Tolkien, så klart. Lette spørsmål i dag. Så langt, i alle fall: Men kva for ein italiensk forfattar skreiv ein roman om ei dame som såg eit veldig kjent skodespel av ein veldig kjend norsk forfattar, og som dermed fekk eit nytt syn på livet?
Det var dette diktet som eg tenkte på, i alle fall. Jo, kanskje det finst eit anna eit? Den som les, finn!
Ja! Og eit av litteraturhistorias finaste rim:
Og jeg har lagt meg. Men et klokkespill
slår plutselig alarm i hodeputen:
et gutteværelsevindu klirrer til
av sten mot ruten.
Og det er ingenting man heller vil
enn å bli vekket litt i sommernatten,
for vel er klokken 12 – men jeg er 18.
Bra! Jens Bjørneboe! Verre å finne på spørsmål enn å svare! Men: I kva for dikt skriv den eine av dei om begge to?
Gabriel García Márquez: Cien años de soledad ("Hundre års einsemd"). I ein norsk roman om m.a. skolen er forfattaren, når han sett namn på personar med visse oppfatningar, tydeleg inspirert av tittelen på ein roman av ein utanlandsk forfattar som reiste med Hurtigruta. Kva for to forfattarar og kva for to romanar tenkjer eg på?
Tidsplanen for MM passar meg veldig godt. Sidan det er opp til kvar enkelt å prioritere lesinga si, er det vanskeleg å finne ein som alle vil slutte opp om. Sjølv har eg mine eigne prioriteringar slik at denne fine lesesirkelen kjem litt bak den fordelinga eg har funne fram til av skjønnlitteratur frå Latin-Amerika, årets skjønnlitterære bøker, nord- og søramerikansk historie, grammatikkar og religionsvitskap. Det gjer meg ingenting om det blir fleirtal for ei bok eg ikkje er interessert i å lese (på ny eller for fyrste gong), og heller ikje om fristen ikkje passar. Men skal eg seie mi meining om spørsmålet, blir det: Fint med såpass lang tid som vi har nå og fint med tråd for kvar hovuddel (og fint om alle held seg til den tråden som er relevant) og for forfattaren generelt. Du styrer dette bra!
Ja, tenkte litt på Glahn, det er jo han som fortel, men han har vi vel for det meste kontroll over. Og han som svelt i Kristiania lurer heller ikkje lesaren. Vi får tenkje litt.
Mr. Toller remarked one day, smilingly, to Mrs. Taft, that 'Bulstrode had found a man to suit him in Lydgate; a charlatan in religion is sure to like other sorts of charlatans.'
Mr. Brooke of Tipton has already given me his concurrence, and a pledge to contribute yearly: he has not specified the sum — probably not a great one. But he will be a useful member of the board."
A useful member was perhaps to be defined as one who would originate nothing, and always vote with Mr. Bulstrode.
Ja, dette er interessant. Ein eg-person som eg hugsar ikkje er heilt til å stole på, eller som i alle fall skjuler noko for lesaren, er i Mord i pretegården av Agatha Christie, og det blir ein litt annan sjanger. Her burde vi ha hatt tid til å undersøke meir! Med det same, sidan du her ser på slutten av fyrste delen: Den einaste staden i desse kapitla der eg hugsar at Mesteren og Margarita refererer direkte til det nye styret i landet, er der ein planøkonom blir nemnd, utan at dette, så vidt eg kan sjå, har noko å seie. Elles er det nok av satire, som fleire har av oss har vore inne på.,
Da var du før meg! Gratulerer! Pablo Neruda: Veinte poemas de amor y una cancion desesperada!
Skarpe observasjonar! Ja, ikkje så lett å tolke dette. Eg merkar meg at forteljaren tek kontakt med lesaren og kommenterer, som eit stadoim mellom romantikken og den poestiske realismen ("Og nu, kjære Læser, ...") på den eine sida og meir moderne, eksperimentelle romanformer på den andre. Og Margarita flyg i lufta, usynleg, ikkje noko ukjent litterært motiv, dette. Dette er andre gongen eg les boka, og filmatiseringa har eg òg fått med meg, men ennå står mykje att å skjønne. Nå skal eg fyrst følgje med Margarita på ferda hennes ...
Sitatet er frå Pan.
Så tok eg delvis feil. Det får så vere. Eg kjenner ikkje romanen, som radioteaterversjonen bygger på (og har ikkje fått så veldig lyst til å lese han heller), og det kan hende at romanen inneheld spor som lesaren kan bruke for å prøve å løyse mysteriet. Men i radioens påskekrim kom det fullt opp av informasjon som lesaren ikkje kunne tenkje seg til sjølv, ei avsløring av Eileens fortid som det vanskeleg å finne på bakgrunn av samtalene i påskekrimmen. Jaså, var det slik det hang saman, tenkjer vi, utan å ha ha hatt høve til å vere med på oppklaringa. Slik er det ikkje hos Agatha Christie når ho er på sitt beste. Men greitt nok å lytte til når ein har litt ferie ..
Jo, så klart at dette er godt sagt, men uttrykket stammar ikkje frå Chandler, noko han heller ikkje påstår, for det blir sagt i radioteaterversjonen at franskmennene har eit godt uttrykk for å ta farvel. Og uttrykket stammar frå Mme de Staël, så vidt eg veit, og heiter "Partir, c'est mourir un peu". Godt sagt, uansett.
Trur det var slik:
Chicago, du slumrende drømmeby, ved bredden av Michigan-vannet,
deilig om kvelden og i morgengry, må jeg sanne, må jeg sanne,
Deilig i dårlig vær, da smeller det så det drønner her, og med solen over by,
kan du pumpe ham full av bly, å, Chicago, mitt Chicago.
Chicago, deg lengter jeg alltid tll, du fyller mitt bankende hjerte,
der vet jeg bestandig hva jeg vil, jeg vil knerte, jeg vil knerte,
Deilig i dårlig vær, da smeller det så det drønner her, og med solen over by,
kan du pumpe ham full av bly, å, Chicago, mitt Chicago.
Og det gjorde det. Kom eit mord til, altså. Ikkje så overraskande; handlinga skal drivast fram. Vi er kanskje ikkje så mykje klokare – Candy er vel eit sidespor, og Eileen er for opplagt? Er Marlowes analyse av skotet riktig? Kva var mellom Roger og Linda? Pappa Potter er autoritær – kan dette bety noko for saka? Eg ser ingen klare motiv her. Og kva med tittelen? Er det andre som har klarare teoriar? Svaret kjem i kveld.
Nei, her lyt eg nok rette opp både astronomien og ortografien: "Og med solen over by" og ortografien: "Bonzo" (med c blir uttalen /k/).
Ja. Hos Christie skal harmonien i det borgarlege samfunnet opprettast på ny, etter mordet; hos Chandler er nok ikkje dette hovudpoenget, nei (dette betyr ikkje at eg ikkje liker måten Christie legg opp til mysteriet på - eller likte, da, da eg las bøkene hennes i unge år). Vi får sjå kva som kjem. Eg har ingen teori om mordaren - ennå. Det kjem sikkert eit nytt mord.
Det vi nå veit, etter andre episode («Kvinnen med de fiolblå øynene»), er at Philip Marlowe har funne Terry Lennox dritings og har teke han med seg heim. Så vart kona til Terry, Silvia, myrda. Ho er dotter, ikkje til Harry Potter, det ville ha vore biologisk umogleg, men til avismagnaten Harlan Potter. Ekteskapet mellom Terry og Solvia har ikkje vore direkte idyllisk, så denne Terry blir jo mistenkt og får vår helt Marlowe til å køyre seg til México. Marlowe blir deretter oppsøkt av forleggaren Howard Spence, som vil at han skal følgje med i kva forfattaren Roger Wade gjer. Dette er jo som midt i blinken for bokelskarar! Marlowe møter kona til Wade, Eileen (som Ane Dahl Torp speler akkurat slik som vi har tenkt oss at denne Eileen er – «kvinnen med de fiolblå øynene» har nesten (her er eg ironisk) homeriske dimensjonat (i Odysseen er Athene alltid utstyrt med blåe auge). Denne Wade er hard på flaska, får vi vite. og Spencer og Eileen fryktar at noko kan gå gale før boka hans er ferdig (i kor stor grad vi bokelskarar i så fall vil gå glipp av noko her, er ikkje så lett å seie). Marlowe treffer Wade og tek på seg oppdraget. Marlowe treffer også eit kvinnemenneske til, Linda Loring (fint spelt av Andrea Bræin Hovig), som er syster til Sylvia, utan at ho verkar påfallande lei seg over at Linda er daud. Linda kjenner, seier ho, og ikkje overaskande, ekteparet Wade. Mannen til Linda er sjalu, får vi vite. Wade ringer og seier, med fyllerøyst, «Det går dårleg med meg». Ikkje akkurat det heilt store, synest eg, men godt å sitte med eit glas vin og høyre på påskekrimmen og merke at ein har fri. Så dukkar det vel opp fleire mysterium, men det er som det skal vere i denne sjangeren.