Noen fakta i : Fremmed i eget land av Halvor Fosli. eller hva med : Gud -en vrangforestiiling av Richard Dawkins.. Gleder meg nå til å lese Storhaugs bok..Islam den 11. landeplage..
Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.
Matt 19,24
Vil du vere heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gje det til dei fattige.
Matt 18,21
Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han då ikkje dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?
Matt 18,12
Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men tapar si sjel?
Matt 16,26
Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.
Matt 16,24
Desse orda er bakgrunnen for Berninis utforming av Piazza San Pietro som eit nykelhol ...
Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje,[...]. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; [...].
Matt 16,18-19
Heilt einig med deg. Men kom altså på Swift og ville dele dette med andre litteraturinteresserte. Men eg fann ingen parallellar, eg heller.
Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.
Matt 15,15
Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.
Matt 15,11
Men i den fjerde nattevakt kom han gåande mot dei på sjøen.
Matt 14,25
Gjev meg hovudet til Johannes døyparen på eit fat.
Matt 14,8
Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.
Matt 13,57
Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.
Matt 13,33
Kapitteltittelen "An Inmodest Proposal" får meg sjølvsagt til å tenkje på Jonathan Swifts store, grotesk-ironiske tekst "A Modest Proposal", om fattigdommen i Irland. Men kapitlet har òg utilsikta referansar til tilsvarande tragediar vår eiga tid: ""'The refugee population is now 180,000,'" he read. That's an increase of 30,000 people since yesterday." Og forfattaren heiter altså det same som ein person i T.S. Eliots "The Waste Land", kjøpmannen Eugenides frå Smyrna, İzmir på tyrkisk.
Referansar til det klassisk greske blir ikkje følgde opp i "Matchmaking", enda Hermes og Afrodite var foreldre til ein tvekjønna skapning. Derimot møter vi Μεγάλη Ιδέα, eit av dei verste eksempla på sjåvinisme og ekspansjonisme i nyare europeisk historie før Hitler, og som altså er bakgrunnen for det som skjedde med familien til hovudpersonen. Silkeormane har heldigvis andre kommentert før eg kom til dette kapitlet. Eg har alt begynt å få inntrykk av at romanen, med alle sine lovtaler, er litt vel ordrik.
Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.
Matt 13, 31-32
«Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
Matt 13, 24-30
Det var mest innslaget om den gresk-tyrkiske konflikten som trekte meg til boka. Før eg kjem dit, merker eg meg, som sterkt greskinteressert, i «The Silver Spoon», med glede samanlikninga mellom hovudpersonen og Teiresias: «Like Tiresias, I was first one thing and then the other.» og at Cal(liope) også trekker inn referansar til Homer: «Sing now, O Muse, …» («Sorry if I get a little Homeric at times. That’s genetic, too»). At faren sett om «the ‘restored’ poems of Sappho» tek eg som referanse til spørsmålet om kjønnsidentitet, sidan Sapfo frå Lesbos (dagens Lesvos) av mange vart rekna som lesbisk (men det er ikkje så sikkert; diktareget treng ikkje å vere identisk med forfattaren). Synd at grekarane ikkje lenger klarer å lese klassikarane i original (på eit seminar eg var på i det europeiske kultursenteret i Delfi, om gresk språk og kultur, gjekk eg på eit frivillig kurs i nygresk, og læraren fortalde at elevar i den vidaregåande opplæringa i landet las klassisk gresk med nygresk uttale - uff!). Dette med namnet «Chapter Eleven» var ukjent for meg, så her takkar eg for oppklaringar i diskusjonstråden.