Se, det fik Fanden fordi han var dum / og ikke beregnet sit Publikum.
Hængt? Se, se! Det var det, jeg vidste; / salig Peer Gynt blev sig selv till det sidste.
Absolutt ei nødvendig Roma-bok, litt annleis enn dei som har fått mest publisitet? Eg lånte boka på biblioteket, og har ho ikkje her no som eg registrerer bøker eg las i 2006, men eg meiner å hugse at denne boka utvida horisonten min litt. Og at ho hadde fine bilete. Underfundige Pål Bang-Hansen!
Som Karin Jensen skriv, er "... født til kunstner" ei fin innføring. Sjølv har eg mange slike bøker, men eg har ikkje skrive dei inn enno. Favoritten er nok Horst Biens "Henrik Ibsens realisme". Etter kvart kan eg kanskje leggje inn nokre titlar, men dette er bøker som eg skaffa meg i midten av 1970-åra, og det vil derfor ta ei tid før dei er registrete i Bokelskere.
Gi ungdommen Ibsen før kriminalforfattarane tek dei!
Meir enn nok ord for meg, også om det etter 1987 sikkert har komme inn nye ord i russisk, for eg held meg stort sett til Pusjkin. Gode forklaringar, mange eksempel og tabellar for deklinasjon og konjugasjon. Og noko typisk russisk: Liste over verk i verdslitteraturen med titlane på norsk og russisk! Mannen bak boka, Berkov, døydde nyleg, foresten, etter eit langt liv i interkulturalitetens teneste ...
I samband med utgivinga av "Henrik Ibsens skrifter" har Aschehoug komme med ein del innsiktsfullt krydder. Egil Kraggeruds "Catilina og Ibsen" er eit av dei. Kraggerud, som er professor i klassisk filologi, går inn på den historiske Catilina og den framstillinga som Cicero og SSallust gir av den romerske opprøraren. Kraggerud går grundig inn på forholdet mellom hovudpersonen i Ibsens fyrste drama og den historiske modellen. Ja, grundig - men ikkje alltid like systematisk, kan det verke, men han tek seg inn att når han samanfattar. Ekstra bonus er utdrag frå Sallusts "Krigen mot Catilina". Solid bakgrunn for å lese "Catilina" - som fyrst og fremst er fiksjon ...
Om kvekarar og anna rogalandsk lokalhistorie - i eit allment perspektiv. Relativt fyldig om Majakovskij og om Ibsen og Dostojevskij. Høgdepunkt: "Angsten for livet i Sigbjørn Obstfelders diktning ..."!
Herlege bilete av kunstskattar i Pergamon og Babylon! Opplysande tekst i passe mengde for alle oss som ikkje kan gå like grundig inn i alt. Dilemma: Eg er glad for at eg kunne sjå dette i Berlin i 2006 - men synest at skattane burde få bli der dei høyrer til ...
Eg har lurt på å låne "Gulldronning, perledronning" som lydbok. Så dette er ei god bok, meiner du?
Και επι γης ειρηνη, / And on earth peace,
Strindberg på det mest strindbergske? I alle fall i den siste fasen av forfattarskapen hans ... Som Saulus møter Strindberg sitt Damaskus, han eksperimenterer med formspråket, draum og røynd smeltar saman, ikkje utan sosial brodd. Vi såg "Ett drömspel" på Dramaten - og vil vel aldri gløyme det. I denne oppsetjinga vart replikken "Det är synd om människorna" sagd berre éin gong - men kanskje med desto større verknad?
Det är synd om människorna!
Du skall icke gå och känna dig förurättad av livet.
Som Ibsen er også Dostojevskij en tidløs dikter, i den forstand at han kan aktivisere eksistensielle problemer av individuell og sosial karakter, uavhengig av ideologier, systemer, regimer ...
Ei av Nags beste, dette: Samanhengjande framstillingar av fleire av spesialitetane hans. Ta berre presentasjonen av skodespelaren Bjarne Andersen som lyrikar - på sitt beste framstår han som revolusjonens formelt sikre røyst i Stavanger! Andersen les vi om i "Norsk arbeiderlyrikk i det 20. århundre", der Nag lyfter fram både kjende namn som Nils Collet Vogt, Per Sivle, Rudolf Nilsen og Arne Paasche Aasen og alle dei meir eller mindre ukjende - som på denne måten får sin plass i litteraturhistoria. Heile 130 sider om stil og struktur hos Dostojevskij er nyttig for oss som ikkje slepp unna Dostojevskij om som villig sluker synspunkt på russaren. Infallsvinkelen til Ibsen denne gongen er "Henrik Ibsen og 'arbejderstanden'", som alltid smånytt som i den store samanhengen utdjupar biletet av Ibsen. Ei nyttig bok!
Fru Inger til Østraat
"... noe helt genialt, ja". Eg har no høyrt på ein radioteaterversjon som på mange måtar understrekar dette: Per Christian Ellefsen er ein slu Peer som fullt ut er seg sjølv nok. Artig at han snakkar svensk med svenskar - mange burde kjenne seg att her (sjølv om slikt gir grunnlag for pristildeling i vår tid). Men moderniseringa av språket får ein del uheldige følgjer; m.a. er ikkje originalens "stangedes i samme Stunden" heilt det same som den nye "stanget i samme stunden" ... Eg likte likvel denne friske versjonen, med musikk av Åsmund Feidje - som byggjer opp under tematikken.
"Den amerikanske borgerkrigen" av Ole O. Moen, "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivold og "Troilus og Criseyde" av Geoffrey Chaucer. Det hjelper å leggje ut ønskelister på "bokelskere.no"!
Mrs. Bates, the widow of a former vicar of Highbury, was a very old lady, almost past everything but tea and quadrille.