Oj! Dette tek eg ikkje på sparket, og ikkje har eg tekst her heller. "Vildanden"?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For å forklare litt om namneskikken i Roma: Romrske mannsnamn bestod av tre delar - (1) praenomen, fornamn ("Lucius"), (2) nomen gentilis, slektsnamn ("Sergius") og (3) eventuelt eit cognomen, tilnamn ("Catilina") (no kom eg på at "cognome" jo er "etternamn" i italiensk i dag). Der ein gut ofte fekk det same fornamnet som faren ("Lucius"), fekk ei jente ofte slektsnamnet i hokjønn ("Sergia").

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fin innføring i diktinga til T.S. Eliot.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei gjendikting kjem aldri opp mot originalen – og lyt vurderast deretter. Kari Näumann er solid, og ikkje minst seriøs, men ho legg sjølv opp til at gjendiktinga av Federíco García Lorcas “Romancero Gitano” (1938) blir flatare enn Lorcas eigen tekst frå 1928. Hovudproblemet for ein gjendiktar av spansk poesi til norsk er vel originalens bruk av assonansrim, og berre i eitt av dikta, “Antoñito el Camborios død”, gjennomfører Näumann dette verkemidlet fullt ut. Resultatet blir at vi i dette diktet kjenner intensiteten hos Lorca, og det er bra, men det skulle då vel òg berre mangle,i ei bok som dette, men elles blir Bokvennens utgåve prega av prosaliknande og til dels tørre tekster, fjernt frå Andalucias sol og hamrande rytme. Men ikkje alt er grått: Inderleg og sterk er Gracía Lorca når han skriv om “Sankta Eulalias martyrium”; her formidlar gjendiktaren innsiktsfullt mykje av grunnstemninga i diktet. Derfor burde ho ha prøvd å skrive seg opp, så langt ho kan komme, opp på García Lorcas språklege nivå; det er ikkje nok, det ho gir oss. Derimot skriv Näumann gode og presise kommentarar til dikta – utan å opplyse kvar ho har informasjonen sin frå. I etterordet skriv Inger Elisabeth Hansen instruktivt om Lorca, men einig i alle vurderingane hennes om den spanske borgarkrigen er eg ikkje. Derimot uttrykkjer ho seg lærerikt og poetisk om uttrykket “duende”, som ho fint forklarer med at “duende”-n kan trollstemme, noko som passar godt på dette grunnelementet i denne delen av poesien til Lorca. Utgåva fungerer best som diskusjonspartnar når lesaren står fast på uttrykk i den spanske grunnteksta.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Wickedness is always wickedness, but folly is not always folly. It depends upon the character of those who handle it.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Human nature is so well disposed towards those who are in interesting situations, that a young person, who either marries or dies, is sure of being kindly spoken of.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kan tenkje meg at få følgjer dette til punkt og prikke i dag. Derimot er det mange som følgjer Moselova slik ho står, bokstav for bokstav, på andre område. Interessant!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er dei samla, originaltekstene med dei greske mytane: skapinga, døden, mysteriereligionane og ikkje minst myten om Eros og Psykhe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ettersom eg er ferdig med "Brand" og "Peer Gynt" i HIS, tek eg pause før neste bind for å lese "Ibsens Brand" - som eg fekk i adventspakka frå Bokvennen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje så verst, dette - populærvitskap, riktignok, og inga problematisering av at Egypt var eit slavesamfunn. men veldig fine innblikk i dagleglivet i Egypt, i perioden 3050-30 f.Kr. Kjærleik, krig pg ikkje minst død og dødskult speler ei stor rolle her. Fine illustrasjonar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For nokre få år sidan høyrde eg i adioen eit intervju med Lena Einjorn. Derfor kjøpte eg, neste gong eg var i Stockholm, denne boka. Forfattaren prøver å vise at Paulus er Jesus, dvs. at Jesus ikkje døydde (korsfesting var ein straffemetode, ikkje ein avrettingsmetode), men kom att litt etterpå og kalla seg Paulus. Hovudbeviset er Apostelgjerningane, 21.37-38. Forfattaren viser til mange kjelder som vi ikkje les til vanleg, så dette her er svært så interessant, men litt sært, då, kanskje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Der staar skrevet: det er ikke grejdt at forstaa, / hvor Skoen trykker, naar en ikke har den paa.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

At være sig selv, er: sig selv at døde.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det er derfor eg tek dei kronologisk no (starta i fyrste runde i 1969). Jo, vi har mange uttrykk frå "Brand" - "Evig eies kun det tapte", "Hva du er, vær fullt og helt" osv.; eg skreiv dei kanskje ikkje inn alle, nei.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så vidt eg kan sjå, inneheld denne samlinga høgdepunkta i novellekunst på russisk t.o.m. Gorkij- innanfor dei rammene som redaktøren har sett. Eg har funne fram att denne boka no i 2011 fordi eg prøver meg på Pusjkins "Spardame" i original, pg då nyter eg godt av omsetjinga til Annelise Urbye.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja. "Lucius" er den lysande, han som er fødd ved dagslys. Hokjønnsforma er sjølvsagt Lucia.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I denne runden med Ibsen, der eg tek føre meg "Henrik Ibsens skrifter", og som eg byrja med før det prisverdige initiativet frå kjellk om å ta Ibsen i fellesskap, har eg særleg konsentrert meg om "Peer Gynt" i eit språkleg perspektiv md vekt på rimkunst og uttrykk som lever vidare i språket; vi kjenner jo historia om han som ikkje likte "Per Gynt" fordi stykket hadde så mange sitat - og så var det nettopp "Peer Gynt" som var opphavet til alle desse uttrykka som språket vårt er så fullt av. Eg har ført opp dei som eg meiner er høgdepunkta under "Sitater fra boka". For meg framstår altså "Peer Gynt" denne gongen som eit språkleg meisterverk. Tydelegvis måtte Ibsen gå ein runde med "Brand" fyrst - og så kom "Peer Gynt" nesten av seg sjølv, sa han; dette gjeld nok òg for språk og rim, ikkje berre tematisk. I femte bindet av "Henrik Ibsens skrifter" er altså både "Brand" og "Peer Gynt" med, dei to motplolane som her går saman om å uttrykkje sentrale idear i Ibsens forfattarskap.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I denne runden med Ibsen, der eg tek føre meg "Henrik Ibsens skrifter", og som eg byrja med før det prisverdige initiativet frå kjellk om å ta Ibsen i fellesskap, har eg særleg konsentrert meg om "Peer Gynt" i eit språkleg perspektiv md vekt på rimkunst og uttrykk som lever vidare i språket; vi kjenner jo historia om han som ikkje likte "Per Gynt" fordi stykket hadde så mange sitat - og så var det nettopp "Peer Gynt" som var opphavet til alle desse uttrykka som språket vårt er så fullt av. Eg har ført opp dei som eg meiner er høgdepunkta under "Sitater fra boka". For meg framstår altså "Peer Gynt" denne gongen som eit språkleg meisterverk. Tydelegvis måtte Ibsen gå ein runde med "Brand" fyrst - og så kom "Peer Gynt" nesten av seg sjølv, sa han; dette gjeld nok òg for språk og rim, ikkje berre tematisk. I femte bindet av "Henrik Ibsens skrifter" er altså både "Brand" og "Peer Gynt" med, dei to motplolane som her går saman om å uttrykkje sentrale idear i Ibsens forfattarskap.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Streken er vel over "o" for å markere lang vokal. Ja, dei brukte det vi kallar "etternamn" - på mennene.Skal undersøke litt om namnetradisjonar. Interessant det om Lucius; Ibsen kan ha utnytta dette symbolsk, men her heiter rollefiguren det sme som den historiske personen, så "Lucius" var der alt. Dette er artig!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her er du inne på noko interessant, for sjølv om hovudpersonen heiter "Lucius Sergius Catilina", var det nok berre "etternamnet" - Catilina - som vart brukt (jf. Ciceros taler "In Catilinam"). Caesar omtaler seg som "Caesar" i "De bello gallico". men korleis det var elles, i det daglege samværet, kva sa romarane då, tru? "Du Iulius, skal vi gå i badet i ettermidag?", "No, Marcus, korleis var det i senatet i dag?" osb. - sa dei slikt? Og altså under flørting: Ville Catilina då ha kalla seg sjølv "Lucius"? Her bør vi lese meir om romersk namneskikk og tiltalepraksis - utan at eg her og no har faglitteratur å vise til ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Per LundKirsten LundmarvikkisTurid KjendlieMariannelittymseAnne Berit GrønbechTor Arne DahlHanneMads Leonard HolvikMcHempettIngvild SAlice NordliPiippokattaNorahChristofferBeathe SolbergBeaKareteIngunn SVannflaskePernille GrimelandOleL. SeljeliKnutMRisRosOgKlagingTone HellinoronilleCathrine PedersenTorill RevheimDemeterAnn Helen EMarit FagernesAlexandra Maria Gressum-KemppiHeidiEivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenKjell F TislevollHelena E