De skal ikke beklage mig, fordi jeg skal dø, jeg er med alderen kommet til forståelse af, at det i grunden er mere comme il faut at være død end at leve.
Et spejl - det siger os jo sandheden om os selv.
Som dei andre her ser eg opningsdiktet som prolog (det er vel derfor det står fyrst!), men det kunne jo ha hatt ein tittel likevel. Pussig - diktet har vel alltid vorte kalla "Til deg, du hei" - slik òg i innhaldslista i utgåva mi, men altså utan tittel. Men for eit anslag! Diktet rommar jo alt i syklusen - så sterkt og mjukt på same tid, og med optimistisk slutt:
Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru,
som lovar vår.
Passar så godt nå i mai!
Sandheden er vist, ligesom tiden, et begreb, der er blevet til gennem menneskeligt samvær, og endnu beror derpå.
Seier som fru Alving (om eg hugsar rett): "En går seg selv så lett av minne."
Du nemner "lyrikeren 'hjemløs'". Eg meinte det vart reist spørsmål om dette pseudonymet kunne vere eit bilde på korleis innbyggarane av Sovjetunionen hadde det under stalinismen. Eg tenkte det kunne vere interessant å sjå på ordet for "heimlaus", бездомный, som eg fann i den russiske utgåva, men det inneheld ikkje, slik eg ser det, nokon nykel til dette spørsmålet. Likevel, nå som eg har lese heile boka, synest eg at tanken kan ha ein del for seg: Fornamnet, Ivan, er jo, som det vart nemnt, det vanlegaste russiske fornamnet, og det er jo tydeleg i boka at at han ikkje finn seg til rette i samfunnet slik det har vorte - han er ein бездомный, med stor Б ...
Såg ikkje spørsmålet ditt før nå - som eg såg etter noko i denne inspirerande tråden med mange tankevekkande innlegg. Det eg meinte, var at Stalins brukte administrative, harde metodar for å løyse politiske og ideologiske spørsmål. Desse harde metodane ramma også mange truande i landet, men klarte på ingen måte å utrydde religionen. Mykje av den ateistiske propagandaen var, om vi skal tru framstillinga i romanen, på eit intellektuelt ig ideologisk lågmål. Derimot finn eg ein sublim religionskritikk i den novella av Anatole France som eg nemnde, framstilt gjennom ein briljant komposisjon der poenget kjem heilt til slutt og derfor rammar så mykje hardare. I dette innlegget har eg ikkje teke stilling til ideologiske retningar og religiøse spørsmål; eg har berre sagt kva eg meiner om debattmetodar.
Takk for lista med med tips om utgåver! Har lese 37.
Åja, vi også elsker dette landet
med sot og skorstensrøk og gatestøv,
den trange sprekk imellem grå kaserner
hvor solen bare har en times frist.
Vi lenges vel iblandt mot noget annet:
en li med vind og sus og sang i løv,
en strand med hav og himmel, sol og stjerner,
en skog med kvaduft fra bark og kvist.
Men dette er vårt land. Her har vi hjemme.
Og hvad vi drømmer kommer ingen ved.
Vi elsker gaten - ja vi elsker landet,
som vi befolket her så altfor tett.
Og alle andre drømmer må vi gjemme
i dypet av vårt mørke sind et sted.
For den skal være fredløs og forbannet
som sviker gaten og sin egen ætt.
The Vicar did feel then as if his share of duties would be easy. But Duty has a trick of behaving unexpetctedly - something like a heavy friend whom we have amiably asked to visit us, and who breaks his leg within our gates.
Hardly a week later, Duty presented itself in his study under the disguise of Fred Vincy, now returned from Omnibus College with his bachelor's degree.
Eg er heilt einig med dei positive vurderingane av denne boka. Asbjørn Sunde var sjømann, og han skriv imponerande sterkt om Noregs mest aktive motstandsgruppe, Det er nettopp i stilen han imponerer! I dag har eg møtt to attlevande medlemmer av gruppa på eit arrangement på Sollia i Søndre Land, hovudkvarteret til Sunde fram til det tyske angrepet (30. mai) som gjorde at dei medlemmene som oppheldt seg der, måtte flykte til og over Randsfjorden. Utruleg sterkt å høyre dei to snakke om opphaldet der og flukta under angrepet. Historikar Lars Borgersrud, forfattaren av Nødvendig innsats snakka om bakgrunnen for at gruppa vart oppretta - og viste på ein overbevisande måte at rettssaka mot Sunde etter krigen - og ikkje minst dommen - var poilitisk motivert.
Det russiske ordet som Egeberg har sett om med "borger", er "гражданин", for eg har fått tak i originalutgåva, og det betyr "(stats)borgar", altså det same som på fransk er "citoyen" og engelsk "citizen", slik eg har vore inne på tidlegare. Altså ikkje noko "borgarskap" her. Gleder meg til å bla i "Мастер и Маргарита"!
Ja, og dette bekreftar det som eg skreiv om at det ikkje var forbod mot religion, for "offisiell gudsfornektelse" er noko anna. Eg har lese at religion dessverre var forbode i Albania, og eg meiner å ha sett at det same er tilfelle i Nord-Korea. At det i praksis i Sovjetunionen - og seinare i andre land - kunne få farlege følgjer å vere truande, er likevel ein tragisk realitet.
Eg sluttar meg til alle dei som melder om eit ambivalent syn på boka - men du verda for nokre høgdepunkt! Eg trur ikkje at ein kan finne heilt klare parallellar mellom alt i romanen og forhold i forfattaren si samtid og i historia, at katta symboliserer noko spesifikt o.l. Det er fint å sjå korleis forfattaren er tidleg ute med moderne teknikkar - boka må jo kallast heilt unik på mange måtar, og har sikkert inspirert mange til å skrive i nye banar. Dei sidene som i mindre grad appelerte til meg, skal eg ikkje kommentere i denne omgang. Noko av det beste var slutten, der dei to historiene flaut saman og greip inn i einannan. Eg har også bestilt boka på russisk for å sjå etter ein del uttrykk i original, men tida strekk ikkje til for å lese henne på ny på Bulgakovs eige språk. Eg trur så absolutt at eg vil ta fram att boka om nokre år og prøve å forstå litt meir, ikkje minst på bakgrunn av dei mange engasjerte innlegga her i diskusjonstråden!
Grunnlova frå 1936 representerte kanskje det som gjaldt i teorien. Eg har aldri lese om noko forbod, men realitetane var sikkert slik som Ingunn viser i innlegget sitt. Dessverre. Fint om vi kunne få oppklart dette.
Fint. Eg skal avspasere litt, og i tilfelle eg ikkje kjem tilbake før fristane dine går ut, vil eg gjerne melde på Karen Blixen: Syv fantastiske fortællinger (1935).
Har lagt inn Grimbergserien her, om du skulle ha interesse av å registrere dei i samlinga di.
Kanskje er dette ei form for pars pro toto? Men ikkje i den vanlege bruken ...
Så fint! Ja, slik var det!
Ingen svar så langt - og eg reiser bort snart. Da snur vi på flisa: Den italienske forfattaren Sibilla Aleramo gav i 1906 ut romanen Una donna, der hovudpersonen får nytt perspektiv på livet og ekteskapet etter å ha sett ei oppsetting av eit kjent norsk skodepel. Kva for eit?