Eg anbefaler på det sterkeste Vikingskatten-serien av Gunnar Staalesen.
Nå som eg les Tårnet av Uwe Tellkamp og er i ferd med å pådra meg store skader i nakke- og skulderregion av å liggje på ryggen å halde boka si vekt opp framføre meg, skulle eg ønske dei ikkje hadde slutta med det.
Men eg har jo fått lesebrettet mitt nå, så problemet er vel eigenetleg løyst, med tanke på at eg framover kjem til å lese mursteinar i eit anna format enn på papir.
Det er ikkje lenger slik at det er ein del tekster som er pensum på videregående skole. Det er opp til den enkelte lærar å leggje opp eit representativt utval tekstar frå dei ulike periodane, slik at du på VG2 har lese eit utval sentrale tekstar frå norrøn tid til 1870 og på VG3 frå 1870 og fram til i dag.
Når det gjeld "Eivindvig" er det jo veldig Wergelandsk i den forstand at det inneheld mange av romantikken sine sentrale idear og kanskje særleg den guddommelege opphøyinga av naturen, som Wergeland sine dikt ofte er prega av. Men som representant for Wergeland si dikting er diktet langt frå det beste. Viss du skal lese Wergeland, ville eg heller ha satsa på "Mig selv", "Piigen på Anatomikammerset" og "Til Foraaret". "Til Foraaret" passer jo godt på denne tida av året også.
For meg har ikkje lengda noko å seie, så lenge teksten er god på eit eller anna plan. Eg les mykje noveller, og dei kan gi meg mykje sjølv om dei er korte. Men som Hilde S. H. peiker på lenger nede kvir eg meg litt for å begynne på bøker over 600 sider, fordi eg ofte ligg og les, og det å liggje å lese tunge bøker, er ei utfordring. Likevel, eg les dei.
Mumler stille noko om Coelho sin filosofi
Som ein liten digressjon: Det er vel kanskje ikkje noko i vegen med utvikling heller.
Mitt livs største filmoppleving og den kinoturen eg hugsar best, er "Kamilla og Tyven 2". Ikkje fordi det er ein så god film, men fordi det var første gong eg var på kino i heile mitt liv. Eg såg "Kamilla og Tyven 2" om igjen i voksen alder. Det var filmatisk sett ein heilt elendig film.
Er det forresten nokon som har sett "Frida med hjertet i hånden" om igjen i det siste? Eller "Døden på Oslo S"?
Når det gjeld det med press, vil det jo vere heilt opptil den einskilde om det er eit press eller ikkje. Eg har registrert at det er folk her som reagerer veldig negativt på kritikk av bøker dei sjølv liker godt. Og slike reaksjonar, kan kanskje føre til ei oppleving av konformitetspress. Samtidig tenker eg at i eit forum som dette skal det vere rom for å like ulike ting. Som eg skreiv i ein annan diskusjon om same emnet - det at eg liker sjokolade best og mannen min foretrekk potetgull har aldri vore ei kime til konfliktar i ekteskapet vårt. Og vi bør heller ikkje ta det personleg at nokon liker DaVinci-koden og andre ikkje gjer det (eller at nokon liker Edward og andre liker Jacob). Eg vil faktisk gå så langt som å seie at eg håper eg har evne til å gå i meg sjølv og sjå at det er mine haldningar eg må rette på, den dagen eg tar kritikk av ei bok eg liker som eit uttrykk for eit press om å skifte smak eller eit personangrep. Det må vere legitimt å argumentere for ulike saker.
...også går det jo an å seie at dette var ei middels god bok, eg likte ho verken veldig godt, eller veldig dårlig.
Eg er veldig einig. Ein eller annan litteraturteoretiker (eg hugser ikkje kven) beskreiv ein gong litterær kvalitet som ein kombinasjon av faktorar som intensitet, originalitet og kompleksitet. Og det går jo at å tenke at lesaropplevinga var intens, sjølv om boka verken var original eller kompleks. Eller omvent - boka var kompleks, men lesaropplevinga var så langt frå intens at ho var kjedeleg. Og det går an å like nokre aspekt ved boka og ikkje alle.
Eg likte boka då eg lukka ho. Det er jo nettop det som er poenget mitt. Eg liker at ho er spennande og at eg blir oppslukt av romansen mellom Bella og Edward. Men eg liker ikkje Bella og måten ho er framstilt på. Så eg liker nokre sider av boka og misliker andre sider ved boka. Og eg skjønner korfor eg las ho - på grunn av handlinga og spenninga - sjølv om eg ikkje kan fordra den kvinnerolla Bella representerer.
Det går an å seie at eg hadde ei positiv oppleving av å lese ei spennande bok, sjølv om ein ikkje sett boka på topp ti lista si.
Det å seie at ein ikkje skjønner korfor ein likte ting, er noko som er nytt for meg. Der kan eg ikkje svare på korfor folk gjer som dei gjer. Men det kan jo hende dei ikkje skil mellom intensiteten i lesaropplevinga (som ofte gir ei god oppleving der og då) og andre kvalitetstrekk dei sett høgt (for meg, ein truverdig hovudperson). Når ein då begynner å tenke gjennom at hovudpersonen er lite truverdig, vekter ein kanskje det over intensiteten i lesaroppelvinga.
For meg er det stor forskjell på bøker som gir ei intens lesaroppleving (som i og for seg er eit kvalitetsteikn, men ikkje aleine) og bøker som fortel meg noko nytt om verda. Det er to ulike boktyper. Men det er nok dei siste eg hugser best. Og det er også dei det er lettast å sette ord på korfor eg liker.
For meg er det stor forskjell på det å bli oppslukt av ei bok og på det å like ei bok. Eg skjønner ikkje at dette kan vere det same.
Ta Twilight-bøkene. Eg blei oppslukt. Eg las første og andre boka på kort tid, og fordi forfattaren gjer nokre grep som held spenninga, er desse bøkene veldig levande. Sjølv om eg vart fanga av spenningskurva og bladde frå side til side for å finne ut korleis det gjekk, snarast, har eg aldri likt Bella. Eg synest ho er naiv som kaster seg i armane på Edward og eg liker ikkje den kvinnerollen ho representerer. Ho er ikkje ein truverdig karakter, og eg identifiserer meg ikkje med henne. Det sa eg før eg hadde lese ferdig første boka. Likevel las eg New Moon og Eclipse også, for å finne ut korleis det gjekk med dei to. (Etter Eclipse, blei eg metta, men det er ein annan sak).
Det går an å bli oppslukt av handlinga i ei bok fordi boka er spennande og samtidig mislike ei bok fordi ho har dårleg språk eller ein lite truverdig hovudperson. Det er ikkje noko enten eller, her. I alle fall ikkje for meg.
Ok. Det er mulig at dette kommer av at lesedatoene lagres uavhengig av bøker i boksamlingen.
Dette vil si at om du fjerner en bok fra samlingen din etter at du har sagt at du leste den i feks 2011, så fjernes ikke lesedatoen selv om du fjerner boka.
Ahh - nå forstår jeg! (Tror jeg.)
Jeg har til og med klart å gjøre det selv.
Jeg gjorde det ved å klikke lynraskt på "Lagre"-knappen ved datofeltet to ganger, da ble det lagret to lesedatoer.
Er det slik du også har gjort? (Dobbelklikket på lagre-knappen?)
Jeg har nå forsøkt å gjenskape feilen i flere nettlesere, både i windows 7 og os x, men klarer det ikke :-(.
Kunne du forsøkt å gi meg en helt nøyaktig oppskrift på hvordan jeg kan dobbelregistrere en bok selv? Gjerne med lenker til akkurat de sidene jeg må gå til for legge til/endre tilstand
Eg er også veldig glad i Espedal. Men viss du forventer ein episk roman som fortel ei forteljing frå begynning til slutt, blir du nok skuffa. Som Ebba skriv, er bøkene hans personlege og poetiske, snarare enn prosaiske og episke, og han har særpreg. Eg liker det! Men eg veit at det ikkje er alle som liker skrivestilen hans. Imot kunsten og Gå, kunsten å leve et villt og poetisk liv er veldig gode bøker. Eg trur eg må lese dei om igjen snart.
Skal undersøke dette!
Kan du fortelle meg hvilken nettleser du bruker?
Eg har rota litt rundt, og klarer ikkje finne ut korleis eg kan slette ein tråd. Kan du kanskje forklare meg det eller linke meg på rett spor, slik at eg får denne bort?
For å forklare det enkelt: "To postmodernister sitter på en bar og starter en krangel. Den ene påstår at den andre er en nazikuk, men den andre gjør ikke noe vesen ut av det, da de begge vet at språket ikke kan beskrive virkeligheten." Ei litt grundigare utgreiing kan komme om omlag 8 timars søvn.
Bra. Eg er i utgangspunktet einig i at vi skal halde oss til sak og ikkje person, men eg er ikkje einig i at vi ikkje kan diskutere politikk på Bokelskere. Eg forstår ikkje heilt kva som er gale med det, i alle fall i samband med ei slik sak som dette.
Nei, dei er idiotiske. Vi er visst sjelefrendar med serviettsamling og anti-store-bokstavar.