Ja, dette er kostelege saker. "Den gamle og so den nye tid," står det hos Sivle. I Polden òg. Med liv og humor - ar eg ingen problem med å seie, om eg ser annleis på utviklinga enn Hamsun ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg for min del koste meg over lydboka som følgje til og frå arbeid. Eit fornøyeleg par er dei, August og Edevard, og så denne Lovise Margrethe, då ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å, August er uforlikneleg - og Hamsun? Reaksjonær med stil!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fyrst filosofihistorie til s. 124. Deretter filosofar frå Abailard til Aall (ja, den norske Anathon August Fredrik Aall) før ein seksvens med "filosofiske nøgleord". Var eingong nyttig som oppslagsverk, men lite brukt dei siste åra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Aasen, Ivar" opnar dette oppslagsverket, som sluttar med den russiske lyrikaren Marina Ivanovna Zwetajewa. Grei nok til basisinformasjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig! Men jobben er alt gjort - boka kom på norsk for ei tid sidan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, kven les An-Magritt? Alle slike klassikarar - og særleg samla verk av dei - går visst ikkje så bra lenger. Det er vanskeleg å setje seg inn i tankegangen til dagens unge og på (nesten) alle måtar utmerka menneske, men eg får meg nok ikkje heilt til å tru at livet med Hovistuten, dette urvesenet av styrke og faste haldepunkt, er det som appellerer til dei. Eg meiner at dei går glipp av noko, men dei meienr vel at det gjer eg òg, som ikkje les Twilight. Eg synest foresten at lydbøker ikkje er noko som ein seier anten ja eller nei til; for meg fungerer dei bra i bilen når eg har lese dei for ein mannsalder sidan og gjerne vil nyte dei på ny (som Hamsun, Duun, Falkberget og Undset). Når eg kjenner boka, gjer det ingen ting om eg lyt konsentrere meg om litt andre ting når eg kjem til rundkjøringar og forbipasseringar ...

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Greitt å ha lister over ord frå mange fagområde, frå "Arbeidsliv og yrker" til "Verktøy", men ikkje alt er like oppdatert på norsk: F.eks. spør dei fotballinteresserte elevane mine kva ein "senterløpar" er ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fyrste gong lesen i 1979, lånt på biblioteket. Rart eg ikkej hadde gått inn i An-Magritts univers før, men jubileet fekk meg på sporet. Tenk å skrive slikt, då, lett å merke at Falkberget var ein eldre kar, men med kraft, tyngde og spenst. Etisk realisme på sitt beste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Repetisjonen - som lydbok - av den fyrste romanen om An-Magritt var eit godt møte. Eg kjenner att stemninga, særleg Kjempen, stor i dobbel tyding.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant - mannen bak denne lommeordboka (for store lommer, i alle fall), er mannen som omsette "Don Quijote" (samen med Nils Kjær). Passe omfang, men den gongen i 1987 som eg - eller sonen min, då - måtte ha bleier ("pañales") i Colombia, fann eg ikkje hjelp her. Men eg klarte meg likevel("Quiero lo que necesitan los niños cuando no saben ir al baño").

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las denne boka i 1979, i samband med ein artikkel eg skulle skrive om jubileet. Om slit, fornedring, håp og oppreising. Stort.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grunnboka for å lære og undervise i eit fremmendspråk, her i den engelskspråklege originalutgåva.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grunnboka for moderne språklæring - her i spansk språkdrakt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

¿Pero qué es la historia de América toda sino una crónica de lo real-maravilloso?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leksikonet startar med det franskspråklege, kamerunske tidsskiftet Abbia, og sluttar med Xiaoshuo yeebao, eit kinesisk tidsskrift for romanar og forteljingar. Skikkeleg internasjonalt oppslagsverk, altså. Dei norske forholda som er omtala, er, interessant nok, "Folkevise", "Naturalismus", "Mot Dag", "Arbeitermagasinet", "Veien frem", "Kulturfront" og "Profil". Elles er her nesten alt frå nederlandske mysteriesel, den nye greske komedien og amerikansk beatgenerasjon til spansk heltedikting, jiddisk litteratur i Sovjetunionen og persisk sufilitteratur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Frå den kasakhstanske lyrikaren Kunanbajev Abai til russaren Marina Ivanovna Zvetajeva, også ho lyrikar. Fullt opp, også av norske, forfattarar, mellom desse to. Fyldig og derfor nyttig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Inneheld mykje stoff, og er ei grundig framstilling med eit komplisert noteapparat.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Grunn og lite pedagogisk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En mann hadde et fikentre som var plantet i vingården hans. Da han kom for å se etter frukt på det, fant han ingen. Han sa til gartneren: 'Nå er det tredje året jeg kommer og ser etter frukt på dette fikentreet uten å finne noe. Hogg det ned! Hvorfor skal det stå der og suge ut jorden?' Men gartneren svarte: 'Herre, la det stå dette året også, så skal jeg grave omkring det og gjødsle det. Kanskje det da vil bære neste år. Hvis ikke, får du hogge det ned.'

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Emil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesEgil StangelandHarald KLinda NyrudKirsten LundToneMads Leonard HolvikPiippokattaSol SkipnesAQuariusInger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  VaksvikMarit AamdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRufsetufsaHilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrine