Kvarandre

eg vil stryka deg over håret
eg vil seia til deg
kor mykje eg bryr meg om deg
og så ser eg ei brå redsle
i augo dine
og så smiler vi til kvarandre

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Har vore

ei verd som har vore
og ei verd som er
av lengsle
og av gammal røynsle
tek meg til seg

gamle røyster høyrest
i klage
i glede
i von
i lyst og i sinne

og så dei gamle hendene
som stryk meg over håret

før dei
umerkeleg
trekkjer seg attende

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hun stirrer taust på skjermen. Han stirrer på ryggen hennes. Stua, et stilleben med bortvendt kvinne

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Regnet pisker ned med så stor kraft at det spretter opp igjen når det treffer fortauet, som om vannet kom oppe- og nedenfra.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fortvila omsut

Augo som ser og ser
utan stogg
den store samanhengen
som ikkje kan seiast
og som vert sagt
slik han seiast kan
hakkete
vakkert
meiningslaust
og vanvittig
rundt fortvila omsut
som slår og vinkar
og gjer alt ho kan
for å verna det vakre
det motsette
det skøyre
det kjære

( for Georg Johannesen )

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dette eine.

di stille forsvinn i ein ande
innetter
nedetter
og blir til denne eine tanken
denne eine viljen
denne eine kjærleik
dette eine lys
dette eine

Godt sagt! (7) Varsle Svar

He he.... Ja, det er så selvfølgelig at jeg bare måtte dele det!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Thore Palo våknet med en praktfull morgenreisning, det var som å hilse på en gammel venn han ikke hadde sett på lenge.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

KM i kos.

Utanfor Bergen var det KM i kos,
som opna med hot shots og jubel i Os.
Då startskotet gjekk, fekk kosinga fart,
med store som klemte dei små litt for hardt.

Terje frå Os kom inn i ein stim,
gjekk over streken, vart litt for intim.
Den ivrige Terje heiv innpå ein shot,
og klemte ei jente så fjeset vart blått.

Dagen derpå fall medias dom,
Terje fekk sjokk av all skryten som kom,
om Terje frå Os, ein svært langvaksen gut,
som blant dei under seksten hadde merka seg ut.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En vakker kvinne blir ikke såret når en mann er troløs, hun blir bare forferdet over hans dårlige smak...

Maurice Dekobra

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når det av og til lykkes en ektemann å få det siste ord i en diskusjon, er det som oftest fordi han skal si Unnskyld!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg lytter til Deres synspunkter. De harmonerer ikke med mine. Avgjørelsen er tatt enstemmig.

Charles de Gaulle

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Nydelig...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Banale bilde frå mitt heilt eigne bryllaup.

Ingen ville ha meg,
det var slett ikkje bra,
unntatt meg sjølv,
det skal eg ha.
Eg fridde til meg,
då gjekk det bra,
for svaret eg fekk,
var eit klokkeklart " ja ".

Det vart borgarleg bryllaup,
det passa i grunn,
for eg og meg
har budd saman ei stund.
Det vart storfest i heimen,
og bryllapsreiseplanar,
men kjærleiken rustar
av inngrodde vanar.

For dagen derpå
kom det tvil i meg,
det heile gjekk gale,
det skjønte då eg.
Eg vart fortvila,
eg vart forbanna,
på meg som gjekk rundt
og var klar for ei anna.

Det vart kjensler og tårer,
eg var deppa og svak,
det vart krangel og husbråk
og skilsmissesak.
Men ingen vil gi seg
og kasta ein klut,
for eg og meg kranglar
om kven som må ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Diktsamling i bokhandlardrama.

Inne i ein bokhandel
ligg eg-ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.

Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
frå ekle " Ord om lykke "
til svære leksikon.

Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
Med Kjærstads nye bok.

Eg ropar til ein kunde :
" Kom og redd meg no! "
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.

Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ingen draumemann.

Eg er ingen draumemann
for deg som stiller krav.
Eg er ein av mange menn,
det finst så mange av.

Eg er slettes ingen draum,
men kun eit substitutt,
mens kvinner går og leitar
og finn mannen sin til slutt.

Eg er regelrett ei trøst
til dei finn draumemannen sin,
og mens dei leitar rundt i blinde,
er det kjekt å steppa inn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Spisskompetanse.

Draumen min, om Anfield Road,
Brann stadion og Neil Mcleod
håpet om ein proffkontrakt,
Wembley, Wembley, pomp og prakt.

Ut på vingen, eg og ballen,
ned på brystet, opp på skallen,
kjapp tunnel, knallhardt skudd,
rett i mål, mitt gjennombrudd.

Jubelrop frå Store stå,
Publikum vil ikkje gå,
opp i vêret, eg vart helt
og "Kongen av det grøne felt".

Men sakte ser eg verda rakna,
ut av draumen, eg har vakna,
ifrå benken i ein idrettshall,
tysdagskveld, studentfotball.

Ut på vingen, eg og ballen,
latter rungar gjennom hallen,
trakka på kula, så eg fall,
null teknikk, best utan ball.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Julebord i enkeltmannsføretaket.

Bedrifta var samla,
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
Og sjefen var meg.

Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las dikt,
då kosa eg meg.

Sjefen heldt tale,
og skrytet fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.

Etter desserten
gjekk eg frå bordet,
og drog med meg sjefen
inn på kontoret.

Eg såg meg i augo,
kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte,
det er slikt han vil høyra.

Eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
Og fekk sjefen til sengs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Selv om jeg aldri sa et ord til om Auschwitz til min familie, drømte jeg forsatt om leiren. Når man har levd gjennom et slikt helvete, slipper det aldri taket. Slik lukten av krematoriene henger igjen bakerst i nesen min, henger drømmene om Auschewitz igjen bakerst i sinnet, tross alle mine anstrengelser for å skyve dem vekk. Uttalige ganger har jeg drømt om den siste gangen jeg så mor, far og Marta. Ansiktene deres hjemsøkte meg opp gjennom årene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg hadde ein draum,
det var duka for leik,
eg drøymde ein kamp
mot villdyret Mike.
Eg sov, men vart redd,
har knapt boksa før,
men det har Mike Tyson,
så her vart det kjør.

Eg stod der kaldsveitt,
og senga vart klam.
Det song i gongongen,
Tyson spratt fram.
I draumen eg hadde
vart det litt av ei natt,
For i møtet med Mike
prøvde eg å ta att.

Eg sov svært tungt,
og midt i kampen
eg drog til meg sjølv
og nattbordlampen.
Lyspæra rauk,
og der var det straum,
og så tok det fyr
i min boksande draum.

Brått fekk eg støyt,
og no skal du høyra,
eg svartna i trynet
og beit av meg øyra.
Frå boksing og straum
sat eg att med to ting :
skambank av Tyson,
og hår som Don King.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Marit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaske