Denne boka les eg for tida i ganske små porsjonar. Det er fullt mogleg, ettersom dei fleste novellene er ganske korte - 3-4 sider. Og forunderlege. Strengt teke utan konkrete poeng - men likevel, poenga er der, som ein skjør tone som blir verande lenge, lenge... Enkle, lettlesne historier, fulle av undertoner... Ein gammal komponist som snakkar ordentleg vakse til den vesle guten, med respekt, eit møbelkjøp på Ikea, ein mann som vert påkøyrd... Store, usynlege mønstre i det daglegdagse...

Eliasson vart dette året tildelt Nordisk Råds litteraturpris for denne novellesamlinga. Han var også nominert i 2002 for Gula húsið. Den danske avisen Politiken omtala han som ein islandsk Raymond Carver, dvs. forfattar av minimalistisk og konsentrert prosa.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Juleboka mi dette året blir "Else - en julefortelling" av Alexander Kielland, som er ein av hans mindre kjende romanar og den einaste eg ikkje har lese. Boka stod på leselista i fjor også, men då vart det ikkje noko av. Under den slentrande, humoristiske stilen, som i mangt og mykje minner om Dickens, lurer ein beisk historie, som alltid hos Kielland. Det er samstundes ein slags lokalhistorie for meg - dette er eit miljø som det framleis fanst ein rest av då eg vaks opp, med tanter av det betre stavangerske borgarskap som var fødde på slutten av 1800-talet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For tida les Asbjørn Jaklin: "De dødsdømte". Kven var dei 25 mennene som vart henretta etter landssvikoppgjeret? Kva udåder hadde dei gjort - korleis gjekk henrettingane føre seg?

Det er deprimerande lesing, men også befriande på sitt vis. Eg har mislikt den tendensen ein har sett dei seinare åra, til å gløyma og tilgi. Dette skal ikkje gløymast - fordi det kan skje på nytt.

Samstundes gjer det inntrykk å lesa om desse ofte unge mennene, som gjorde seg skuldige i grov og særs rå tortur og mishandling. Dei fleste av dei var studentar eller akademikarar, dei kunne hatt lysande karrierar framfor seg - og så fell dei altså så djupt. Ein skal ikkje gløyma at dei fleste SS-offiserar også var akademikarar - legar, juristar, vitskapsfolk. Altså, ingen garanti for intellektualitet gjer ein til eit godt menneske.

Boka er nøktern, ei god lesaroppleving - trur også at den tek godt vare på det reint faghistoriske aspektet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Få romanforfattarar, om nokon, har prega verdslitteraturen og vestleg kultur meir enn Charles Dickens. Å bevega seg i hans univers er herleg. Men å lesa Dickens på engelsk, som eg gjer no, kan vera ei øving i tålmod. Romanane hans er enorme, med eit mylder av bi-personar og bi-handlingar- det er som eit gedigent vogntog som rører seg sakte i veg 30 km/t. For menneske som er vane med å surfa på nettet, avbroten av stadige distraksjonar, og der ein knapt klarar å halda på konsentrasjon og innlevingsevne i meir enn 5 min. om gongen, kan det bli vanskeleg å lesa Dickens - men ein kan samstundes sjå på det som hardt tiltrengt åndeleg mosjon.

Kort sagt - det går litt trått med Nicholas Nickleby - på engelsk, på Kindle. Heller ikkje ei god gammaldags bokutgåve hjelper. Det er første gongen nokonsinne at eg gjev tapt for Dickens.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne boka fiksa eg ikkje. Det er mogleg det har noko med overføringa til norsk å gjera - men eg trur det er boka sjølv.

Kort fortalt: boka handlar om Lee Harvey Oswald, mannen som myrda president Kennedy i 1963. Nett denne delen av boka som handlar om Lee Harvey Oswald er interessant. Men mesteparten av romanen dreier seg om eit plott iscenesett av CIA-folk for å få rydda presidenten av banen, og der Oswald utan å vita om det blir styrt i "riktig retning".

For det første er det spekulativt. For det andre opplevde eg boka som ganske så tungrodd. Vart lagt vekk då eg var kome halvveges.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rykande fersk samtidspoesi - så avgjort denne: Verden finnes ikke på kartet : poesi fra hele verden / Pedro Carmona -Alvarez og Gunnar Wærness (red.) Forlaget Oktober 2011

Backlist: Den Store lyrikkboken : norske dikt gjennom tidene / i utvalg ved Ivar Havnevik. Dagens bøker, 1998 - ein antologi-klassikar for norske dikt

Poetisk modernisme / redigert av Jon Fosse. Samlaget, 1995 (ligg også på nettet, søk på bokhylla.no)

Framande dikt frå fire tusen år / Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas (red.) Samlaget, 1995. (Finst også på bokhylla.no)

Ein personleg favoritt: Olav H. Hauge: Dikt i umsetjing. Samlaget, 1992

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei som har høve til det i morgon føremiddag (fredag 7. oktober), og som er interessert i debatten rundt e-bøker, bør få med seg eit program på BBC - ein radiodebatt der m.a. den norske leseforskaren Anne Mangen tek del.

Emnet for BBC-programmet er ”Does it matter if children only read e-books in future?”

Programmet går frå 11-12 norsk tid.

Du kan lytta her: http://www.bbc.co.uk/radio4/features/womans-hour/

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det veit eg ikkje, men vil tru det, ja. Men om du lastar ned det gratis programmet Calibre er det inga sak å endra formatet på t.d. epub (som er det "norske" formatet) til Kindle sitt mobi-format.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så langt eg har forstått er det kostnadsfritt å senda via wifi, men det vert lagt til eit gebyr om du sender via 3G. Om du ikkje har 3G på modellen din er det ikkje noko problem - men 3G brukarar kan senda filer gebyrfritt via wifi-nettet (slå av 3G) til @free.kindle.com

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du fått med deg trikset med å senda filer gratis til Kindlen din via 3G? Send fil til namnetditt@free.kindle.com via wifi-nettet (skru av 3G)- då unngår du gebyr

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fleire enn meg har følgd spent med på lanseringa av dei nye Kindle-modellane. No viser det seg at det snarare er snakk om eit større mangfald av Kindlar, ikkje slik at dei nye har kome for å erstatta dei gamle. Faktisk ser det ut for at Kindle Keyboard (den "gamle" modellen) vil halda koken enno ei god stund.

Det vert såleis eit spørsmål om personlege preferansar. Den enklaste nye modellen har ikkje støtte for mp3, dvs. lydbøker, og berre halve lagringskapasiteten og batterikapasiteten sml. med Kindle Keyboard. Til gjengjeld får du brettet for godt under tusenlappen.

Kindle Touch, derimot, har omlag dei same spesifikasjonane som Keyboard. Eg for min del trur eg framleis vil halda ein knapp på den modellen eg alt har, pga. uunngåelige fingermerker osv. på skjermen - som iallfall irriterer meg når eg les. Også denne modellen er billigare enn Keyboard, men er enno ikkje for sal i Europa.

Endeleg har me Fire, som er meir eit nettbrett enn eit reint lesebrett - med alt kva det kan by på av distraksjonar for den som vil vil ha eit brett utelukkande vigd til lesing og evt. lyd. Fire vil nok bli ein seriøs konkurrent til IPad, men vil aldri hamla opp med eit reint lesebrett - også pga. ei batteritid på åtte timar. Keyboard ladar eg ein gong i månaden!

Eg trur lanseringa av desse nye modellane, utan at dei eksisterande modellane dermed vert "avlegse", har vore eit klokt trekk av Amazon. Dei har rett og slett styrka sortimentet av lesebrett og sin posisjon som den leiande formidlaren av e-bøker.

Konklusjon - eg trur eg skal vera mest nøgd med den Kindlen eg har, til mitt bruk - med eller utan wifi eller 3G som standard (sjølv går eg fortsatt for rein wifi, men det blir opp til den einskilde kva behov ein har). Om du, som eg, brukar å ta mykje notat o.l. er Keyboard framleis å føretrekkja, iflg. brukarvurderingar.

Summa summarum, dei nye modellane er meir å sjå på som eit supplement, ikkje som noko erstatning for våre "gamle" Kindler.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så flott! Det er skrive lite om beat-poetane på norsk, men uansett kva som måtte koma trur eg Linda Klakken si bok kjem til å bli ståande som ei påle.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Vinter i Maine" er utropt til ein komande kultklassikar. Det vil jo tida visa - men verdt å lesa, det er ho. Ja, meir enn det, det er ei bok du absolutt bør få med deg.

I det ytre er det ei enkel bok. Men ho handlar om svært mykje - stikkord er sjølvsagt vinter (ikkje ein vanleg vinter, men ein vinter av den verkeleg djupfrosne typen), ein djup kjærleik til ein hund, hemn og skytevåpen, sjalusi - og bøker. Ja, kanskje mest det, når det kjem til stykket - ein elskhug til bøker og særleg Shakespeare, hovudpersonen har ei alfabetisk liste over alle orda Shakespeare konstruerte - og gamle minne, minne om faren og bestefaren som begge tok del i kvar sin verdskrig og lot guten arva geværet fra 1918, ein Enfield som det seinare vart laga eit kikkertsikte til, eit verkeleg førsteklasses våpen.

Ein dag finn han hunden sin skoten på det vesle bruket inne i skogen. Det får han til å finna fram den gamle Enfield'en - og boka vert ein litterær thriller. Om ein einsam mann som lir under tapet av hunden, som kjenner seg forsmådd av ein tidlegare kjæreste - og som lever i si eiga verd, fylt av bøker.

Han blir forbanna på ondskapen i verda - og slår tilbake.

Meir røper eg ikkje. Men det er ei bok du godt bør få med deg. Boka er spanande som ein thriller, poetisk, litterær. Ein komande kultklassikar? Eg fører den på lista.

Godt sagt! (18) Varsle Svar

Betre og betre...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Synd eg for min del ikkje får det med meg, men no har me altså live streaming - det skal eg få med meg...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

kapittel - Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet - starta i går. Ei rekkje forfattarar skal lesa opp og / eller debattera, tusenvis av menneske er venta. No kan du følgja med live på delar av arrangementet via denne linken

Program finn du her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Seth er ein teikneserieskapar frå Canada. Seth hatar moderniteten, han lengtar etter ei nostalgisk fortid, ei tid då alt var annleis og betre - ei tid han ikkje ville levd i sjølv, når det kjem til stykket - men like fullt lengtar han. Etter ei tid då alt var enklare, lettare. Difor kler Seth seg i 50-tals klede, komplett med dress og slips, frakk og hatt.

Ein dag, i eit antikvariat, på jakt etter gamle teikneserieblader, finn han eit gammalt nummer av The New Yorker med ei vitseteikning signert "Kalo". Frå no av vert det nærast å ei livsoppgåve for han å finna ut kven denne obskure Kalo eigentleg var. Det til dei gradar at alt anna nærast vert ubetydeleg for han. Til og med kjærasten.

Boka er teikna i duse grønfargar og er ei hyllest til 50-talets teikneseriar. Det er ei stille verd me rører oss i, ei verd av lengt etter noko som ein gong var, men som eigentleg aldri var der. Som hovudpersonen Seth seier det: "Det er rart. Det er noe ved gamle tings forfall som inngir et dypt vemod over den forsvunne fortiden. (-) Det er forskjellen mellom en forsømt gammel bondegård og en plettfri art deco-lobby. På en måte overbeviser ikke lobbyen deg om gårsdagens virkelighet eller skjønnhet."

Denne boka er ein del av ei større historie i serien "Palookaville". Eg les gjerne resten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I dag gjekk eg direkte frå Egil Skallagrimssons saga på engelsk og norrønt til ein amerikansk teikneserieroman - stor, men påkravd overgang. Rapport frå sistnemnde bok kjem ein av dagane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser du spør vedk. pdf-filer - Når du kjøper ein Kindle får du ein eigen unik epostadresse - dittnamn@kindle.com, el.l. Dermed sender du ein pdf-fil som vedlegg til denne adressa, skriv "convert" i emnefeltet og Kindle formaterer pdf-fila til vanleg mobi-format og returnerer fila via nettet. Dette funkar greitt på min Kindle med kun wifi og er gratis. 6-tommaren er heilt grei - ein 10-tommar blir fort for stor. Noko av vitsen er jo som du seier å stappa Kindle'en i veska.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pickwick-klubben - definitivt naivitet, livsflukt på den eine sida - skjønt, livsglede på den andre. Pickwick-klubben er jo berre til å bli glad av, ikkje særleg mye galt der!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ToveTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacAnne-Stine Ruud HusevågSynnøve H HoelSolDolly DuckPiippokattaAkima MontgomeryMonica CarlsenLilleviHarald AndersenCecilie69Sigrid NygaardRonnySigmundJoannLinnMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenSolveigReidun SvensliIngunn SReadninggirl30Torill RevheimFindusHeidiHilde Merete GjessingEmil ChristiansenTine SundalKari Elisabeth