Ja, har sett den boka! Det er fleire slike, i alle fall ei om Pinocchio!
Dei fleste av dei lærebøkene som eg har (jf. lista mi for islandsk språk) kjøpte eg i det som heitte Univesitetsbokhandelen i 1970-åra. Eitt læreverk fekk eg av Ivar Orgland. Bøkene i lista "Om islandsk litteratur" handlar om den delen av norrøn litteratur som vart skriven på Island. Det som eg har av nyislandsk skjønnlitteratur i original, skriv seg frå to turar til landet. I 1977 kjøpte eg litt og fekk nokre bøker av forfattarar som eg trefte, og da kona mi var der i 2010, kjøpte ho med nokre romanar.
Hele livet igjennom var han en fantastisk figur, på en gang latterlig og demonisk. Med noen få forandringer kunne han sittet på toppen av Notre Dame kirke og sett ned på gaten.
Fint! Er sjølv den type lærar - viste ein filmversjon i dag, og skal repetere forteljinga for meg sjølv i jula, innimellom rettinga ...
Bøker i samlinga med tekster frå Island, Færøyane, Sverige, Danmark og Finland
Quentin Patrick har noen av de mest spennende bøkene jeg har lest på samvittigheten. :)
Anbefaler deg å lese 'Døden på asylet'
Jeg veit ikke om det stemmer, men det som har slått meg gjennom barnehagetida og de første skoleåra, er at gutter blir født som barn, jenter som små kvinner.
Nei, ikkje på dei siste 200-300 åra. Men det var som gammalnorsk, berre i ei litt anna retning. "Vår far, du som erihimmelen" = "Favor i ir i chimrie". Mange restar i dagens øydialekter, som "kenst du" eller noko slikt for "do you know".
Ja, språket som utvikla seg på desse to øygruppene heiter norn. Trur det døydde ut på 1700-talet. Tøftspråk, men eg har berre bladd i boka som eg kjøpte der borte.
Å ja! Eit favorittspråk! Når ein kan ein god del norrønt, går nyislandsk etter måten greitt. Men i alle språk er ein alltid på veg; det gjeld å sjå bakover, på det ein kan, og ikkje bli fanga av alt som ligg føre, alt ein ikkje kan - ennå.
Bøker om norn, det norrøne språket på Orknøyane og Shetland
Bøker i samlinga om islandsk litteratur
Ikkje så mykje å diskutere her, kanskje? Eg har notert meg dette:
I II.49 ser vi at Cervantes byter på; sist måtte vi forlate don Quijote for at vi her skulle kunne følgje Sancho Panza og dermed oppnå likevekt, samtidig som forfattaren held på spenninga. Dokteren, «Sterkvarsel» (W) / «Peter Varselmand» (G&K), heiter forresten Pedro Recio hos Cervantes, og recio betyr «sterk», «hard», «kraftig», «streng», «sur» (dette med varsel får eg ikkje heilt tak på). Etter ein del om og men med spelebuler og andre ting «guvernøren» lyt ta seg av, møter han ei jente som fyrst seier at ho er den sekstenårige dottera til PedrovPérez Mazorca, skatteoppkrevjar for ullomsetjinga, og deretter lyt ho bli realitetsorientert og seier at faren er Diego de la Llana (ingen av desse namna utløyser kommentarar i den spanske utgåva mi).
Cervantes vender i II.50 tilbake til don Quijote, doña Rodríguez og hertuginna – og dermed òg til historia med dei fuentes som adelsdama hadde på leggen, «el Aranjuez de sus fuentes», som det står; LAM opplyser at dette er eit ordspel fordi kongens eigedom Aranjuez var kjend for sine talrike fontener (fuente betyr både «kjelde» og «fontene») og praktfulle hagar. Hertuginna gir ikkje opp med å ville lure dei to vennene våre, og vi følgjer pasjen heim til familien til Sancho Panza med brev. At skjørtet som Tereza Panza har på seg, verka som om det var klippa av, er etter kommentaren ein allusjon til ei straff som «las malas mujeres», rampete kvinnfolk, vart pålagde i gamle romancer.
Ja, det blir nok ein fin tur. Som med så mange andre store verk: Her er det nok av versjonar å ta av!
Kva er originaltittelen på boka om denne marokkanaren som du les i omsetjing til engelsk?
Jo, eg vart òg positivt overraska. Godt eg ikkje tok denne før Blått som Alentejo! Interessant å møte andre typar dokkeheimar enn det vi er vande med. Sprpkleg kan boka vere så som så, men det gnistrar i mange av møta mellom Nazneen og Karim.
Vi ar diskutert denne karen tidlegare, og eg meiner å ha sagt at også slike andre versjonar av tekstene var eit trekk ved riddarromanane.
Ja, det er slik. Med kroppsvæskane, altså. Den fjerde sinnstilstanden var vel melankolikar?
Interessant. Cervantes seier "dos fuentes que tiene en las dos piernas" - "to innsnitt i bena" (W) / "... to fonteneller som hun har på begge ben" (G&K). Det spanske substantivet fuente kjenner vi best som "kjelde": PV utdjupar mws "b udspring, oprindelse. 2 KILDESKRIFT. 3 a springvand, fontæne. b brønd, drikkekumme. 4 skål, fad. 5 døbefont." Det siste skulle det noko til at hertuginna hadde på eller i beina. Ein fontanelle trudde eg hadde med hovudskallen å gjere, og eg får støtte i Wikipedia. LAM seier at desse to fuentes på latin heiter ulceras supurantes. Eg ser i alle fall at ulceratio på latin er "byll". LAM siterer frå eit oppslagsverk som seier at dei er "ciertas llagas en el cuerpo del hombre" ("visse (opne) sår på menneskekroppen"), og dei heiter fuentes fordi det renn puss og materie ut frå dei, og ved å klemme på dei kan ein bli kvitt dårleg humør. Dei har vel m.a.o. klemt ut kveiser på dama.