Men när pojken betraktade det fria, oändliga havet och den röda aftonsolen, som lyste med så milt sken, att han vågade se in i den, kände han frid och trygghet intränga i själen. 'Inte lönt att vara bedrövad, Nils Holgersson', sade solen. 'Världen är härlig att leva i båda för små och för stora. Det är också en god sak att vara fri och sorglös och ha hela rymden öppen framför sig.'

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og i dag var det eit radioprogram om Selma Lagerlöf og Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige. Så godt å høyre stemmene frå Laurdagsbarnetimen igjen! Kanskje blir det Mårbacka-tur til sommaren ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trilogien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja. sikkert. Han er ikkje den fyrste som gjer slik. Falske venner heiter dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hun stod og så efter [Gaute] til han blev borte under brekken. Så vakker som han så ut på den store, blå hesten.

Det blev så rart for henne - alt utenom sig sanset hun så urimelig skarpt, den solmettede luft, furuskogens hete duft, gnidderet av småtiting i grest. Samstundes så hun inn i sig selv, i billeder, slik som en under sterk feber kan tro og se lignelser ini sig selv - inni henne var et tomt hus, aldeles lydløst, dunkelt og en lukt av øde. Synet skiftet - en fjærestrand, som sjøen har trukket sig langt unda, lyse, slitte sten, hauger av mørk, livløs tang, allslags rekster -.

Så skjøv hun posen bedre tilrette, tok om staven og gav sig på gang nedover mot dalen. - Var hun ikke laget til å komme hit mere, så var det Guds vilje, nytteløst å være redd. Men det var vel snarest det at hun blev gammel. -. Hun tegnet sig med korset og gikk sterkere på - lengtet likevel efter å nå ned i lien, hvor veien lå gårdimellem.

Bare på et eneste kort stykke kunde en fra allmannveien se husene på Haugen øverst i fjellbåndet. Hennes hjerte tok til å hamre ved tanken.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei. At finsk er eit meir syntetisk språk enn norsk, har ingenting å seie for rikdommen i dei to språka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, ikkje alle er einige om at engelsk er rikare enn norsk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant eksempel frå Hamsun! Etymologisk har ikkje det norske fjell og det engelske field (jf. norsk felt) samanheng med kvarandre. Engelsk har ingen ord for "fjell" som kan forvekslast med field.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

[Pave] Alexander 6. var aktiv til det siste på alle plan. Også på det horisontale.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

SOKRATES: 'Men ondskap kan ikke utryddes, Theodoros, for det må alltid finnes noe som er motsatt det gode, og den kan heller ikke holde til blant gudene, men ferdes nødvendigvis omkring i de dødeliges naturlige trakter. Derfor bør man bestrebe seg på å unnslippe herfra og dit så fort man kan. Man slipper unna ved å bli så lik en gud som mulig, og å bli lik en gud er å bli rettferdig og from med klokskap.'

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvar seier dei det, då, og kva byggjer dei på?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Miskunn og nestekjærleik - nærmare bestemt med den miskunnsame samaritanen som utgangspunkt - var tema for Humanistisk seminar hausten 2009. I denne vesle boka er innlegga samla saman med ein del andre tekster. Innfallsvinkla er ulike, men har likevel mykje felles: Sjølv om vi her kan lese korleis katolikkar, gresk-ortodokse, lutheranarar og andre oppfattar Jesu likning om samaritanen som ikkje gjekk forbi eit anna menneske i naud der nede i vegkanten, samlar dei seg om holdninga til individet, til "den andre", for å nytte eit uttrykk hos Levinas, som jo står sentralt i vår tids filosofidebatt. I liten grad lyfter dei perspektivet opp på samfunnsplanet. Eg ser likevel inga motsetning mellom å handle som samaritanen (bidragsytarane - takk for at svenske og danske tekster får stå i original! - har høgst ulike tolkingar av likninga) på individplanet og arbeide for politiske løysingar på lidingar som skriv seg frå sosioøkonomiske forhold. Eg liker denne boka, tvers igjennom seriøs som ho er, også så mangearta i tilnærminga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei av desse vanlege bøkene med kortfatta - men ofte, i denne samanhengen, nok - informasjon om ein by og med mange og vakre biolete. Og som vanleg: Ingen bilete med regn. Her kan vi lese om og sjå bilete av gammalt (bymuren, Santa María del Mar) og nytt (OL-stadion, fjernsynstårnet) og ikkje minst alt som i Barcelona er signert Gaudí. Ikkje min favoritt, Gaudí, så derfor er inntrykket mitt av byen litt prega av dette. Elles: bomane på Les Rambles, Mirò på Les Rambles, El Palau Nacional, alle plassane - jo, då, Barcelona er verd ei reise, og boka får minnet om byen til å bli ein syntese av verkande føter etter traskinga, bildurane i øyra, den nydelege katalanske maten og altså desse stadene som er fotograferte som dei reinaste idyllar, alle saman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje sett på fjernsyn sidan Oliver Twist gjekk i jula, men måndag skal eg sjå Mord på Orientekspressen. Interessant er det at dette dreier seg om filmariseringar av litterære verk som eg er glad i. Men eg bruker fjernsynet til å sjå ein dvd-film kvar fredag, for tida serien om Roma. Fjernsyn eignar seg betre til slikt enn datamaskina, synest eg. Valet eksisterer i grunnen ikkje for meg, sjølv om eg godt kunne ha klart meg utan fjernsyn, men eg kan ikkje tenkje meg eit liv utan familien min - som - av grunnar eg ikkje skjønner - vil behalde fjernsynsapparatet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bøker på språk som eg ikkje kan, vil eg helst lese på norsk. Altså: Anten på norsk eller i original. I original les eg norrønt, islandsk, dansk, svensk, færøysk, engelsk, tysk, italiensk, fransk og kastiljansk. Når eg les tekster på angelsaksisk, klassisk gresk, latin og russisk lyt eg bruke ordbøker og grammatikkar, men det går. Greske og latinske tekster finst i mange gode tospråklege utgåver (originalspråket pluss fransk, tysk, italiensk eller engelsk). Det er då så artig! I dag har eg kasta meg over katalansk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her kan eg vere einig med deg. Eg har gjennom fleire tiår lese om Miss Marple, Hercule Poirot, Sherlock Holmes og Maigret med stor glede. Eg deler den kritikken mange har retta mot bøkene om desse heltane mine fordi slt skjer innanfor eit borgarleg univers der harmonien blir oppretta att etter at den skyldige er avslørt. Samtidig meiner eg at ein kriminalroman, som eg helst liker å kalle sjangeren, ikkje nødvendigvis blir betre om forfattaren trekkjer inn andre faktorar enn dei individualpsykologiske for å analysere brotsverket og forbrytaren, men prøver å finne årsakene i samspelet mellom det personlege og det sosioøkonomiske. Så derfor seier eg som deg: Det er ikkje eit spørsmål om ja eller nei til kriminalromanar, nei. Inntrykket mitt er at romanfigurane i mange moderne kriminalromanar er flate som fjøler og at forsøka på å gjere dei interessante er klønete og kunstige.

Og kjærleik? "What should writers have done if there hadn't been marriage and death?" sa professor Bjørn Tysdahl i ei førelesing om Arnold Bennets Anna of the Five Towns på Universitetet i Oslo hsusten 1994. Og her kunne ein vel føye til love ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Som alle andre bøker: Dette er ei bok av si tid - og blir ikkje dårlegare av den grunn. For ein strålande pedagogisk idé å lære bort svensk historie og geografi gjennom skjønnlitteraturen, med ein overordna pedagogisk bonus til hovudperson og lesar! Boka vekkjer minne, frå dramatiseringa i Laurdagsbarnetimen i gamle dagar, der særleg scenene med tranedansen og Kebnekaise gjorde inntrykk. Eg kjøpte boka i Laholm sommaren 1988 og har lese i ho på reiser til og i Sverige. Så vart slike reiser litt meir underbara ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

'Du snakker som du har vett til,' svarte Erlend; han lo en liten skjør, hostende latter, 'og gjør ikke mor deres den sorg at dere slekter på mig - hun har hatt nok å drages med siden hun fikk mig -'

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I dag, 23. april, Sankt Georgs dag, er verdas bokdag - og tragisk nok Shakespeares dødsdag. Gratulerer (med bokdagen, altså)! Bokdagen starta i Barcelona, så derfor har eg i dag lese ferdig ei bok om denne byen og skal ta fatt på ei lærebok i katalansk. Og sjølvsagt lese vidare i Don Quijote!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Pia Lise SelnesEgil StangelandHarald KLinda NyrudKirsten LundToneMads Leonard HolvikPiippokattaSol SkipnesAQuariusInger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  VaksvikMarit AamdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRufsetufsaHilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein Kippersund