'Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.

(Luk 3,11)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frykt, blir hogge ned og kasta på elden.

(Luk 3,9)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

VI.11.VI Første møte med Smerdjakov
Ivan går til Smerdjakov. Ivan var borte frå gravferda til faren; han kom ikkje tilbake «til oss» før etter gravferda, seier forteljaren, som er del av fellesskapet i landsbyen. Vi får vite om det dårlege forholdet mellom Ivan og Mitja. Og Smerdjakov: hadde han anfall på ordentleg da gamle Karamasov vart drepen, eller simulerte han? Det blir kraftig diskusjon mellom Ivan og Smerdjakov om situasjonen som oppstod etter mordet. Ivan seier at han er sikker på at Mitja er mordaren og argumenterer grundig for synet sitt. Seinare møter han Aljosja på gata. Og vi les:

Fra den dagen la Aljosja merke til at Ivan likesom begynte å unngå
ham. Han følte at broren ikke lenger var glad i ham og sluttet derfor
å besøke ham.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

VI.11.V Ikke du, nei ikke du!

Utanfor huset til Katerina Ivanovna møter Aljosja broren Ivan, som akkurat har vore der. Katerina ber begge om å bli med inn; Ivan var på veg ut att da Aljosja kom. Emnet for samtalen er morgondagens forhør.

Katerina ber Aljosja om å følgje etter Ivan. Aljosja gir han brevet frå Lisa, som Ivan seier «byr seg fram». Aljosja og Ivan snakkar om kven som kan ha drepe faren. «Du har jo flere ganger sagt til deg selv at du er morderen», seier Aljosja til broren. I denne replikkvekslinga var det «som om det ikke lenger var han som snakket, det var som om han ble styrt av en annens vilje, som om han sto under innflytelse av ukjent, høyere makt». Tittelen på kapitlet kjem frå replikken der Aljosja seier «Men det er ikke du som er morderen, du tar feil, det er ikke du, hører du! Gud har sendt meg for å si deg dette.».

Ivan vil gå til Smerdjakov, som nå bur hos Marja. Dit skal Ivan nå, «drevet av en plutselig og uimotståelig tanke».

Godt sagt! (1) Varsle Svar

VI.11.IV Hymne og hemmelighet

Aljosja går til fengselet i heimbyen, som på norsk heiter Krøtterstad. Altså ikkje sentralt i urbane strøk av Russland. Vi får vite at Rakitin er huslærar hos fengselsinspektøren. Claude Bernard, som blir nemnd fleire gonger, var ein fransk lege og fysiolog. Rakitin seier at «[e]n klok mann kan gjøre kva han vil», noko som får meg til å tenkje på ein annan roman av Dostojevskij, Brotsverk og straff, der Raskolnikov gir uttrykk for liknande overmennesketankar. Interessant at tankegods frå tidlegare delar av verket nå dukkar opp att, med spørsmål om korfor det vesle barnet er så fattig (s. 103) og at alle ber skyld (s. 104). «For mennesket kan ikke leve uten glede», står det, vakkert sagt, er det. Og igjen: «Amerika er bare tomhet og jag.» (s. 109); det minner om Forkynnaren, der det i ei eldre riksmålsutgåve heitte at «alt sammen er tomhet og jag efter vind».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

VI.11.III Djevelungen

Aljosja er hos Lisa, som har noko «ondskapsfullt og samtidig noe troskyldig» over over seg; det er vel akkurat dette uttrykket som forteljaren bruker her, som vi tidlegare har tenkt passar på ungjenta - som Kolgakov har fridd til. Lisa vil gjere det vonde, seier ho, i ein slags allusjon til Paulus i Romarbrevet, som gjer det vonde som han îkkje* vil? Og Aljosja følgjer opp: «Det er stunder da menneskene elsker forbrytelsen». Lisa ber Ajosja om å levere eit brev til Ivan, det var derfor ho hadde bdt han om å komme; her møter vi kommunikasjon før mobiltelefonens og fjesbokas tid. Men framfor alt er dette eit veldig viktig kapittel pga. det som står om vondskap og brotsverk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For det er av en eller annen grunn gjerne slik at vi lettere oppdager noe feilaktig hos andre enn oss selv. Derfor kan lærerne lettest rette på feil hos sine elever, hvis de selv gjentar disse feilene for å vise hvor ille de er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka til Vigdis Ystad kjenner eg ikkje, men ho skriv sikkert godt og nyttig, mest som innføring, kanskje? Mannen hennes, Daniel Haakonsen, representerer nykritikken, mens Francis Bull står for det historisk-biografiske synet. Det er jo eit spørsmål om kva ein er ute etter. Otto Hageberg har redigert ei samling med ulike syn på det dramatiske diktet. Kanskje ville eg i denne samanhengen slå eit slag for Sverre Mørkhagens bidrag, som går inn på dei sagna som ligg til grunn for Ibsens Peer. Interessant lesing!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sikkert. Men det finst fleire, m.a. desse.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er to former for spøk. Den ene er plump, frekk, nærgående og smakløs, den andre er fin, beleven, åndrik og elegant.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men krig bør man bare innlate seg på når det er klart at man gjør det for å sikre freden.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

VI.11.II Vondt i benet

Neste gamle kjenning er fru Khokhklakova, det er ho som har vondt i beinet, og dottera Lise, som har sendt bod etter Aljosja. Bladet Rykter (!) har ein artikkel om saka mot Mitja, og artikkelen er, så vidt eg kan skjønne, skriven av Rakitin, som da òg står bak nidvisa om frua. Ho fortel litt av kvart, også at Ivan har besøkt Lise. Ikkje rart da at Aljosja vil til Lise, som eg meiner ho har heitt heile tida, men som fyrst i neste kapittel blir omtala som Lisa. Om det eine namnet er kjælenamn for det andre, eller omvendt, veit eg ikkje.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

VI.11.I Hos Grusjenka

Så arbeider forteljaren seg fram mot at han skal ta føre seg Ivan. Da treng han Aljosja, sjølvsat, og Grusjenka, ikkje noko(n) mindre. Og polakkane, som vi hugsar. Grusjenka meiner at det er «denne tjeneren» som må vere drapsmannen. Katerina Ivanovna blir òg brakt på bane, og dermed er trådane i gang med å bli nøsta opp til vi kan møte Ivan; han har alt besøkt Mitja, får vi vite.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ånda er villig, men kjøtet er veikt.

[Mark 14,38]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

VI.10.VII Iljusja

Eit stutt kapittel avsluttar den tiande boka. Det dreier seg om sjukdommen til Iljusja og den noko merkelege dokteren, som blir provosert av Kolja, og Kolja vil berre lystre Aljosja. Også Kolja blir rørt av orda til Iljusja på dødsleiet. Aljosja kan oppklare uttrykket «Glemmer jeg dig, Jerusalem», og eg kan tilføye at uttrykket stammar frå salme 137:

Gløymer eg deg, Jerusalem,
så lat mi høgre hand bli gløymd!

Store norske leksikon har ein artikkel om Jerusalem i jødedommen her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ta dette begeret frå meg!

[Mark 14,36]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

VI.10.VI Tidlig moden

Diskusjonen om Guds eksistens dukkar nå opp att - dersom Gud ikkje var til, seier den veslevaksne Kolja, «så måtte man oppfinne Ham». Interessant at Kolja og Aljosja kjem inn på Voltaires Candide! Og kolja erklærer seg som sosialist, og meiner at Kristus ville ha vore revolusjonær om han hadde levd på 1800-talet. Denne meiningsutvekslinga gjer at dei kjem inn på Rakitin - og seinare Pusjkin. Så kjem dokteren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne utsegna er bakgrunnen for tittelen på ein roman av Jens Bjørneboe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.

[Mark 14,30]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lagt inn ein del sitat frå originalutgåva her. Tenk at heile romanen, på rundt 490 sider, leier fram til dette:

—¿Y hasta cuándo cree usted que podemos seguir en este ir y venir del carajo? —le preguntó.

Florentino Ariza tenía la respuesta preparada desde hacía cincuenta y tres años, siete meses y once días con sus noches.

—Toda la vida —dijo.

Så sterk var kjærleiken i koleraens tid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Cathrine PedersenTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethPiippokattaRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken RøilVannflaskeTine SundalAlice NordliMorten MüllerTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaJane Foss Haugen