Nesbøfansen får det de elsker med denne boken, anbefales!]1
Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.
[Luk 22,34]
VI.12.XI Det var ingen penger. Det var ikke noe ran
Også i dette kapittelet viser til forteljaren til romanskriving og psykologi når han lèt forteljaren referere Fetjukovitsj, forsvararen:
Er ikke dette snarere en fantasifull antagelse som anstår seg en
romanforfatter?
og
Ærede jury, siden dette er psykologi med to ender, vil jeg ta fatt i
den andre enden, så får vi se hvilket resultat vi da kommer frem til.
Fetjukovitsj har eit stikk motsett perspektiv på saka enn aktoratet …
VI.12.X Forsvarerens tale. En stokk med to ender
Forsvararen, Fetjukovitsj, begynner; fyrst tilbakeviser han skuldingane mot Mitja, «ikke uten sarkastiske og ondskapsfulle bemerkninger», og deretter «hevet talen seg virkelig til patos». Dostojevskij lyt ha kost seg med å la forteljaren trekke parallellar til romanskriving, «særlig om man da fra naturens side er blitt utstyrt med stor psykologisk begavelse», og dette passar vel meir på forfattaren av Karamasovbrørne enn på dei fleste.
J'ai horreur des condamnations à mort.
Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.
[Luk 20,25]
VI.12.IX Psykologi for alle pengene. Den galopperende troika. Slutten på statsadvokatens tale.
Nå gjer statsadvokaten seg ferdig. Vi ser at (nesten) alt som skjedde før rettssaka, nå blir gjennomgått som ei rettssak, med aktorat og forsvar, ein prosess om livet og døden, om straff og skyld. Interessant er at statsadvokaten har kjennskap til Shakespeare og Hamlets monolog om å vere (dvs. leve) eller ikkje vere (dvs. døy). «Nei, ærede jury», legg han til, «andre får bare ha sine Hamleter, vi russere har nok med våre Karamasover!»
Eg ser forresten at ei dramatisering av romanen, Brødrene Karamasov, for tida går på Trøndelag Teater, og at Dostojevskij skal diskuterast på Litteraturhuset i hovudstaden. Det gror etter kommentarane våre.
C'est au moment du malheur qu'on s'habitue à la vérité, c'est-à-dire au silence.
... og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, ...
[Luk 19,44]
Dette sitatet har gitt tittel til ei viktig bok om overgrepa mot urinnvånarane i Sør-Amerika.
Dersom dei teier, skal steinane ropa.
[Luk 19,40]
VI.12.VIII En avhandling om Smerdjakov
Eit litt anna perspektiv enn før: Sjå kor elegant Dostojevskij framstiller ein statsadvokats innlegg, ikkje minst ved hjelp av retoriske spørsmål, for å få retten med på angrepet på Mitja! Han trekker fram autoritetar («våre største psykiatere»), og ikkje minst stiller han retoriske spørsmål. Statsadvokaten held ei oppvising i retoriske appellformer, ikkje noko mindre. Men held det?