Har lese halvparten. Litt opp og ned - trur du har rett.
Takk for påminninga - eg har boka, men hugsar ikkje alt eg har lese ...
Nei, dessverre. Eg har lese Bibelen på nynorsk og bokmål, og den latinske utgåva les eg litt i kvar sundag; i alle fall er dette intensjonen. Dei dei andre har eg plassert som oppslagsverk: Tida strekk ikkje til til anna enn å samanlikne ein del vers i ny og ne, og elles bruker eg dei til å hente fram uttrykk på engelsk, spansk og russisk når eg treng dei i ein samanheng. Oversyn over utgåver av Det nye testamentet kjem seinare.
Her er bøker i samlinga mi med forfattarar frå fleire språkområde.
Bøker som innheld tekster som i original var forfatta på hebraisk og gresk.
Det er ein kar som har skrive bok om ordtaka i Don Quijote. Han lyt ha hatt det morosamt (og arbeidssamt).
Jo, eg skal følgje opp. Men som med dei fleste andre av oss, i den grad vi kan snakke om fleste lenger, går det litt opp og ned med når eg kan fordjupe meg i kommentarane. Denne gongen har eg hatt med riddar og væpnar (i original og i Ws omsetjing) på reise til og frå Lübeck – og fann sjølvsagt, i Thomas Manns «Das Buddenbrookhaus» - de elskelege Meerfahrt mit Don Quijote; på reisa til USA i 1934 hadde Mann med seg nettopp våre to venner på dampbåten over havet. Rapport om denne vesle boka følgjer!
Men derfor har eg ikkje fått notert så mye om diskusjonane om riddarvesenet, riddarlitteraturen og Dulcineas eksistens. «Caballero soy y caballero he de morir,» seier don Quijote – riddar er han, og som riddar skal han døy: Inga betring i sinnstilstanden ennå.
Orda hans om å bli udøyeleg er henta frå nokre linjer av Garcilaso de la Vega som vi møtte i II.6.
Vi kan halde fram, ja, med parallellar til Holberg. Jacob Bidermanns roman Utopia, interessant nok frå 1604, var ei viktig kjelde til Jeppe paa Bierget, så Cervantes kunne altså kanskje ha gjort seg kjent med motivet med den forvandla bonden.
Der Sancho Panza seier cirimonias, bruker W korrekt «serimonier».
Vi finn ein referanse til Poema de mio Cid (v. 3114ff.) der vi les om skammelen til Cid Ruy Díaz Campeador.
Ws «enkefru Rodríguez, hoffdamen» («doña Rodríguez la dueña») seier «Y ¡cómo que no mienten!» («Og de lyver sannelig ikke») er, seier LAM, uttrykk for at ho er ei enkel sjel («la simplicidad de la dueña»); ho kjenner sjølvsagt ikkje att linjene frå romancen til Lanzarote.
Hertuginna gir Sancho Panza rett: «nadie nace enseñado» - «ingen fødes fullt utlært» (nei, men du verda så mykje det er å lære i denne samlesinga!).
Micael Verino var ein diktar frå Firenze som døydde atten år gammal, i 1487, opplyser LAM. W omset latinen («florentibus ovccidit annis» - «(og det betyr at han døde i sin ungdoms vår)», men det gjorde ikkje Cervantes. Nei, publikum er ikkje det same lenger – o tempora, o mores …
Ikkje alle utgivarane skriv det som LAM gjer, på slutten av II.33: «en las jumentiles y así niñas». LAM seier at Sancho her har eit ordspel med niñas de los ojos (som er nemnt litt tidlegare). Somme utgivarar skriv «asininas», dvs. «asnales» - og dermed er vi tilbake til eselet (asno) igjen. Eg ser at W og G&K vel litt ulike løysingar her med tanke på Niños de los ojos («skatt» og «øiensten»), men vi kan alltids leve med forskjellige løysingar når grunndokumentet tydelegvis er uklart. Eg trur likevel at W har arbeidd svært grundig, i samarbeid med spanske ekspertar.
Og nest etter Dickie: Long John Silver i R.L. Stevensons Treasure Island ...
Dracula.
Lista innheld bøker på latin frå fleire geografiske område enn Romarriket - og fleire epokar enn antikken
Fint det der med Holberg. Eg trekte kanskje fram ein del parallellar på det generelle planet da vi dreiv med bind I (draum og røyndom, kva verd er den verkelege). Fint med konkret parallell, ja.
Kong Sigurd var stor av vekst; og han hadde brunt hår. Han var mandig, men ikke vakker. Han var velvoksen og snar i vendingen, fåmælt og oftest ikke vennlig; han var vennegod og trofast; han hadde ikke lyst å tale mye, holdt på formene og var verdig.
DOKTOR STOCKMANN
Ja visst, ja visst! (samler dem om sig og siger fortrolig) Sagen er den, ser I, at den stærkeste mand i verden, det er han, som står mest alene.
Bøker som inneheld tekster på både gresk og russisk og/eller bøker med omsetjingar frå både gresk og russisk
Bøker med tekster på både gresk og latin og/eller omsetjingar frå både gresk og latin. Pluss litt sekundærlitteratur.
Ættesogene er prega av ein knapp stil, veksling mellom scener og referat, underdriving og ein autoral og referarande synsvinkel. Skal ei ættesoge dramatiserast, lyt ein bruke heilt andre litterære verkemiddel. Og det har Radioteatret gjort. Resultatet har vorte eit rått, sydande, framfust, ironisk og levande stykke der vi - gjennom vår tids øre - får høre kva som kunne ha vorte sagt og tenkt der soga referer på sin ordknappe måte. For herer det liv frå fyrste stund, eller frå fyrste hogg, dvs. når hovudpersonen bruker øksa på leikekameraten. Mye er lagt til, og deter gjort på ein så artig måte at får å gjere med ein satire, ikkje berre over vikingtida, men òg over vår eiga tid: Egil Skallagrimsson blir ein Dickie Dick Dickens i kamp mot fortidas Jim Kjøtthue, Eirik Blodøks. Lytt og le!
Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.
(Luk 13, 30)
En skulde aldrig ha' sine bedste buxer på, når en er ude og strider for frihed og sandhed.
Det er jo fremdeles en svært fin historie. Selv hadde jeg i alle fall stor glede av å lese den igjen nå i våres.
Og eg har lese ein stad at Dickens godt kunne ha teke hardare i for å skildre skolemeistrane slik dei kunne vere på verste. Forferdelege saker, ja.