Sjå Norsk biografisk leksikon, som snl.no har lenkje til. Sjanger? Dikt er dikt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg trur at SP har ein son og ei dotter. Jo, desse ordspråka er nok systematiserte på spansk i tillegg til engelsk. Eg har sett ei engelsk bok på Bokkilden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva eg synest, har vel lite å seie for andre, som kan få andre opplevingar, og eg tenkjer lite på andres smak. Men for meg er dette ei av største diktsamlingane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The Rum Tum Tugger is a terrible bore:
When you let him in, then he wants to be out;
He's always on the wrong side of every door,
And as soon as he's at home, then he'd like to get about.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg bruker å søke i mi eiga samling for å finne denne typen bøker, men skulle, som du, ønskje at dei kom opp når ein søker i heile bokelskarsamlinga. Du får sende spørsmålet ditt til "Om bokelskere"- diskusjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ska det vara ska det vara Brumenddøl,
Brumenddøl som je er sjøl.
Hæinn kæin godt vara spikjin og flat som ei fjøl,
men ska det vara ska det vara Brumenddøl.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så er eg, etter at dei fleste andre er ferdige, i gang med Martin Chuzzlewit. Vanleg dickensk opning, vil eg seie, med brei bakgrunn og fleire sidetrådar før vi begynner å nærme oss hovudmotivet.

Utgåva mi har mange kommentarar. Eg ser at det alt i andre avsnittet i kap. 1 er ein referanse til 1. Mosebok, der det står om «a murderer and a vagabond» - ingen andre enn Kain og Abel er det tale om når Dickens skriv «It is remarkable that there was, in the oldest family of which we have any record, a murderer and a vagabond». Kommentaren seier at dette er ein referanse til Kain, som drap broren Abel. Ja, det er det. Så kjem det, i kommentaren: «After his condemnation Abel says: ‘I shall be a fugitive and a vagabond in the earth’» (Genesis 4.14; Authorized Version). Men det er, I alle høve etter den nye, norske utgåva, Kain som seier dette (for Abel er sterkt forhindra) i 1 Mos 4,14-13:

Då sa Kain til Herren: ‘Skulda mi er for tung å bera. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.’

Interessant. Interessant er det òg at John Steinbeck henta tittel frå eit vers litt lengre nede, der vi les at Kain busette seg austafor Eden (1 Mos 4,16) …

Å, her går det mykje i pengar! På same måten som kommentatoren, Patricia Ingham, siterer Pecksniff, i kap. 2, Bibelen feil. Der Paulus i 1 Tim 6,10 skriv aktuelle ord til Timoteus og seier

For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding,

kuttar Pecksniff ut sjølve poenget:

’Money, John,’ said Mr Pecksniff, ‘is the root of all evil. […]’

Interessant, dette òg. Og gamle Martin Chuzzlewit viser, i kap. 3, til sjølvaste kong Midas: «You have heard of him whose misery […] was, that he turned every thing he touched, to gold.»

Lovande opptakt som kommentar til dagens økonomiske situasjon i mange land. Det gjekk jo ikkje så bra med Midas.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fint at du held orden på Ibsen og Hamsun, så skal eg prøve Dickens - og innspurten med Don Quijote.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det nest siste kapitlet, II.73, viser at dQ framleis er overtruisk – han tek varsel, «agüeros», av tilfeldige hendingar og trur dei viser at han ikkje får treffe Dulcinea meir. SP, derimot, viser seg som den jordnære karen han eigentleg er og ser faktisk ut til å realitetsorientere dQ. Dei møter presten og Carrasco og kjem heim til dQ – og stakkars Tereza Panza, som har trudd at mannen var guvernør på ordentleg. Til dette har eksguvernøren «udi egen Indbildning», for å stele litt frå Holberg, dette å seie: «Det er ofte slik at der det finnes kroker, har du ikke skinker å henge dem på» (W). I originalen står «[…] que muchas veces donde hay estacas no hay tocinos», noko som får LAM til å kommentere at dette er eit ordtak som er «trastocado», altså opp–ned, snudd på hovudet, for det som SP ønskjer å seie, er «aunque no lo parezca. Traigo dineros»: Sjølv om det ikkje ser slik ut, har eg pengar på meg. Så viser han til tilsvarande uttrykk i I.25, II.10 og II.55 – og eg vel å tru han, eg går heller vidare framfor å kontrollere. Men eg kan leggje til at når det i spanske restaurantar heng skinker frå krokar i taket, som på den restauranten rett nedanfor Plaza Nueva i Granada, med don Quijote-figur utanfor døra, skal dette, har eg lese, vere resultat av ein metode for å få folk til å vedgå at dei var jødar eller muslimar: det var berre å peike på skinka og spørje om dei ville ha mat, og så fekk ein sett om dei var kristne eller ikkje. Og ville dei ikkje ete, var valet anten å skifte religion eller å bli utvist. Eg håper forresten å få lese den omdiskuterte boka om det forfattarane kallar *Spansk gullalder* (jf. dei siste tre nummera av Dag og Tid - debattinnlegga finst ikkje i digital utgåve).

dQ er med presten og studenten; etter nederlaget skal han halde seg eit år i landsbyen og leve det dydige gjætarlivet. Her er ein ny galskap. Namna på gjætarjenter som blir nemnde, fortel LAM har vore ramsa opp i I.25. Og han nemner Dulcinea for siste gong midt inne i dette kapitlet, seier LAM.

Niesa syng ein villancico, ein julesong, er det vel helst, men W skriv berre «sangen»:

Pastorcillo, tú que vienes,
pastorcico, tú que vas?

W skriv at ho seier «De er for gammel til å begynne på nytt». Og Cervantes? «Pues en verdad que está ya duro el alcacel para zampoñas» - alcacel er bygg, og zampoña er ei fløyte av strå. Altså at “stammen”, om ein kan bruke dette ordet om kornplanter, og det får vel vel ein ikkje-botanikar lov til (eller skal vi rett og slett seie strået?), var for hard til å bli brukt til fløyteemne. Den som berre les W, går altså glipp av at niesa ikkje seier direkte at onkelen er for gammal til noko nytt nå, om lag som skutelsveinen, eg hugsar ennå ordet frå eg las Snorre for fyrste gong sommaren før eg begynte på realskolen, til Olav Haraldsson, som sa “I morgon er det måndag, herre,” da kongen sat og spikka på kviledagen.

Da står det att eitt kapittel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjæm du i kveld, er det jaord å hente, jaord å hente kjæ du i kveld.
Men er du så kopete dom du vil vente
og heller vil fara med slæidring og spell
om bikkje i bæinn og ei troskyldig vise
med lys oppi tråppen og nykkjyl i lås,
så er d'itte du som ska skrøyte og glise:
Je ligg her og vente på stæillkar'n på Ås.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og den som kjinne seg mo i knea
når ændre benker seg par om par
og itte gir dom en sang om glea,
hæin vil je kæille en dåli nar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men er du litt hælvrar og går der og hangle
og fremdeles trur d'er en sykkel du mangle,
så kæin du få kjøft en ta meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og denna lærdommen ska du sæinse:
D'er æiller dali for den som dæinse,
men står du stille og følje med,
da er det fali, da kæin det skje!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster ...

Å, flytt deg nærmere inntil meg
her på kjøkkentrammen!

Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For tredje gong: Ein parallell med Wuthering Heights, der Nelly, seier kommentarbindet, kjenner Heathcliff på auga: "the eyes deep set and singular. I remembered the eyes."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ELLIDA farer sammen Ah -! (stirrer på ham. tumler tilbage og bryder ud i et halvkvalt skrig) Øjnene! - Øjnene!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ELLIDA
[...] Jeg tror, at dersom menneskene bare fra først av havde vænnet sig til at leve sit liv på havet, - i havet kanske, - så vilde vi nu ha' været ganske anderleds fuldkomne end vi er. Både bedre og lykkeligere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ARNHOLM
Men lige stor læselyst har De altså fremdeles.

BOLETTE
Ja, jeg læser, hvad jeg kan få fat på af nyttige bøger. En vil jo gerne vide lidt besked om verden. For her lever vi jo så rent udenfor alt det, som til er. Ja, næsten da.

ARNHOLM
Men, kære Bolette, sig dog ikke det.

BOLETTE
Å jo. Jeg synes ikke, vi lever synderlig anderledse, vi, end karudserne nede i dammen der. Fjorden har de så lige ind på sig og der stryger de store vilde fiskestimene ud og ind. Men det får de stakkers tamme husfiskene ikke vide nogen ting om. Og der får de aldrig være med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronille