Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.

Matt 13,33

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kapitteltittelen "An Inmodest Proposal" får meg sjølvsagt til å tenkje på Jonathan Swifts store, grotesk-ironiske tekst "A Modest Proposal", om fattigdommen i Irland. Men kapitlet har òg utilsikta referansar til tilsvarande tragediar vår eiga tid: ""'The refugee population is now 180,000,'" he read. That's an increase of 30,000 people since yesterday." Og forfattaren heiter altså det same som ein person i T.S. Eliots "The Waste Land", kjøpmannen Eugenides frå Smyrna, İzmir på tyrkisk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Referansar til det klassisk greske blir ikkje følgde opp i "Matchmaking", enda Hermes og Afrodite var foreldre til ein tvekjønna skapning. Derimot møter vi Μεγάλη Ιδέα, eit av dei verste eksempla på sjåvinisme og ekspansjonisme i nyare europeisk historie før Hitler, og som altså er bakgrunnen for det som skjedde med familien til hovudpersonen. Silkeormane har heldigvis andre kommentert før eg kom til dette kapitlet. Eg har alt begynt å få inntrykk av at romanen, med alle sine lovtaler, er litt vel ordrik.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.

Matt 13, 31-32

Godt sagt! (2) Varsle Svar

«Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

Matt 13, 24-30

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var mest innslaget om den gresk-tyrkiske konflikten som trekte meg til boka. Før eg kjem dit, merker eg meg, som sterkt greskinteressert, i «The Silver Spoon», med glede samanlikninga mellom hovudpersonen og Teiresias: «Like Tiresias, I was first one thing and then the other.» og at Cal(liope) også trekker inn referansar til Homer: «Sing now, O Muse, …» («Sorry if I get a little Homeric at times. That’s genetic, too»). At faren sett om «the ‘restored’ poems of Sappho» tek eg som referanse til spørsmålet om kjønnsidentitet, sidan Sapfo frå Lesbos (dagens Lesvos) av mange vart rekna som lesbisk (men det er ikkje så sikkert; diktareget treng ikkje å vere identisk med forfattaren). Synd at grekarane ikkje lenger klarer å lese klassikarane i original (på eit seminar eg var på i det europeiske kultursenteret i Delfi, om gresk språk og kultur, gjekk eg på eit frivillig kurs i nygresk, og læraren fortalde at elevar i den vidaregåande opplæringa i landet las klassisk gresk med nygresk uttale - uff!). Dette med namnet «Chapter Eleven» var ukjent for meg, så her takkar eg for oppklaringar i diskusjonstråden.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Stoner var faktisk (nesten) så god som reklamen ville ha det til. Fleire har sagt at historia om Stoner blir fortald lågmælt - ja, men også intenst, og det er vel dette som gjer at ein lyt ta fram klisjeen om at ho er så vanskeleg å legge frå seg. Sjeldan har eg opplevd at språk, handling og tematikk kler einannan så godt og går opp i ein nesten suggererande syntese. Romanen er meisterleg komponert; replikkar frå den fyrste delen får meining utover i boka og er med på å konstituere det universet som handlinga utspeler seg i. Eg kan forresten ikkje hugse å ha lese ei så god skildring av å døy som her.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

'You were a beautiful child,' he heard himself saying, and for a moment he did not know to whom he spoke. Light swam before his eyes, found shape, and became the face of his daughter, lined and somber and worn with care. He closed his eyes again. In the study. Remember? You used to sit with me when I worked. You were so still, and the light ... the light ...' The light of the desk lamp (he could see it now) had been absorbed by her studious small face that bent in childish absorption over a book or a picture, so that the smooth flesh glowed against the shadows of the room. He heard the small laughter echo in the distance. Of course,' he said and looked upon the present face of that child. 'Of course,' he said again, 'you were always there.'

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var desse orda som inspirerte Rudolf Nilsen til diktet "På stengrunn".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

«Ein såmann gjekk ut for å så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.

Matt 13, 3-8

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.
Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
[..]. For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.

Matt 12, 33-37

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Under ein ekskursjon til arkeologiske utgravingar i det sørvestlege Tyrkia i fjor sa ein kjenning at romanen Middlesex m.a. handla om krigen mellom Hellas og det osmanske riket - da var vi rett innanfor Samos. Dette visste eg ikkje, sjølv om eg lenge hadde vore fasinert av tittelen: Allusjonar til både George Eliot og engelsk geografi (Sussex, Wessex og Essex) i tillegg til kjønnsidentitet. Nå er eg i gang, og gleder meg fyrst og fremst til å lese ei skjønnlitterær framstilling av ein av dei mange balkankonfliktane. Men eg har sikkert også mykje anna interessant i vente.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar.

Matt 10, 16

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.

Matt 9,37

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.

Matt 9, 16

Godt sagt! (1) Varsle Svar

lat dei døde gravleggja sine døde

Matt 8, 22

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

Matt 7, 24-27

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
Matt 7, 15-19

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gå inn gjennom den tronge porten!
Matt 7, 13

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei.
Matt 7,12

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTore HalsaHarald AndersenPiippokattaSt. YngheadStine SevilhaugVannflaskeBerit RElin Katrine NilssenCathrine PedersenHelenesiljehusmorHildNina J.B.KristineTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamie