Og varm av lykke går jeg her og kjenner: / i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot. / For her er allting skapt av menskehender - / fra lyset ned til stenen ved min fot.
De unge bjerkene i svarte byen / de står og bruser med sitt lyse løv, / som om de åndet store skogers vårluft / og ikke skorstensrøk og gatestøv.
Hundreårsutgåva av Rudolf Nilsens dikt, med publiserte og tidlegare upubliserte. Dei er alltid like nye, for dei er så sterke, så ømme, så harde. Ingen kunne ta han på det formelle; her flyt rima av garde - her er bileta, på ei og same tid knytte til byen, til klassa, til kampen - og til draumen og håpet og framtida. Han diktar om det han vil vekk frå, men han gir arbeidsfolks liv og arbeid og miljø ein eigen verdi, for det vi har i ryggmargen, skal vi tru på og vere stolte av. Ein dialektikkens meister, Rudolf Nilsen: Verdiane frå nr. 13 skal bli med dit nr. 13 ikkje er ...
Kommentarbindet opplyser at diktet står i samlinga "Digte" (1871), men at det tidlegare hadde vore trykt i "llustreret Nyhedsblad" 14.3.1858. Det er stor forskjell mellom desse to versjonane. Det som stgår i sitatteikn, kan, som du seier, vere dette fyrste diktet. "Skyslott" kan nok tolkast som "luftslott", ja.
Lokalhistorie med vekt på selskapslivet på Toten i gamle dagar, men også om brenneria - og litt Wergeland, som jo hadde tilknyting til denne fagre bygda. Godt å få årboka kvart år og lære meir om røtene.
Nyttig gjennomgang - og kritikk - av måten norsk språk blir brukt på i dag, særleg i skolen. Det verste er det tørre og tomme lærebokspråket som det er lite å lære av ...
Dahl kombinerer både nær- og "fjern"-lesing av litterære tekster, og det i ei tid der mange gjorde anten det eine eller det andre.
Uhyggeleg - blodbryllaup er dette om, opprivande, som på oppsetjinga til Nationaltheateret for nokre år sidan ...
Gode observasjonar! Ibsen gjorde det dårleg i gresk, så eg trur at jamføringa med "Medea" er tilfeldig. Eg har ikkje kontrollert dette mot kommentarbindet. Ein veit aldri.
Fint. Å forveksle kjønn på substantiv er INGENTING mot for det som Google kan stelle i stand!
Be samme bønn for meg, venner har alt felles.
I dette Platon-bindet finn vi "Faidon", "Symposion" og "Faidros". "Symposion" blir høgdepunktet, det finaste som er skrive innanfor Platons verdsoppfatning. Som Sokrates ironiserer over og med samtalepartnarane sine! For meg, akkuart no, er "Faidros" særs interessant, for eg driv med "Kvitebjørn kong Valemon" og "Eros og Psyche" med elevane mine ...
Her er det berre å slutte seg til!
Sigmund Skard kombinerer god forteljarkunst, høgt fagleg nivå og variert framstillingsmåte. Tekstene er om Dass og Bellmann - og Wergeland, Vinje, Brandes og fleire til, m.a. Marcus Thrane. Somme skriv om å kvitte seg med bøker, men eg vil ha bøkene mine, også denne, som eg kanskje ikkje har opna på eit kvart hundreår.
Eg er veldig einig med deg - no ville eg helst ha lese desse dikta i original, men eg har dei ikkje på spansk, og så fekk eg denne her tilsendt frå Bokvennen. Mange av dikta blir for prosaiske; rart, forresten, for det Neruda gjer, er jo nettopp å poetisere kvardagen, å fylle det kvardsagslege med poesi: Maten vi et, katta vår, ordbøkene, regnet - og dovenskapen! Gjendiktaren Kari Näumann er faktisk best når ho gjendiktar det aller mest prosaiske, i "Ode til tingene". Og som du seier, fortener "Ode til tomaten" og "Ode til løken" å bli lesne, uansett. "Ode til katten" kjende eg ikkje frå før, så dette var eit fint dikt å lese for ein katteeigar.
Tiltalande bok, men meir om hotell og klubbar enn om stader eg vil sjå og korleis eg skal komme dit. Men det skal eg - komme dit, altså, om nokre veker.
Kortfatta, men så mykje meir oversiktleg om Cleopatra.
Denne diskusjonen har etter kvart byrja å handle om andre ting enn mannen frå La Mancha - men det er nødvendig å seie at Google traductor passar best til enkle, konkrete glosar ...
Jeg forstår ikke katten. / Jeg har greie på alt, på livet og dets arkipel, / havet og den uberegnelige byen, / botanikk, / kvinnehuset med sine utskeielser, / matematikkens pluss og minus, / verdens vulkanske kratere, / krokodilletårer, / brannmannens oversette godhet, / sogneprestens blå atavisme, / men jeg greier ikke å tyde en katt.
Eg starta med lydboka denne gongen, lesen – med få feil i fransk og spansk og engelsk og andre språk som namn kjem føre på – av Duc Mai-The, som fint formidlar hovudpersonens opplevingar med – og utan! – “rampejenta”. På ein måte er dette ein roman om den store kjærleiken, som i Gabriel García Márquez’ “Amor en tiempos de cólera”, men langt svakare, og hos Paulus, den som held ut alt - men det blir lite truverdig. Lidenskap, svik og oppreising, ikkje så altfor originalt skildra. Og nye svik. Fengslande – og altså utruleg lite sannsynleg. Altfor mange tilfeldige møte, skulle ein tru. Men så interessant, då, at forteljaren er tolk og omsetjar; han driv det ikkje til noko eige i livet, noko å stå for – og så er det til og frå med denne jenta. Forfattaren byggjer opp og byggjer opp, og jenta kjem – og går – og riv ned alle voner. Men så skjer det “metamorphoses” med både henne og han; jenta er litt meir ærleg på slutten, og “Metamorphoses” er nettopp tittelen på ei danseoppsetjing som endrar kursen for Ricardo, i alle fall er det vel slik dette innslaget kan tolkast, utan at det blir ein integrert del av handlinga. Men er det nobelprisklasse over dette? Nei, eg synest ikkje det. Ei fengslande historie som ikkje heilt er til å tru på, og heller ikkje særleg meir. Likevel er eg fullt bestemt på å ta romanen på spansk med det fyrste og gi han ein ny sjanse. Så fint grep om omsetjinga desse Risvik-folka har, forresten – skikkeleg gode norske uttrykk som passar så godt i samanhengen.