GREGERS Og så blev det til forlovelse?

HJALMAR
Ja. Unge folk kommer jo så let til at holde af hinanden -; hm -

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HJALMAR
[...] hun er så flink og så bra' en kone, som nogen mand kan forlange. Og hun er aldeles ikke uden al dannelse.

GREGERS lidt forundret
Nej, det er hun da vel ikke.

HJALMAR
Nej, livet opdrager, ser du. Den daglige omgang med mig -; [...].

Godt sagt! (1) Varsle Svar

GREGERS
Ja, det er det rigtignok. Nå, hvorledes har du det så? Du ser godt ud. Du er næsten ble't fyldig og svær.

HJALMAR
Hm, svær kan man vel ikke kalde det; men jeg ser rimeligvis noget mandigere ud end dengang.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, det er dette som eg har klaga over. Utan å få svar. Dei skulle berre visst, der borte, kor mykje vil les her aust!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flott. Den skal jeg lese! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vart positivt overraska: Kjempegod oppbygging, spenning på spenning, stadig fleire tråder - og topp opplesing av Helge Winther-Larsen (burde ha hatt dansk lydbok, da!). Litt usikker på assistenten og bakgrunnen hans - er han der for å få litt ekstra hjelp på sida av lova? Motivet og handlingane til skurken kunne verke litt usannsynleg, men så kom 22. juli ...

Altså: Bra, teknisk sett. Pluss ein del riktig gode formuleringar. Men flat som dei fynske alpar i personteikning og ikkje minst på temaplanet. Ingenting anna enn spenninga ber denne boka oppe. Men visst er ho spennande!

Synd det var så mange trådar her, for ein einaste roman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gutten hadde mistet følelsen av å være bortglemt. Det er noe av det praktfulle med både det å være barn og være blant barn, de glemmer så hurtig. De vender så lett, som om de var små grønne blader i en vind. Jeg tenker helst at det er en gave både til dem selv og oss som ikke lenger er barn, for å være voksen og bære tunge sekker av nag er ikke noe å trakte etter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

TENK, OM BARNA visste hvor mye trøst de gir sine foreldre. Men det vet de ikke. Og det skal de heller ikke vite.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Tone Selboe skreiv i Morgenbladet for 4.-10.11.2011 eit bokessay om den siste Dickens-biografien. Her seier ho det same som eg har svara deg om føljetongprinsippet - bortsett frå at ho seier at alle romanane hans vart til på denne måten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker i samlinga med tekster frå fleire land i den engelskspråklege verda


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vår store kunsthistorikar H.P. L'Orange var relativt ung da han i 1932 gav ut Mussolinis og cæsarernes Rom i billeder fra reguleringen og de siste utgravinger. Det var ikkje Mussolinis styre; den farlegaste motstandaren åt den fascistiske diktatoren, Antonio Gramsci, hadde da sete i fengsel i seks år. Likevel viser nordmannen at han var fascinert (!) av Mussolini og dei arkeologiske utgravingane som statsleiaren sette i gang. Dette blir nyttig lesing om ei interessant side ved mellomkrigstida: På den eine sida kan vi i dag nyte resultatet av utgravingane frå denne tida, og seinare, sjølvsagt, og på den andre sida kjem vi ikkje utanom at utgravingane tente Mussolinis politiske prosjekt: Det han såg som Italias stolte fortid, skulle fram i lyset og gå inn i fascismens ideologi om eit stort Italia. Dette ser ikkje L'Orange i noko kritisk lys; derimot skriv han stolt om korleis han med ærefrykt intervjuar Mussolini ...

Eit interessant tidsdokument, altså, med flotte tolkingar av arkeologiske objekt og ikkje minst sjeldant presise "lesingar" av arkitektur og kunst i byen over alle byar. Glad eg fann denne boka på eit antikvariat i Oslo i vår.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mine altfor få antologiar frå det tysktalande språkområdet.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har nå sett ferdig dei 12 episodane av Oliver Twist i BBcs The Charles Dickens Collection. ein dvd i ein "Charles Dickens Box" eller noko slikt som eg kjøpte i julegåve åt meg sjølv i fjor. Eg har sett frå éin til tre episodar ein kveld i veka, anten fredag, laurdag eller sundag. Helst ville eg ha hatt eit heilt fast tidspunkt, med neter, sukkerfri sjokolade og raudvin eller portvin, men ettersom eg er einig med Bibelen i at det ikkje er godt for mennesket å leve aleine, jenkar eg meg etter den andre her i huset. Men i kveld er eg ferdig med dei 12 episodane, og reaksjonen min er todelt:

For det fyrste: Dickens karikerer; det er noko av poenget, noko av heile prosjektet hans (det er så moderne å snakke om "prosjekt"). Men han gjer det lunt, med hint, og med humor. Ingen gjer han dette etter.INGEN. Men enkelte av skodespelarane overspeler, og da blir resultatet overdriving, og alt det lune, det som vi humrar til, forsvinn.

For det andre: Ja, det er så, men som heilskap er desse 12 episodane store. Å, så godt å sjå på det frodige folkelivet i London i fyrste halvdelen av 1800-talet! Her er fleire store scener, som eg humrar til og bøyer meg i støvet for: Ikkje minst tenkjer eg på jakta på Bill Sikes der oppe på taka, og - særleg - på scenene med Nancy. Dette er gripande, dette er livet, dette er Dickens på sitt beste, fordi han skildrar livet slik det er, med alle fasettane som tenkjast kan. Og her har også Bill Sikes sin plass. Og Fagin: han blir spelt av Eric Porter, som spelte Soames i The Forsyte Saga, frå slutten av 1960-åra. Gledeleg gjensyn! Neste fredag skal eg sjå på ein spelefilm. Å, så godt å ha starta feiringa av Dickens-året!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har prøvd å rette overskrifta. Vanskeleg å gå inn i andre folks hjerne ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja vel. Du har mest. Om både Ibsen, Bjørnson og Hamsun. Kanskje er eg breiare. Men "In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister". Eg kastar inn handkledet (på dette området).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nyttig oversikt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har drive mykje med Holberg både som student, lektor og for meg sjølv, så eg har visst i mange år at Hioøberg bygde på ein Bidermann, og eg slo opp ein stad da eg skulle skrive innlegget for å sjå kva boka heitte og når ho kom; kanskje var det Wikipedias artikkel om Jeppe pa Bierget? Fint at du har sett på årstala og tenkt, midt på natta til og med, og eg reknar med at om det ikkje var direkte påverknad, så var motivet med den forvandla bonden kjent. Vi lærer og lærer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heldigvis for oss lesarar har ikkje II.35 så mange utfordringar; LAM har faktisk nesten ikkje kommentarar til det lange diktet, som derfor ser ut til å vere skrive av Cervantes utan allusjonar og referansar.

W skriv at det var ein pønitent i kvar vogn; G&K bruker «en der gjør kirkebod». Dette er i og for seg greie omsetjingar av «un diciplinante de luz», men lesarane går på denne måten glipp av det LAM seier er forskjellen mellom en «un diciplinante de luz»(«lys») og «un diciplinante de sangre» («blod»). Dei sist nemnde angrande syndarane ber altså ikkje lys og faklar, men blir piska. I følgjet ser vi òg «una ninfa» og ein kar med spesielt fine og lange klede, rozagantes, som er «la mesma figura de la muerte», «selveste dødens ansikt».

Balladen opnar med «Yo soy Merlín», men LAM gjer oss merksame på at i II.23 var det Merlin som i hola forheksa Durandarte og Belerma, men her er Merlin den vismannen som seier korleis dei skal løysast frå forheksinga.

Men eg tenkte at eg skulle undersøkje litt om dei skjellorda som dQ lèt hagle over SP: W skriv

Å, du ulykkelige væpner, du hjernetomme sjel med hjerte hårdt som korkek og et forherdet indre dekket med kampesten og flintesten!

G&K har

O du elendige våbendrager, din pjalt, din ufølsomme hund, dit uhyre!

Cervantes vil sikkert ha eit ord med i laget, han òg:

¡Oh malaventurado escudero, alma de cántaro, corazón de alcornoque, de entreñas guijeñas y apedernaladas!

Éin ting er at G&K verkar litt raske på labben her med å slå saman uttrykk og vere friare enn W. Men kva seier dQ eigentleg etter å ha vendt seg til den elendige våpendragaren? Hjernetom eller pjalt – det er spørsmålet. Han blir altså kalla alma de cántara, og alma er «sjel», så kva slags sjel har eller er han? Substantivet cántara tyder «(mælke)junge», det kan vere eit rommål («godt 16 liter») og det kan vere det same som cántaro: «stor hankekrukke; vandkrukke», ikkje nokon kompliment i noko tilfelle, sikkert. CLAVE seier det same, presiserer at målet er 16,1 liter og fortel at ordet kjem av det latinske cantharus, beger med to hankar, men seier ingenting om det som skjellsord. G&Ks pjalt har eg heller ikkje hørt som skjellord, men eg ville ikkje like å bli kalla det. Meiner Cervantes at dQ samanliknar sjela til væpnaren med ei tom krukke, og er det derfor W seier «hjernedød»? Kanskje er det ikkje så dum ei løysing – i alle høve betre enn «pjalt».

Andre som har idear? Eg skal lufte saka for henne som eg har slege pjaltane mine saman med, min praktiske livsledsagar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og du har sett at eg skriv om Jacob Bidermanns roman Utopia - og ikkje den meir kjende Utopia av Thomas More?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker om Jens Bjørneboes liv og forfattarskap


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

TanteMamieTonje-Elisabeth StørkersenIngvild SChristofferHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TKirsten LundBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Jan-Olav SelforsLinda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalAgnesVannflaskeHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad Wøien