GINA klapper [Hedvig] på ryggen og sukker
Ak ja; Relling havde ret, han. Så går det, når der kommer galne folk og pressenterer den intrikate fordringen.
Ja, på sundagar der eg har god tid, bruker eg å sjå litt i Vulgata, som er den latinske utgåva av Bibelen. Desse orda er altså frå 1. Mosebok, heilt fyrst i boka. Eg har begynt på den nye norske utgåva, men på sundagar prøver eg å studere den latinske teksta. Hebraisk lyt vente.
Kronologisk: Holberg, Wergeland, Bjørnson, Ibsen, Hamsun, Kielland, Undset, Duun, Nilsen, Grieg, Vesaas, Borgen, Nedreaas, Jacobsen, Henriksen. Og så blir desse tre ståande: Ibsen, Ibsen og atter Ibsen.
Har du nøyaktig tittel på denne lydboksamlinga?
In principio creavit Deus caelum et terram
terra autem erat inanis et vacua et tenebrae super faciem abyssi et spritus Dei ferebatur super aquas
dixitque Deus
fiat lux et facta est lux
et vidit Deus lucem quod esset bona et divisit lucem ac tenebras noctem
(Gn 1,1-6)
Og for å gjere ferdig II.60:
Roque Guinart skjønner at dQs sjukdom hadde meir med å gjere med galskap enn med tapperhet («más en locura que en valentia»). Så kjem Claudia Jerónima, dotter av Simón Forte, og don Vicente. Kommentator LAM held fram med fotnotar om landevegsrøvarar, men dei får vente til neste gong eg les romanen.
Noah tok til å dyrka jorda, og han planta ei vinmark. Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt.
(1 Mos 9, 20-21)
GREGERS
Du har meget af vildanden i dig, Hjalmar.
Alle normalt utrustede barn i skolealder med norsk som morsmål kan norsk grammatikk [...] og trenger ikke å lære den på skolen. Det de derimot trenger å lære, er et begrepsapparat for å kunne sette ord på denne kunnskapen - for å kunne snakke om språk og grammatikk.
Takk! Klassekampen vil i laurdagsmagasinet Bokmagasinet presentere Charles Dickens i jubileumsåret. Laurdag 7.1.2012 har Frode Johansen Riopell to artiklar. Og fleire kjem, kan vi lese.
Bolken er lang, og eg har brukt mykje plass på å kommentere fyrste delen av det fyrste kapitlet. Derfor postlegg eg denne kommentaren her, så får vi ta resten av bolken etter kvart:
I denne bolken er dQ på veg til og kjem inn i Barcelona. Han går her nesten inn i forteljinga om seg sjølv for å vise at den falske forfattaren tek feil (II.60). Han synest at SP er slapp – og trekkjer parallellar mellom seg sjølv og Aleksander den store, som ordna den gordiske knuten. Men SP tek litt innersvingen her på herren sin og krev orden i sysakene – ja, eit lite opprør mot etablerte maktstrukturar er dette: «¿Contra tu amo y señor natural te desmandas?» («Set du deg opp mot husbonden og den naturlege herren din?») spør dQ. Er ikkje stillingane så naturgitte likevel? SP er sin eigen herre – «ayúdome a mi, que soy mi señor» (heile denne replikken er frå eit ordtak om å hjelpe seg sjølv). SP gir seg ikkje; han siterer ein romance, dei siste verselinjene i den kjenderomancen «A cazar va don Rodrigo», seier LAM (svikt i allmenndanninga her; eg kjenner ikkje denne romancen, men kanskje står han i ei samling eg har):
Aquí morirás, traidor,
enemigo de doña Sancha
Det seier litt om forholda der nede på den tida at dQ skjønner at han nærmar seg Barcelona fordi det heng så mange lik i trea! Dette var lika av landevegsrøvarar, bandoleros, og dQ og SP blir raskt tekne til fange av nokon som driv i denne bransjen. Leiaren deira er ein person som faktisk har levd, fortel LAM. Pedro – eller Perot – Roca Guinarda er ein famosa personaje histórico, får eg vite, og eg skammar meg på ny: han er ukjend for meg. Fødd i 1582, i alle fall, som om det skulle hjelpe på (i 1614 ville han vere i trettiåra, slik Cervantes skriv at el capitán er). Cervantes teiknar eit idealiserande bilete av han – med edelt sinn, riddarleg verdiar, vågemot, høvisk framferd og det eine med det andre; dei to fotnotane om denne karen og landevegsrøvarar generelt er faktisk ein av dei lengste i heile boka. Cervantes «forspanskar» - castellaiza - det katalanske namnet hans til Roque Guinart, Røvaren hamna i Italia, og var i live i 1630, i alle fall. Kanskje, seier LAM, las han om seg sjølv i romanen, der Cervantes portretterte og idealiserte han. Sikkert artig, ja!
Interessant er forresten at Roque Guinart seier at dQ ikkje skal vere så lei seg, for han har ikkje falle i hendene på «algún cruel Osiris». LAM opplyser at han her seier «Osiris» i staden for «Busiris», som etter legenda var konge i Egypt. W bruker berre «Busiris», så her går vi glipp av ei forveksling, for Osiris var jo sjølve guden.
Vi går vidare med resten av kapitlet ein annan dag, og klarer sikkert dei andre kapitla i bolken etter kvart.
Eg har i kveld sett Et dukkehjem på dvd - fjernsynsteaterversjonen frå 1973 med Lise Fjeldstad og Knut Risan. Fjeldstad er ei av dei få i hovudrolla som får fram ei truverdig utvikling hos Nora - korleis ho speler til å begynne med fordi ho har vorte pressa inn i rolla som dotter, ektefelle og mor, for så, gjennom Helmers reaksjonar på breva frå Krogstad, innser samanhengen. Sjå berre på auga hennes!
Eg beit meg forresten merke i ein replikk eg ikkje hadde tenkt så mykje over før: På spørsmålet om ho ikkje ser utvegar, seier ho at ho ikkje ser nokon utveg som ho har lyst til å bruke ("til å benytte meg av") for å komme på fote økonomisk. Sjå dette i samanheng med det ho seier om at ei heimeverande mor lett kjem i kontakt med nesten "legekyndige koner", der samtalen dreier seg om sjukdommen til Rank, og vi får inntrykk av at lerkefuglen ikkje er så fremmend for heilt andre sider ved livet enn dei som dokkeheimen byr på. Dette er sterke saker.
Nå som dei fleste av oss sikkert er ferdige med A Christmas Carol, har eg flytt denne forteljinga til den plassen der ho kronologisk hører heime. Dickens skreiv forteljinga etter The Old Curiosity Shop og mens han dreiv med Martin Chuzzlewit. Men eg såg etter stoff for å drive litt med forteljinga i engelsktimane, kom eg over ein spørjekonkurranse. Eit alternativ til juletrefestar?
Uheldig at vi ikkje kan gi meir enn ei stjerne til eit innlegg.
Jeg kjøpte ett par bøker i London for en del år tilbake med gode gamle skrekknoveller. Blant forfatterene finner man Jonas Lie og selveste Winston Churchill. Ellers har denne havnet på handlelisten:
http://www.capris.no/product.aspx?isbn=1907360204
Har absolutt sansen for King, Kontz og flere andre av dagens skrekkforfattere, men synes likevel ofte den deilige og uhyggelige stemningen i mange av de gamle historiene mangler i dagens skrekklitteratur.
Skal definitivt skjekke ut Susan Hill. Takk for tipset. :)
Herlig. En riktig gyser!
Likte både den oppleste versjonen og filmen også.
Tro om noen skriver slike historier lenger i våre dager?
Har tenkt å vente med Ben Okri til eg er ferdig med romanen. Etter denne omgangen saman med deg og dei andre kjenner eg meg rusta til å ta ein omgang til seinare i år, sakte, men fyrst skal eg lese litt meir om verket og tida.
Treng du ordbok til korte, enkle setningar som du skal bruke i skolen, er sikkert Lingua nok. Sjølv har eg samanlikna bøkene til Kunnskapsforlaget med bøkene til Cappelen, og eg er ikkje i tvil om at Cappelen kjem best ut. Men slikt er ofte ei smaksak. Bonne chance!