Jon Fosse og Kjell Askildsen (som også er dei to einaste nordmenna som blir nominerte til nobelprisen) fortener absolutt å vere med. Dei to siste er eg usikker på, men kanskje Jan Erik Vold og Dag Solstad. Eller Knausgård.
Artig påfunn Hedvig.
Eg har tenkt litt og kome fram til at dersom det skal kome nokre fleire "4 store" bør desse plukkast ut blant forfattarar som endå lever (og helst endå er aktive). Dette snevrar inn kandidatane litt (og utelukker både Bjerke og Ibsen som eg gjerne skulle hatt på den nye lista).
Etter endå meir tenking (ja tenking er noko eg kan!), satt eg igjen med 3 store forfattarar som eg gjerne ville putte inn på lista:
Jon Fosse, Erlend Loe og Vera Henriksen.
Den fjerde er eg litt usikker på, kanskje Tore Renberg eller Ragnar Hovland.. Men eg klarer ikkje heilt å velje mellom desse så det vert nok berre "3 store" frå meg..
Kan jeg plassere ei bok i flere bokhyller?
Nei, men du kan kategorisere bøkene i flere underkategorier. Dette er mulig via bruk av emneord. Dersom du f.eks. har ei bok som passer både i «Norske klassikere», «Ungdomsforelskelser» og «Fantastiske bøker» kan du skrive inn såkalte «emneord» når du registrer bøkene.
Når du så klikker på emneordet, vil du få opp alle de bøkene som du har lagt inn under den kategorien.
For å finne bøker som tilhører en spesiell kategori: Stå på «din side» og velg «emneord» til venstre i menyen."
Og at eg ikkje finn ut korleis eg skal slette tråden.
Må forresten seie at den Wergeland-Doppler-oppgåva høyrest veldig interessant ut!
Ja, det hender eg er takknemlig for at våre i det minste har vald skule og linje sjølv ;) Men eg har hatt ein runde med novelleanalyse på yrkesfag, nå, og der har eg kjent litt på akkurat det å finne motiverande elementer. Det er ikkje alltid like lett. På u-trinnet har ein vel mykje meir samansette grupper, med tanke på motivasjon.
Men eg har ikkje alltid inntrykk av at dei som skal vidare, har lært gode arbeidsvaner og korleis dei skal jobbe med ting dei synest er vanskelege, før dei kjem til vidaregåande. Også tar vi det for gitt at dei kan slikt, og då ramler dei fort mellom nokre stolar. Eg kjem i alle fall til å jobbe mykje meir med dette frå starten av skuleåret, neste år.
Lars Mæhles "Korea" - lettlest og vakker!
http://knirk.wordpress.com/2011/02/17/korea-lars-maehle/
Jeg må innrømme at jeg ble fanget fra første side og satt oppslukt gjennom bokas femhundre sider. Personene, miljøet og historien er fengende. Svært fengende. Til tider er persongalleriet noe karikert (særlig de slemme venninnene), men det plager meg lite. Til det er personene alt for lette å bli glad i. Dessuten er boka lite forutsigbar egentlig. Jeg ble overrrasket av både personer og handling flere ganger. Det er fint. Plottet er godt og orginalt, og tiden og miljøet Stockett beskriver er interessant.
Jeg har skrevet mer om boka her: http://knirk.wordpress.com/2010/06/02/barnepiken/
Ja, det er en litt drøy slutt - jeg kan være enig i det. Men likevel likte jeg denne boka mye bedre enn den forrige. Jeg liker også Bjørn Beltø selv om jeg får kløe av mannen innimellom. Har skrevet om boka her: http://knirk.wordpress.com/2011/05/12/lucifers-evangelium-tom-egeland/
Så bra!
Ja, denne boka er veldig god.
Eg har lese spin-off-boka til Bengt Ohlsson, Gregorius også, som fortel heile historia frå Gregorius sitt perspektiv. Det er ganske spennande å lese begge desse bøkene. Eg har kjøpt den siste som kom nå for eit par år sidan, som heiter Fru Helga Gregorius også, men den har eg ikkje lese ennå.
Akkurat denne talen har eg ikkje lese, men eg skreiv ganske mykje om Adorno generelt i ein tråd om Jarle Klepp og Adorno nå nyleg. Der finn du i alle fall mange av grunntankane hans, også om lyrikk og samfunn.
Dersom du har anna morsmål enn norsk og ikkje har fulgt ordinær læreplan i norsk på u-trinnet, dersom du har anna morsmål enn norsk og har meldt deg opp til privatisteksamen i morsmål, dersom du har hatt fritak på u-trinnet og dersom du av helsemessige årsaker treng redusert arbeidsmengde. Men det er bare fritak frå vurdering, ikkje undervisning. Og det er i alle fall eg streng på.
Men det er relativt nytt.
Eg har også forstått fritaket slik du skisserer det, som fritak frå vurdering ikkje undervisning. Men eg har fleire med fleirspråkleg bakgrunn, som steilar når eg gir dei nynorsk tekst.
Eg trur ein gjer elevar ei bjørneteneste, viss ein ikkje gir dei utfordringar å jobbe med. Men eg merkar det på mine, at dei ikkje er vande med å gjere dei vanskelege tinga. Heldigvis går det an å slå i bordet med at du går på studieforberedande, og då må du forberedast til studier - og der er det enten eller.
Det stemmer at eg jobber i vidaregåande. Det er første året mitt, så eg har ikkje all verdens erfaring, men eg har inntrykk av at det er stor variasjon på elevgrupper. Dei sterkaste elevane mine takla "Til Foraaret", men ikkje "Skyggen" av H. C. Andersen.
Nå kjenner eg ikkje læreplanen for ungdomstrinnet, men på VG2 og 3 skal tekstar frå norrøn tid og fram til i dag lesast i original språkdrakt. Og vi kombinerer det gjerne med litt språkhistorie, slik at vi får integrert det i tekstlesinga (Gå tilbake til Kingo som vi hadde for to månadar sidan, ser du forskjell på korleis han og Wergeland skriv?). Eg opplever at slike oppgåver gjer språkhistorien lettare for elevane.
Men når tekstane blir for vanskelege (som "Skyggen" viste seg å vere), les eg høgt, medan elevane følgjer med på sine kopier.
I nokre klassar er det ei minste-motstands-veg-holdning, særleg på VG1. Men der har eg for eksempel lese Jon Fosse og jobba ein del med teksten. Det var mykje sukking og stønning, men til slutt trur eg dei fleste lærte ganske mykje. På VG1 kan vi heldigvis slå i bordet med at dei ikkje går på ungdomsskulen lenger, og at dei må tåle å få større utfordringar - og at utfordringane blir større neste år. Men det er mange som kjem frå ungdomstrinnet og som blir overraska over at dei må lese tekstar på nynorsk når dei har fritak. Så eg trur ikkje dei har vondt av litt større utfordringar enn dei får, opp gjennom åra.
Den er morsom!
Eg pleier også ofte bla gjennom "People who bought this also bought..." på bookdepository.co.uk, for å få lesetips. Det er jo heller ikkje eksakt vitenskap, men det er ein morsom måte å få tips til ukjende namn som andre som liker det same som meg, liker.
Det er mange klassikarar som blir rekna som "dameromanar". Det er tradisjon for at kvinner skriv om kvinner og for kvinner, medan menn skriv for begge kjønn. Mange av bøkene som er skrive om og for kvinner, er likevel viktige. Og ein klassikar er vel strengt tatt bare ei bok som er skriven for meir enn ein generasjon sidan og som framleis har stort nedslagsfelt. Så svært mange klassikarar har kvinner som målgruppa si.
Det er litt interessant å sjå på forfattaren sitt kjønn, evt. hovudpersonen sitt kjønn og lesevanar. Ta Siri Hustvedt og Trude Marstein, som er kvinner og som gjerne skriv om mannlege hovudpersonar - eg har eit inntrykk av at dei i langt større grad blir lesne av begge kjønn, enn kvinner som skriv om kvinner. Så sjølv om forskninga seier at dei store kjønnskillene i lesarvanar er i ferd med å løyse seg opp, trur eg det framleis er mange menn som ikkje les kvinnelitteratur.
Om denne tida eller frå denne tida?
Ja, denne skulle eg også foreslå! Ho er veldig fin, både som oppslagsverk og som perm-til-perm-lesing.
Om du ikkje har noko imot å lese på svensk, er Göran Hägg si litteraturhistorie også veldig fin.
"Karens jul" og "Karen" var med på å etablere leseinteressa mi også. Det var så spennande å oppdage korleis ting kunne skjulast i språket, gjennom desse novellene. Som norsklærar merkar eg at vi ofte diskuterer tekstar og seier "Åh, ikkje "Karen", den er så oppbrukt", også gløymer vi gjerne at desse tekstane er nye og ukjende for elevane. Eg trur "dei store" er store av ein grunn, og det er kanskje derfor dei kan lesast om og om igjen.
Eg les også helst på originalspråket, det vil seie norsk, svensk, dansk og engelsk. For tida prøver eg å lese enkle bøker på tysk, for å trene opp tysken min.