Takk for tips til neste (femte) tur til Irland!
Ei grunnbok! Nyttig for å studere den arabiske kulturen i Spania og samanlikne med kristne mystikarar. Alle - anten dei var muslimar eller kristne - reagerte visst ganske så likt på samfunnsendringane ...
Det er ei glede å registrere eigne bøker og synspunkt på denne nettstaden - og samtidig få perspektiv frå andre. Eg blir glad når eg ser kor mange bokelskarar som finst, folk i alle aldrar, og med vidt forskjellige interesser, men med éi felles interesse!
Ei overraskande julegåve frå son min, innkjøpt - boka, ikkje sonen - i London: Ei drøymebok for ein som har dilla på klassisk arkeologi, med nydelege illusrasjonar og presise, akkurat passe lange, kommentarar. Utstillinga som boka var katalog for, dekkje perioden frå 500-talet f.Kr. og ut den nyhellenistiske epoken på 1800-talet. Takk!
The contextualization of theology - the attempt to understand Christian faith in terms of a particular context - is really a theological imperative.
Contextual theology is done when the the experience of the past engages the present context.
Protestantismen er organisatorisk delt i ulike retningar. Den katolske kyrkja er det ikkje, men spennet er like vidt som hos etterfølgjarane til Luther og dei andre reformatorane. Professor Stephen B. Bevans skriv om "kontekstuell teologi" - det var eit arbeid med den katolske kyrkja i Latin-Amerika og frigjeringsteologien at eg kom over denne boka, som presenterer ulike kontekstuelle modellar, der frigjeringsteologien - sortert under "Praxis", er éin av dei. Verd å lese!
Boka – denne gongen som lydbok i bilen – grip meg meir i dag enn for 31 år sidan.
Hildegunn Eggen les med stor variasjon og som regel med samanheng mellom stemme og tematikk. Men adverbet ”karsk” utaler ho med kort ”i”, som i eit substantiv som uttrykkjer ein kjend trøndersk styrkedrikk.
Så tydeleg nyrealismen blir illustrert her; eg kan ingenting om gruvedrift og livet åt dei som sleit på Røros i 1660-åra, men er ikkje dette realisme, så veit ikkje eg kva realisme er. Samtidig blir spenninga mellom det himmelske og det jordiske oppheva i skildringa av desse menneska som An-Magritt utviklar seg til ein førar for – det var vel slik dei levde og tenkte på denne tida. Ho, som var vinkel, linjal og loddesnor for Johannes, har venta på han i hundrevis av år, slik kjennest det, seier ho, og Falkberget gir oss nettopp denne kjensla. Ein stad meienr eg å vere sikker på kvar gruppa Vømmøl (som ein jo kan seie både det eine og det andre om) lyt ha henta inspirasjon til den fine visa si om An-Magritt. Jo, boka er om kamp, men ikkje i meir enn eit kristenhumant perspektiv, men skildringane, kommentarane, biletbruken treffer meg i hjartet like fullt. Monumentalt blir det. Eit interessant sidemotiv er skildringa av Johannes som innvandrar – fint å sjå i dag korleis Falkberget skildrar nettopp dette. Og her lever fremmendspråka som naturleg del av og føresetnad for kommunikasjon mellom menneske og mellom menneske og deira Gud, før marknadskreftene kom og ville dominerte alt med engelsk: norske, svenske, danske og tyske målføre, ja også gresk og latin har sin naturlege plass her ved smeltehytta. Å, som Falkberget – vaskarryssen frå Rugelsjøen – lyt ha lese, for ein rikdom å ause av som han lyt ha tileigna seg sjølv frå Bibelen og historia og fremmende språk ...
Ei lita, stor samling med gjennomgang av Nordahl Griegs aktualitet.
Poetiske, varme, kjempande dikt: Rafael Alberto - diktar og politikar ...
Paz: De todas las palomas hubo una que se fue por el mundo. / Todavía / sigue girando alrededor del sol / al compás de la tierra. / Vuelo sin dueño, siempre amenazado. / ¿Volverá alguna vez / al viejo palomar de donde salió un día?
Og det ("gøy", som det heiter i andre målføre enn mitt) er det (fremmendspråk) jo. Senje viser artige leikar og aktivitetar, noko som jo er vel og bra, men språk, som andre kompetansar, lærer ein fyrst og fremst gjennom hardt arbeid. Som er "gøy" i seg sjølv.
Den som har fått mye, ventes det mye av. Og den som mye er betrodd, skal det kreves desto mer av.
For der din skatt er, der vil også ditt hjerte være.
Bertold Brecht fornya teatret. Her er hans eigne ord om "Verfremdung", pedagogisk og utfordrande framstilt.
Tilfeldigvis kom eg over at "Rødt!", med støtte frå m.a. NORAD, hadde gitt ut eit esktranummer om den politiske, sosiale og økonomiske utviklinga i Latin-Amerika. Eg fann artiklar om ALBA i fleire samanhengar og m.a. Bolivia, enkelte meir informative enn andre, men i det store og heile: Nyttig. Men "informasjon" skal altså skrivast med to n-ar,ikkje med tre.
Ei tjukk bok om og med Anna Ancher, kjøpt og lesen i Skagen sommaren 2009 under sola, ved havet. Ei utstilling i Skagen viste måleria av Anna Ancher - landskapet, menneska og interiøra. God sommarstemning!
Høsten er stor, men arbeiderne få.
Din er jeg. Til deg jeg fødtes. / Hva er din vilje med meg?