer ikkje å hemna seg på den arabiske nasjonale rørsla som etter den fyrste verdskrigen allierte seg med engelskmennene og franskmennene og kjempa ned den tyrkiske okkupasjonen. Tyrkarane kalla arabarane for landsforrædarar. Det er eit ståande uttrykk den dag i dag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Taksameteret går
Ikke tro at det står
Ikke vei dine valg
på drømmenes vekt
Ikke vent med å elske
til alt er perfekt

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

I dei ustabile sekunda av livet mitt sat eg og tenkte på Syrias historie. Familien som styrer landet, høyrer til alawittene, ei sjiamuslimsk sekt som dukka opp i Latakia kring 1000-talet. Dei vart sedde på av andre muslimar som vantru fordi dei dyrka imamen Ali, profeten Muhammeds fetter som gifta seg med dotter til profeten, Fatima.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi køyrde til den syriske grensa. Her er alt gamalt. Gamle bilar og slitne bygningar. Mange politimenn. Eg fekk den same kjensla som då vi kryssa grensa frå Vest-Berlin til Aust-Berlin. Stalinistisk atmosfære. Du kjenner at du går førti år attende. Politimennene har utslitne uniformer. Åtferda deira uttrykkjer slit og misnøye. Alle frykter alle. Ein del av det menneskelege er fråverande her ved denne grensa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Eg er lei av dette livet. Eg trudde vi vart ferdige med Saddam. No er kvar irakar vorten Saddam.
Godt sagt! (0) Varsle Svar
  • Draumen min er å sjå Saddam liggja på gata, drepen. Han har øydelagt livet mitt. Han har øydelagt moralen, generasjonen og landet!
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Klimaet i Sao Paulo liknar på humøret til Saddam. Uberekneleg, sa Mahir.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Familien min skulle dei neste ti åra få eit splitta tilhøve til Saddam og regimet hans. Men no i 1980 var Saddam Hussein ei stjerne mellom folk. Etter at han nasjonaliserte oljen, vart Irak eit rikt land. Saddam tedde seg som eigar av landet. Han delte ut store summar av inntektene til folket og byrja å byggja popularitet: Han vitja folk heime. Med eitt kom nokon og banka på døra og bad om å få koma inn. Dei opna døra, og der var Saddam!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då eg flykta, var Irak eit anna land. Irakarane dreiv ap med dei korrupte landa i Midtausten. Folk i Irak såg muting som ein leivning frå den osmanske korrupsjonen. På den tida var Irak eit rikt land. Ein trong ikkje korrupsjon, og straffa for slikt var hard.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hyggelig at du er tilbake, Gretemor!
Denne gangen grubler jeg ikke i det hele tatt - her forleden stanset nemlig blikket mitt tilfeldig på ei bok i hylla, og det slo plutselig ned i meg: Den må jeg snart lese om igjen! Og siden det klaffer perfekt med neste lesesirkel-kategori, kunne det vært trivelig med lesefølge.

Det dreier seg om Sara Lidmans Multelandet, utgitt i 1955. En enestående produktiv og engasjert forfatter som dessverre er gått litt i glemmeboka, tror jeg. Fra Bokklubbens presentasjon av Multelandet i 1979:

"Dette er en sentral roman i Sara Lidmans mangfoldige og spennende
forfatterskap. Denne gangen utspiller handlingen seg i hennes eget
landskap, det hun selv kjenner fra sin egen barndom. Stedet er "Øen",
en karrig stripe fast grunn midt ute i det vesterbottenske
myrlandskapet. Her har noen nydyrkere fristet et liv i ussel
fattigdom, og vi møter dem i forfatterens beretning om enkle
menneskers slit, om fornedrelse og livsglede - alt løftet opp på et
høyt plan av beåndet realisme. ( ...) Elendigheten og nøden er
skildret med drastisk åpenhet, men med en djerv humor som forvandler
fattigdommen til menneskelig rikdom."

Handlingen er lagt til mellomkrigstida.

Mitt impulsforslag er altså
Multelandet av Sara Lidman

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Han gifte seg med ni kvinner i laupet av livet sitt, så han skulle få mange born og bøta for den manglande stønaden frå si eiga stamme med eigne etterkomarar. Men han skipa ei stamme for fyrste gong I Irak som ikkje var tufta på slekt og blod.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Området Kubaisi ligg i, var busett av arabiske nomadefolk. I denne store øydemarka rådde stammetradisjonen sterkare enn lovene til sentralmakta. Mange europeiske reisande meinte at lovløyse og kaos rådde i området, men for folk som budde i ørkenen, var det ikke kaos som rådde, men stammelover og ørkentradisjonar som dei kjende og kjende seg trygge med. Men lovene var ikke tufta på den franske revolusjonen. Mange menneske leid under manglane til stammelova.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det verka som om eg hadde hamna på ein annan klote. Denne smilande mannen kunne ikkje vera ein politimann? Eg hadde aldri sett ein politimann som smiler. I mi verd kan ein politimann smila hånleg til meg, men ikkje eit venleg smil.
Ordet «politimann» er eit skjellsord i kulturen og litteraturen vår.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ville at heile dette systemet skulle døy – i staden for å liggja hundreår etter hundreår på dødsleiet og torturera menneska år etter år. Denne verda mangla skaparglede som gjorde at ho var ute av stand til å fornya seg. Denne verda hadde gjort meg sjuk på sinnet – og eg ville forlata henne endå om heile familien min budde her.
Eg kjende med fingeren på eit barberblad som låg i jakkelomma. Det hadde eg alt planlagt. Om dei sende meg tilbake frå Noreg, ville eg skjera over pulsåra, slik at eg kom tilbake til Midtausten att som eit kadaver.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det eine arabiske landet kasta meg utanfor grensene sine, og blod og død møter meg med det same. Kven skal eg venda meg til, kvar skal eg gå og klaga, kvar skal finna ly i eit framandt lanbd, utan ei krone i lommene mine? Eg bad til ud:
«Eg er veik og hjelpelaus under di store makt. Eg overlèt lagnaden min i dine hender. Eg er veik og overflødig i denne verda. Kvifor skapte du meg? Til liding og tortur? Er det dette livet du gav meg og som du er stolt av? Eg er ikkje takksam for denne gåva. Ta henne frå meg. Få meg til å sleppa å ta imot gåva di.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

alpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeKirsten LundAlice NordliChristofferBerit RKjell F TislevollOdd HebækMarianne MEllen E. MartolPiippokattaAnneWangFarfalleMonica CarlsenHeidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FTine SundalPer LundKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid Nygaard