Nok ein gong har eg vore igjennom "Korset", denne gongen i selskap med opplesaren Rut Tellefsen, den fyrste Kristin på scenen, i dramatiseringa av "Kransen". "Korset" er ikkje mindre dramatisk, men lever førebels berre mellom permar og cd-spor. Når Tellefsen les, får eg tid til å nyte skildringane, setningane og orda - ord som så nøye er utvalde av forfattaren til å skildre hovudpersonens kamp med seg sjølv og livet og til slutt også døden. For ei skildring, for ein rikdom! Til slutt fell alle trådar saman, trådar som Undset har spunne og no til slutt altså vev saman i eit samlande bilete, eit ekko av bror Gunnulfs ordi "Husfrue": Inga synd er så stor at ikkje Guds nåde er større. Dett kan folk ha ulike oppfatningar om, men Undesets kunstnarlege behandling av motivet bør alle bøye seg for.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Om en stund gikk [Simon Andressøn] ut på svalen, stod lenet til den utskårne stolpe og så ut. Fra fjøset lød de evige, sultne rautene. Kunde dette været holde sig en stund, så blev kanskje ikke vårknipen så lang iår.

Det var Kristin som kom. Han trengte ikke snu sig - kjente hennes lette skritt. Hun trådte frem og stod ved hans side i aftensolen.

Så fager og fin at hun aldri tyktes ham jevnfager. Og med ett kjente han det som han blev løftet op på et vis og svam selv i dette lyset - han åndet labgt ut: Plutselig syntes han - det var bare godt å leve. En rik og gylden sælighet overskyllet ham aldeles. -

Hans egen søte venn var hun - og alle tunge og bitre tanker som han hadde tenkt, var bare halvglemte tåpeligheter. Arme vennen hans - kunde jeg bare gjøredig godt. Bare du blev glad igjen - jeg skulde gjerne legge ned mitt liv, kunde det hjelpe dig -.

Åja, for han så nok, hennes yndige åsyn var eldet og slitt. Hun hadde fått fullt av fine små rynker under øinene, huden hennes hadde mistet sin skjære fagring; den var blitt meget grovere og solbrent, og hun var blek innunder brunheten. Men for ham kom hun nok til å være like vakker alltid, for de store grå øinene og den fine, stille munnen hennes og den lille runde haken og så hennes rolige, dempede lag var det vakreste han visste på jorden.

Og så var det godt - en gang igjen å se henne klædd som det høvet en høibåren frue. Den lille tynne silkeduk dekket bare halvt de gulbrune hårmasser - flettene var festet op så de tittet frem foran hennes ører - der var grå striper i håret nu, men det gjorde ingenting. Og så hadde hun på sig en praktfull blå overkjortel av fløiel, kantet med røskattskinn - den var så dypt utringet i barmen, og ermgapene så side, så over bryst og skuldrer lignet det bare brystremmene på et seletøi - det så vakkert ut. Innunder smøg noget sandgult, en underkjortel, glatt om hennes legem, op til halsmotet og ut til håndleddene. Den var knappet med mange små forgyldte knapper, og de rørte ham så inderlig - Gud tilgi ham, alle disse små gyldne knappene gledet ham som synet av en engleskare.

Han stod og følte sitt eget hjertes sterke, rolige slag. Der var noget glidd av ham - ja, som lenker. Vonde, forhatte drømmer - det var bare nattens blendverk, og nu så han sin kjærlighet til henne ved lysen dag, i full sol.

*Du ser så rart på mig, Simon - hvorfor smiler du slik -'

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då eg las "Sement", i 1977 eller 1978, oppfatta eg romane som ei skildring av kor vanskeleg det er å byggje eit nytt samfunn på ruinane av eit anna. Ny Dag gav ut Torbjørn Bergstrøms omsetjing frå russisk. Boka kom for fyrste gong på Ny Dag i 1951 og deretter i ny utgåve i 1977 i amarbeid med det sovjetiske forlaget Progress. Den som hadde tid til å lese og vurdere romanen på nytt i dag!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

På denne måten førte oppfyllelsen av en drøm, ja selve 'innstiftinga av da'n i siste instans til enda et tap for Wergelands nasjonale visjon. Liksom i jødesaken fikk han demonstrert hvordan hans liberale idealer slo best rot i embetsstand og borgerskap. Men gjennom deres adopsjon av [17. mai] var samtidig det politiske potensialet som lå i arbeiderens og tjenestejentas spontane, men uutviklede patriotisme, blitt avgjørende begrenset. Dagerns mulige opprørske innhold ble druknet i en stadig mer finurlig form. Og der den gsmle kaotiske feiringsmåten tross alt åpnet for håp om fremtidig renselse og opplysning, ble den nye regulerte orden et låst system hvor de 'fine' og de fattige hadde hver sine plasser, faste og regulerte. Veien mot forening på et nytt åndelig nasjonalt grunnlag ble stengt av ritualenes tvang. Slik stod folket som Wergeland oppfattet det, i fare for å bli stengt inne i et system av ytre formularar son svekket mulighetene til nasjonal selvdannelse. Men var ikke disse nasjonale formularer også til en viss grad valgt og dyrket frem av folket selv? Hadde ikke foket selv et ansvar for å utvikle sin nasjonale identitet og motvirke den overflatiskhet som holdt på å utvikle seg? Wergeland må ha trodd det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, for det er det jo. Klassekamp, altså. Målstrid, altså. Viktige kjeldeartiklar her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mord blir del av handlinga etter kvart som konfliktane tilspissar seg. Harde tider, dette. Ivar Digernes, som budde lenge i Sovjetunionen, har omsett fyrste delen av denne boka, og så tok Natalia Fredriksen, som kunne både norsk og morsmålet russisk, over. Sjlokhov tek seg tid, og skildrar breitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig med alle dei som reknar "Ny jord" som langt svakarae enn "Stille Don" (utgåva på borsk (bokmål) er "Stille flyter Don"). Så klart, for sterkare går det jo neppe an å skrive. Der menneska i den fyrste roamserien heilt gjennomført er - ja, nettopp: - menneske, dvs. samansette individ, nlir karakterteikninga i "Ny jord" svakare og mindre nyansert. Handlinga er henta frå dei vanskelege åra i sovjetisk historie, med tvangskollektivisering, utan at dei tragiske sidene ved Stalins politikk er noko hovudtema i serien - naturleg nok.

Her, i det fyrste bindet, er vi i 1930. Innleiinga er så typisk for Sjolokhov; med adjektiv og adverb, med besjeling og personifikasjon, samanlikningar og metaforar. Han kan dette med å kle på skildringane sine!

Raskt kjem vi over til hovudspørsmålet: Nokon lyt sabotere sovjetmakta, nokon lyt gå klassefiendens ærend. Sjolokhov viser diskusjonane, dei interne stridane, kampen for å byggje eit nytt samfunn. Og konflikten går over fire bind med levande skildringar ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då får vi sjå - "Vamos a ver," som vår venn frå La mancha ville ha sagt. Eg er glad for at alle ber om sakte fart gjennom Don Quijotes rute. Sjølv har eg vore midt i DQ-land, i Toledo, og sit om ei veke på fortauskafé i Barcelona. Dersom vi startar etter påske: Er fem kapittel i veka passe? Justere farta etter kvart? I den spanske utgåva mi står det mange forklarande notar som eg kan trekkje fram når vi treng det. Elles har eg, i tillegg til vanlege litteraturhistorier, Morten Claussens "Don Quijote I. En litterær forestilling" og "Mesteren fra La Mancha. Essay". Begge er å finne i hylla "Litteratur" i samlinga mi. Framlegget mitt er å lese fortalen før fyrste mai og starte på kap. 1 den dagen og diskutere kap. 1-5 i løpet av veke 18?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har lyst til ein ny omgang! Men sakte.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har vore gjennom denne opplesinga og var stort sett fornøgd, sjølv om opplesaren slit med både spansken og latinen her og der, og kan nok absolutt støtte ideen din - men mange reagerer negativt på lydbøker der dei ikkje kjenner innhaldet frå før, og her kan ein nok lett miste tråden. Som eg har sagt fleire gonger: Don Quijote lyt ein nyte i fleire omgangar. Sjølv har eg lese romanen på riksmål og spansk og hørt lydboka og sett ein spelefilm og ein teiknefilm og ei ballettframsyning. Og enno har eg ikkje fått nok. Artig at dette kom opp i kveld; eg sit her og lagar ei omsetjingsoppgåve for elevane mine (frå norsk til spansk) no kort tid før eksamen for å oppsummere ein del grammatiske moment - og då er det eit samandrag av romanane som eg utarbeider ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Synd, det, da - det finst lettare utgåvar av denne romanen, og til og med en tegnefilmversjon. Prøv igjen seinare!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg har tenkt det same - hintet kunne vi jo ha skjønt etterpå. Kanskje rekk eg å føre opp fleire bøker (sjå under Irland i hyllene mine).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg begynner denne veka med innleiinga i kommentarbindet. Skal låbe cd-en på biblioteket.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, erfaringane avgrensar seg til Colombia og Den dominikanske republikken. I hyllene mine med skjønnlitteratur finn du dei bøkene av latinamerikanske forfattarar som eg har lagt inn, men det står fleire i dei fysiske hyllene heime. Dei felste er kanskje på spansk. Men eg vil slå eit slag for Mario Vargas Llosas "Bukkefesten", Gabriel García Márquez' "Ingen skriver til obersten" og Mario Benedettis "Nådetid" - sjølv om ingen av dei er frå Argentina. Søkjer du på professor Jostein Nymark, vil finne ei bok han for ganske kort tid sidan gav ut om Argentina: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3041866

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Romanen "Famine" skal vere best - og etter mykje strev har eg fått tak i han, men ikkje fått lese han. Novella "The Sniper" ville kanskje ha vore betre om forfattaren hadde gitt oss eit lite hint om kva som var forholdet mellom dei to snikskyttarane?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den irske favorittforfattaren min er Liam O'Flaherty frå Aran-øyane på vestkysten. Han var med i påskeopprøret i 1916 og kjenner både britisk imperialisme og den irske borgarkrigen innanfrå. Som i så mange andre av romanane hans møter vi i "The Assassin" den verknaden som borgarkrigen hadde på enkeltmennesket sitt forhold til seg sjølv, til andre og til samfunnet. Kva ligg bak eit politisk mord? Og kva er følgjene av denne handlinga? Spennande, levande og ikkje minst tankevekkjande er denne romanen der O'Flaherty trengjer inn i personane og motivane deira og set dei inn i ein større samanheng.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja. men eg tenkjer lite over kva andre gjer (sjølv om eg synest det er artig når fleire deler interessene mine). Eg les litt i "Aeneiden" ein gong i veka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du har vel sett i Aftenposten i dag at det står om latin?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er eg einig med deg, Hedvig. Eg har i utgangspunktet problem med litteratur som inneheld vekslar og slikt. I tillegg er dette stykket interessant for meg berre som uttrykk for det stadiet i Ibsens utvikling som det er skrive i: No er vi på veg inn mot den kritiske realismen. Fyrst skal kapitalismen få utvikle seg litt meir, så skal Pariskommunen vise klassemotsetningane i all si gru (og danne bakgrunn for "Kekser og Galilæer") og så er Ibsen klar for å skrive på eit høgare plan enn lystspelet om Steensgard - alias Peer Gynt - som politikar: Ibsen har her skrive eit samtidsdrama i moderne prosa, med statiske personar utan liv, som ikkje utviklar seg i samspel med andre og samfunnet. No har vi store ting i vente.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takk for påminninga. Eg er nettopp ferdig med å repetere stykket, men eg festa meg dessverre ikkje ved replikken. Kanskje fordi eg ikkje klarer å like dette stykket noko særleg anna enn som forløpar for og kontrast til "Samfundets støtter".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandEmil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesHarald KLinda NyrudKirsten LundToneMads Leonard HolvikPiippokattaSol SkipnesAQuariusInger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  VaksvikMarit AamdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRufsetufsaHilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrine