I dag, 22.1.2012, skulle vi etter planen til annelingua ha vore ferdige, men slik er det ikkje for mitt vedkommande. Eg får ta kapittel for kapittel, på spansk og på norsk. Stussar eg over val som W har gjort, går eg til G&K, elles ikkje. Her får vi møte meir om Ana Félix, som kjem i huset til Antonio Moreno. dQ er framleis i riddarverda når han planlegg å frigjere don Gregorio. Vi lyt likevel gi han rett nr han seier «Para todo hay remedio, si no es ara la muerte » - det finst eit middel mot alt unntatt døden» …

dQ ser ein riddar, som seier at han er «caballero de la Blanca Luna», riddaren av den kvite måne – han seier at dama hans er vakrare enn Dulcinea. Så blir det ordstrid mellom dei to, før denne riddaren slår dQ i duell. Vår helt lyt dra tilbake til landsbyen, og dei er i dårleg forfatning, både riddar, væpnar og ridedyr.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her er diskusjonstråd for ein del korttekster av Charles Dickens. Lenkje til heile prosjektet ligg her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bøker i samlinga med litteratur frå norsk renessanse


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser at min utgave er på 1456 sider, med temmelig små bokstaver, så da må den første du leste være ganske grundig forkortet også. På den positive siden må jo det bety at du har en flott utvidet leseropplevelse foran deg. :)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

The light diminished as she went, and the darker it got the easier it was to imagine how these rooms might have been when the palace had still been in its glory.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker i samlinga med tekster som er skrivne i Noreg i mellomalderen.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøkene om Jean de Florette - La source en Provence og Manon des sources, av Marcel Pagnol.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje mykje om kap. LXIII, men eg lagar ein kommentar likevel for å vere i gang med bolken til 8. januar:

SP besøker i II.63 galeiane (vi har diskutert ordet tidlegare), og vi hører om «el vuelo sin alas de Sancho», den vingelause flukta hans. Så kjem det nye eventyret med «la hermosa morisca» (som W ikkje uproblrmatisk set om med «den vakre mauriske kvinna»; som sagt var maurarane alt jaga ut). Dama ser fyrst ut som ein kar; på spørsmålet om kven han er, svarer den unge mannen «Mujer cristiana», altså ei kristen kvinne, som hadde vorte ført til «la Berbería», og som hadde fått den rette trua inn med morsmjølka: «mamé la fe católica en la leche». Her ser vi vel kor mykje religionen hadde å seie i eit Spania som i over hundre år hadde vore ei stormakt. Ho er Ana Félix, og forsyne meg blir vi ikkje vitne til at far hennes, Ricote, kjenner henne att; dette er vel ein parodi på alle slike innslag i litteraturen før og samtidig med Cervantes – for ikkje å seie etter (jf. Charles Dickens).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er det noen sak? Håper at kjellk og andre finn det som dei ser etter her!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Faglitteratur som eg har lese i 2012


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein samleboks vart gitt ut i samband med Ibsen-året i 2006. Der finst Et dukkehjem (med Lise Fjeldstad og Knut Risan), Vildanden (med Tor Stokke og Anne Marit Jacobsen), Rosmersholm og Fruen fra havet. Boksen heiter Ibsen på TV, og er gitt ut av NRK. Men så kjem det vanskelege: Kvar eg fekk tak i han? Nei, som Hjalmar Ekdal kan eg ikkje gå rundt og hugse på slike mindre viktige ting - men NRK har vel ein nettbutikk? Kanskje napp der? Han - boksen - har eit nummer: BNA3015556.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har sett Vildanden på dvd, Fjernsynsteateret si oppsetjing frå 1970, i Arild Brinchmanns regi. Det er vel NRKs flaggskip, dette, større enn alle Erik Byes Vi går om bord på julekvelden, der fedrar og mødrer dukka opp frå alle andre stader enn frå «havsens bund», for der rår Ibsen og Brinchmann grunnen aleine. For meg vil Hjalmar Ekdal alltid vere forbunden med Tor Stokkes tolking i denne oppsetjinga – fantasten, den tragi-komiske og komisk-tragiske fotografen, med ei kone som kan retusjere, nettopp i tråd med temaet i stykket: Å pynte på verkelegheita, å leve på ei livsløgn. Mona Hofland er den jordnære og – derfor – lykkelege, på sitt vis, Gina. Og Ingolf Rogde, da, som gamle Ekdal, han som nedstammar frå to oberstløytnantar (ja, etter einannan, sjølvsagt); eg møtte han – Rogde, altså – ein gong da Riksteatret skulle ha statistar og henta dei frå tredje real. Her er store namn som Georg Løkkeberg og Joachim Calmeyer, også så fint å sjå kanskje den største av dei nålevande, Espen Skjønberg, som Relling. Jo, dette er verdt sine meir enn to timar ved skjermen!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

EKDAL stille
Skogen hævner.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HJALMAR
Ja herre gud, hvad vil du egentlig, jeg skal opfinde? De andre har jo opfundet det meste i forvejen. Det blir vanskeligere dag for dag -

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HJALMAR
[...] er er højere livsgoder end kaniner, som jeg må gi' afkald på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HJALMAR
[...]- Mine optegnelser! Mine påbegyndte livserindringer! [...]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

GINA
Jøss', hvor har du da været med de to ranglefanterne?

HJALMAR
Å, spørg mig ikke pm uvæsentlige ting. Tror du, jeg er i stemning til at huske på enkeltheder?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker i samlinga med eldre og nyare folkedikting


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg måtte altså dele opp kommentarane mine; her er resten av bolken (II.61 og II.62), der dQ dreg inn i Barcelona – interessant å lese korleis han og SP opplevde å sjå havet. I dag kan ein ta rundturar med båt frå hamna og sjå byen frå havet. Inntoget skjer (i slutten av II.50) påla vispera de San Juan, jonsok; riddarpoesien, seier LAM, brukte dei kristne høgtidene for å strukturer handlinga. Nå ser dQ og SP havet for fyrste gong. Dette representerer ein tydeleg kontrast til tidlegare sinnsstemningar; her er det sol og glede i alle folk.

Så var det II.62, der dQ er hos Antonio Moreno. Dei et, og uttrykket manjar blanco (som W set om med «lyst fuglebrystkjøtt», og det er i hovudsak rett nok) er ein fransk rett, forklarer LAM (og seier at retten i tillegg til fuglebryst består av mjøl, sukker og rismjøl, kva nå dette siste kan bety) - og ein allusjon til «den falske Quijote». Denne Escotillo som blir nemnd, kan vere fleire personar, fortel LAM, så her er ulike teoriar ute og går. Og uttrykket Fugite partes adversae! har faktiske med eksorsisme å gjere (stadig LAM som kjelde): altså, skulle eg tru, at fiendane av korset kunne berre ha seg vekk. Det forheksa hovudet, «la cabeza encantada», har ingen kommentarar i utgåva mi.

Skiltet med «Her trykkes bøker» på - Aquí se imprimen libros - fanst faktisk i Barcelona på tida til Cervantes, men boka Le Bagattelle er ingen kjentd tittel i italiensk bokheim. Artig at dQ kan litt italiensk – det var jo kulturspråket, om ein kan seie det slik, den gongen. At latin og gresk er «las reinas de las lenguas», dronningane blant språka, kan eg skrive under på. Dei titlane som blir nemnde på slutten av kapitlet, er eg er faktiske titlar, men det ser ikkje ut til å vere nødvendig å gå grundigare inn på dei. Likevel: «Annen del av Den skarpsindige lavadelsmann don Quijote av la Mancha, skrevet av en innbygger av Tordesillas» visste visst alle, seier LAM, var eit falskneri.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Stein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaSigrid Blytt TøsdalIngeborg GBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøTove Obrestad WøienGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethKirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss Haugen