Du kand da vel kjende Grisen pas Skindet!
Ja, tænke det; ønske det; ville det med; -- / men gjøre det! Nej; det skjønner jeg ikke!
Atter og fram, det er lige langt; - / ud og ind, det er lige trangt!
Gaa udenom, Peer!
Hvem er du? / Mig selv. Kan du sige det samme?
Den gamle var fæl; men de unge er værre!
Variert læreverk i spansk på C1-nivå. Med cd og dvd. Gir lesaren ei god kjensle av å bli teken seriøst som innlærar.
Grundig bakgrunn for dei dystre hendingane i Praha i 1968 og eit klart forsvar for retten til sjølvråderett. Ofte meir sitering enn eiga vurdering, og som elles hos Kleven: uheldig midforhold mellom syntaks på den eine sida og ordval og formverk på den andre.
Heldig er han og ho som kan få dukke ned i desse åtte artiklar om verk av Euripides, Vergil, Plotin, Clemens av Aleksandria og Theodoros av Stoudios - pluss om bokdistribusjon og lydiske inskripsjonar!
Artig å sjå korleis norske forfattarar har opplevd Hellas!
Denne boka var grunnboka om Undsets liv fram til Sigrun Slapgard kom med "Dikterdronningen", bygd på delvis nytt materiale. Alle ære til Ørjasæter, men kanskje ikkje spenstig nok?
"One Step Forward, Two Steps Back" er den viktigaste delen her, men lyt lesast innnafor den russiske røyndommen fyrst i førre hundreåret. Likevel viktige prinsipielle vurderingar.
Kanskje er ikkje Lonely Planet best, men eg liker utforminga og måten å byggje opp informasjonen på. Til god hjelp under opphald i dette landet som har lidd så mykje.
Kulturblandingar og migrasjonar har det vore mykje av i Karibia - folkemord òg; her presenterer Irma Nicasio Rodriguez og Odalís G. Pérez kva som har hendt i Den dominikanske republikken på dette området. Særleg interessant er å sjå korleis kulturen til urinnvånarane framleis er til stades trass i at spaniarane skal ha utrdydda alle amerikanarane som var på øya då dei kom. Boka gir perspektiv på dagens forhold mellom haitianarar og dominikanarar og har eit vell av informasjon om kultur i Den dominikanske republikken i fortid og notid.
Takk for at du informerte meg om at Mario Vargas Llosas "La fiesta del chivo" er filma som "The Feast of the Goat"! Eg har sett filmen på dvd i kveld, og vart sett tilbake til dei to opphalda mine i Den dominikanske republikken - der eg har sett eit minnesmerke Trujillo ville byggje over seg sjølv, palasset hans, byen som Antonio de la Maza kom frå, skolen som er kalla opp etter Antonio de la Maza, huset som Mirabel-systrene voks opp i og bilen som dei vart drepne i. Å gå inn i den klassiske debatten om kva som er best av filmen og boka har lite føre seg, så eg nøyer meg med å seie at filmen var nyttig og perspektivrik.
Lydbokversjonen vart repetisjonen av fjerde bindet i "Nattens brød". Ein av replikkane eller kommentarane - ikkej alltid så lett å hugse når det altså er lydbok - la eg merke til: Ho høyrde ei anna tod til, las Hildegunn Eggen. Ja, nettopp: Skreiv Falkberget "Nattens brød" som kommentar til den sosialdemokratiske oppattbygginga av landet etter krigen? I alle høve: Ei hylling til den undertrykte som skal få oppreising.
Las "Kjærlighets veier" i 1979, då det var Falkberget-jubileum. Levande og brei roman.
Eg las Snorres kongesoger fyrste gong som trettenåring, og verket har prega meg sidan - med alle sin dramatikk og levande språklege formuleringar.
Grundig om Stella, grundig om "Skabelsen, Mennesket og Messias". Litt som enkelte sider ved Wergeland - svevande, luftig, abstrakt.
Ja, rystande. Og deprimerande.