Ser at du kanskje ikkje har fått svaret mitt? Pastor Manders seier dette til fru Alving i "Gjengangere".
Kor god julehistoria er, kan vel diskuterast :-), men boka høyrer med til dei eg gjerne ville lese nettopp pga filmen. Eg angrar ikkje på lesinga; no veit eg korleis romanen er - og det er ganske tynne saker. Likevel gir han eit interessant innblikk i eit miljø som nok var typisk i si tid.
Gode miljøskildringar som gir grunnlag for ei i og for seg koseleg filmatisering no i jula, men dette blir for stilleståande og samfunnskritikken tek aldri av, berre litt om den tilbakeståande småbyen - ikkje noko å kimse av, det der, forresten, i lys av Ibsen og Kielland som kan dette med utviklinga som går frå dei som sit att. men du verda som britane kan utnytte det som ligg i romanfigurane og lage film med dei!
Jeg skriver en Farce, baade gal og grundig; / den skal hede: 'Sic transit gloria mundi.'
Men husk, ved næste Korsvej vi mødes.
KNAPPESTØBEREN: Det er ikke muligt. Her har jeg min Ordre. / Se, her staar skrevet: Peer Gynt skal du fordre.
Det er en Overgang, som skrevet staar. / og somRæven sagde; man venter, der slaar / en Forløsningens Stund; [...].
Du var nu ætlet till en blinkende Knapp / paa Verdensvesten; men Hæmpen glap; / og derfor skal du i Vraggods-Kassen, / for, som det heder, at gaa over i Massen.
KNAPPESTØBEREN: Du derimod, Ven, du tog Synden lett. / PEER GYNT: Bare udenpaa, Ven, som et Søleskvætt. / KNAPPESTØBEREN: Nu blir vi enige. Svovelpølen / er ikke for jer, der plasked i Sølen - / PEER GYNT: Og følgelig, Ven, kan jeg gaa, som jeg kom? / KNAPPESTØBEREN: Nej, følgelig, Ven, skal du smeltes om.
PEER GYNT: Forstaar! Kjært Barn har mange Navne. / Ja saa da, Peer; det er der, du skal havne!
PEER GYNT: Ugjørligt! Saadan foruden Varsel -! / KNAPPESTØBEREN: Det er en gammel Vedtægt ved Gravøl og Barsel / i Stillhed at vælge Dagen til Festen, / uden ringeste Varsel for Hædersgjæsten.
Gjengangere - pastor Manders seier dette til fru Alving.
Det franske utanriksdepartementet gir, som sine kollegaer i andre land, ut publikasjonar med fakta om sitt eige land. Heldigvis klarer forfattarane å problematisere stoffet slik at boka ikkje berre blir eit skrytealbum, men det er jo ei grense for kor lenge ein kan presentere noko som "utfordringa" og "problem" når katastrofar står rett bak døra. Kunne ha vore artig å sjå ei tilsvarande bok i dag, på bakgrunn av Sarkozys herjingar.
Ikkje utprega stringent og pedagogisk, men viktig for å forstå endringane i romansjangeren i ein del av 1900-talet.
Artig å finne att eit lite - i format - tidsskrift av og for engelskstudentar på Blindern i midten av 1970-åra, med bidrag også av lærarar. Her mest om Dickinson, men også om Hawthorne og Eliot. Også ei kritisk røyst om gruppeundervisninga - bra!
Artig å finne att eit lite - i format - tidsskrift av og for engelskstudentar på Blindern i midten av 1970-åra, med bidrag også av lærarar. Vidt spenn frå renessansen og framover. Alltid viktig å ta vare på slikt - det kjem til nytte! Og glede!
Professor Horst Bien sendte meg eit særtrykk - "Kjell mit Grüss von Horst" - av ein artikkel i rit tifddkrift som trykte innlegg frå ein konferanse i Danmark om "Antifascismus in deutscher und skandinavischer Literatur". Bien klarer på få sider å trekkje opp linjer og bakgrunn. Fint å sjå tyskarar som Brecht og Seghers saman med skandinavar som Grieg, Kirk og Scherfig!
Så vidt eg kan sjå, var Rune Borgen Isaksens rapport om at han hadde fått boka, eit av dei fyrste innlegga i diskusjonen om ein av dei romanane som, ved sida av - eller helst over - Knausgård sine vil bli ståande som det mest djuptloddande og nyskapande i det fyrste tiåret i det nye tusenåret. At mange bokelskarar startar eigne trådar, gjer, som ei av oss har vore inne på, at ein lett mister lysta tilå gå inn i ein diskusjon. Men at dette er ein roman som fortener å bli lesen fleire gongr så tematikk og personar verkeleg blir sirkla inn, det er no sikkert.
Men Maria gjemte alt dette i sitt hjerte og grunnet på det.
Spennande, svært spennande, men mange tråder å halde orden på, og dei litterære kvalitetena er det vel så som så med. Forfattaren klarer likevel å skape spenning, ja.