David Copperfield, ja - og Oliver Twist. Men det er ingen krav frå mi side om å halde planen (heldigvis for meg sjølv) ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Stå på! Kikk litt i norsk utgåve om nødvendig, sjå filmen - i alle fall: konsentrer deg om det som du skjønner i staden for å tenkje for mykje på det som du ikkje skjønner!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

(Matt 25, 13)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Diskusjonstråd for Bleak House er med dette oppretta. Heile leseplanen for utvalde verk av Charles Dickens ligg her.

CliffsNotes har samandrag og stoff om romanen.

Eg har laga lenkjer til dei stadene der nokon tidlegare har kommentert og/eller sitert boka – her og her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Min generasjons syn på urinnbyggjarane i Amerika vart for ein stor del forma av teikneseriar (favoritten min var Texas) og filmar i 1950- og 1960-åra. Seinare vart denne oppfatninga noko modifisert, heldigvis.

I 1994 kjøpte eg boka The Native Americans. An Illustrated History på eit reservat i New Mexico. Ho er redigert av Betty Ballantine og Ian Ballantine og er ein koloss på 480 digre sider, spekka med historia til dei som fyrst kom til det amerikanske kontinentet. Målet med boka er “to help bridge, if not end, the communication gap of misunderstandings and false images that have so plagued Indian-white relations” (s. 20). Kor godt utgivarane har lykkast er vanskeleg å seie, men innsatsen er I alle fall upåklageleg!

I innleiinga går Alvin M. Josephy jr. tidleg ut mot den utbreidde eurosentriske oppfatninga av urinnbyggjarane –

an ingrained conviction on the part of those who first came to the Americas from Europe, as well as by their American descendants, that their cultures, values, religions, lifeways, abilities, and achievements were more advanced and of a higher order than those of the Indians. It followed, therefore, that they deemed the Indians to be inferior peoples–uncivilized Stone Age savages, perhaps even subhuman–and their cultures irrelevant or barbaric and dangerous to civilized mankind.

(s. 16). Då dei spanske og portugisiske erobrarane kom til kontinentet, seier han, var det femti millionar urinnbyggjarar der; nokre hundreår seinare vart taler redusert til 250 000. Og han viser korleis kulturen og verdiane deira systematisk har vorte øydelagde som følgje av tanken om at dei var underlegne og mindreverdige.

Framstillinga begynner med at dei fyrste innvandrarane kom frå Asia til Amerika, dei som etter kvart “developed sophisticated forms of art, elaborate political and social structures, intricate intellectual patterns, mathematics, handicrafts, agriculture, writing, complex religious and belief systems, imaginative architecture” (s. 25). Jo, det er nok rett når det står “Native American architecture matched anything Columbus had seen in his travels” (s. 26). Ho går vidare med ulike sider ved historie og kultur og viser m.a. at lærebøker fram til utgivinga hadde teke feil ved å seie at det berre var tre område i det området som svarar til fagens USA der innbyggjarane dreiv jordbruk. Det siste låg i nordaust. Etter kvart blir livet på prærien og i skogane presenterte, saman med m.a. religion og språk, historia om Pocahontas, handverk, jordbruk, jakt, bruken av hest (hesten kom opphavleg frå Amerika, vandra til Asia og kom så tilbake med europearane), det tragiske møtet med alkoholen, deltakinga i Borgarkrigen, livet på reservata (president Grant ville bruke reservata for å gjere «indianarane» til «kvite»), Geronimo, massakren ved Wounded Knee og arbeidet for å bli fullverdige medborgarar.

Så kjem urbefolkninga – «Against all odds» (s. 383) – inn i 1900-talet. Vi får sjå korleis representantar tok del i arbeidslivet i storsamfunnet, så då dei var med på å byggje bruer i New York City, slik eg kan hugse at ein utvandra onkel fortalde meg tidleg i 1960-åra. Ein jernarbeidar frå Mohawk-stammen sa det forresten slik (s. 389):

A good ironworker is afraid of high places. I don’t want to work with no fool who’s not a little bit afraid of being up so high. It’s the fear that gives you the edge, that keeps you alert. … No, a Mohawk is afraid of heights just like the next guy. The difference is, the Mohawk is willing to deal with it.

Den siste delen handlar om dei kompliserte forholda på 1900-talet, m.a. deltakinga i andre verdskrigen, korleis den føderale regjeringa kjøpte opp jorda og korleis kampen arta seg vidare.

Framstillinga er altså stort sett avgrensa til dagens USA og litt om Canada, og vi får følgje den spanske erobringa av denne delen av kontinentet, med grundig behandling av ekspedisjonen til de Soto, og forsøka på opprør mot erobrarane. For meg er det spesielt interessant å lese om korleis spaniarane øydela landsbyen Acoma i det noverande New Mexico (illustrasjonen er «Acoma Pueblo» av Lloyd Townsend; eg har besøkt byen, som speler ei rolle i bakgrunnshistoria for Lesli M. Silkos novelle “Tony’s Story” (skjønnlitteraturen kunne forresten ha vore grundigare behandla i boka). Seinare blir opprør mot den nye republikken og krig mot nybyggjarane behandla, heile tida med relevante sitat i margen og store og småe illustrasjonar. Ei av margtekstene tek føre seg «California Genocide»:

Of all Indian regions in America, California, with its medley of different native groups peopling diverse ecoregions, suffered the most after the United States won the these lands from Mexico. In village after village, rampant brutality became commonplace as gold miners, ranchers, and townsfolk swarmed into river valleys throughout the northern half of the state.
It was not uncommon for the government to effectively reward the ‘volunteer armies’ who cleared out unprotected Indian villages. In one year, 1851–52, California authorized over one million dollars to reimburse vouchers submitted by loosely organized miners and new settlers for expenses incurred during their terrorizing raids. The Sinkyone Indians were one group stunned by these assaults.
Before the gold rush there were over four thousand in the Humboldt County villages; then, as one victim from Needle Rock later remembered, they were ruthlessly set upon, ‘About ten o’clock in the morning, some white men came. They killed my grandfather and my mother and my father. I saw them do it. I was a big girl at that time. Then they killed my baby sister and cut her heart out and threw it in the brush where I ran and hid. …. I didn’t know what to do. I was so scared that I guess I just hid there a long time with my little sister’s heart in my hands.’ At the close of the 1860s all that was left of the Sinkyone was a handful of survivors with ghastly memories of what had happened.
In the period between 1855 and 1870, such brutality was the rule rather than the exception. By 1865 the Wintu, for instance, numbering over fourteen thousand a quarter century earlier, were reduced to fewer than one thousand weakened, who disoriented survivors. The story was repeated throughout the foothills, as community after community experienced the same nightmare.

“Vår kultur er høy og rik!” seier Jens Bjørneboe (jo da, massakrar på europearar blir òg nemnde, som i kapitlet der John Vanderlyns «The Death of Jane McCrea» er ein av illustrasjonane: sinne lyser ut av auga på dei to som skal avrette og skalpere ei kvit kvinne …).

Boka er illustrert med fotografi og kopi av måleri, stikk og teikningar, som f.eks. “Arrival of Hendrick Hudson in the Bay of New York, September 12, 1609” av Frederic A. Chapman frå 1868 (eit godt eksempel på ei tolking av det som sikkert var stemninga då urinnbyggjarane oppdaga europearane), “Discovery of the Hudson River” av Alfred Bierstadt (1874), «Buffalo Hunt» av George Catlin og Frank C. McCarthys «The Buffalo Runners». Størst intrykk gjer vel «The Trail of Tears» av Robert Lindneux, som viser deportasjonen av Cherokee-folket. Alfred Jacob Millers «The Trapper’s Bride» (1850) viser at forholda mellom europearar og urinnbyggjarar kunne vere mangesidige …

Eg har ikkje bakgrunnskunnskap nok til å gå inn I kjeldene og kontrollere korleis forfattarane har brukt dei. Men alt i alt vitnar boka om grundig arbeid for å dokumentere eigen identitet og menneskeverd. “There is,” har ein urinnbyggjar sagt, “no ‘better’ or ‘worse’, only different. That difference has to be respected whether it’s skin color, way of life, or ideas.* (s. 21).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I The Dickensian for Spring 2011 (no. 483, Vol. 107, Part 1 (!)) har Ivar Johannessen og Fred-Ivar Syrstad ein artikkel om "Dckens in Norway". Dei seier at "The Vestfold County Pickwick Club, Norway, was founded in 2002", og vart tilsutta "Dickens Fellowship" i 2010. Dei seier forresten at det i 2012 er hundre år sidan den fyrste omsetjinga til norsk av The Pickwick Papers kom ut på norsk, og at vi derfor har eit dobbelt jubileum til neste år.

Eg fann denne adressa på nettet, men sida viser berre vidare til av "Dickens Fellowship", som eg tidlegare har informert medlesarane om.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er diskusjonstråd for David Copperfield (heile leseplanen for utvalde verk av Charles Dickens ligg her).

CliffsNotes kan gi samandrag, enkle analysar og litt enkel personkarakteristikk m.m.

Vidare har eg både tidlegare og nå ytra meg om og sitert frå den utgåva som eg har av boka her. Andre sitat og kommentarar ligg her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Under eit opphald på Vertshuset Sinclair i Kvam kom eg over denne vesle boka, omsett av Tone Formo. Forfattaren, Thomas Michell, var britisk generalkonsul i Noreg i Oscar IIs regjeringstid og gav ut boka i 1886, på engelsk, sjølvsagt.

Michell går grundig igjennom alle kjeldene han kan komme over om toget av skotske soldatar som skulle gjre teneste i den svenske hæren i Kalmarkrigen, og som vart stoppa av bøndene frå Vågå, Lesja og Lom ved Kringen. Ja, stoppa og drepne, mange av dei - og resten vart for det aller meste avretta dagen etter.

Det ser ut til at forfattaren klarer balansegangen mellom kjensgjerningar og segner. Ein styrke ved boka er nettopp kjeldedokument, i alle fall dei som står på engelsk og latin, men der segnene blir eit misfoster av moderne bokmål og dansk, i og med at omsetjaren moderniserer rettskriving og bøying, men ikkje ordtilfang og syntaks. I dag, når så mange av oss les engelsk, hadde det nesten gjort seg med ei utgåve med Michells engelske original og dei norske segnene på eldre dansk.

Men det er no så. Eg er fornøgd med handelen og har lært mykje om ei interessant historisk hending i heimfylket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei riktig så interessant bok av ein oberst H. Angell om skottetoget i 1612, utan informasjon om når boka frå rundt 1912-1914 vart trykt opp att, men med undertittelen "Et 400-aars mindre. 26. august 1612-26.8.2012".

Boka inneheld informasjon om dei skotske leigesoldatane som vart stoppa ved Kringen i 1612. Obersten gir god og fornuftig bakgrunn og tek òg med Edvard Storms Sinklarvisen".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg fekk melding, og eg meldte straks frå til dei som er så vennlege å drive denne nettstaden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og så har vi han med katter i paien! At det går an! Okke som fekk eg assosiasjonar til at readaktøren av London Particular. The Dickens Fellowship Newsletter, Alison Gowans, fortel i det siste nummeret (nr. 30) at ho hadde fått invitasjon til "Spring Luncheon", arrangert av "Pickwick London Ladies' Club; som altså har damer som medlemmer. Fint tiltak - "a sumptuous lunch, which Mr Pickwick himself would have been proud to attend".

Det finst forresten ein norsk Dickensklubb i Vestfold som heiter noko med Pickwick. Skal undersøke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

We have decided the real reason why our possessions are being taken from us is that we are human beings and not wolves or beras. The men from Washington have set aside many millions of acres on which wolves and bears may not be disturbed and nobody objects to that. Perhaps if we were wolves and bears we could have as much protection. But we are only human beings. There are no closed seasons when it comes to Alaska Natives.

-AMY HALLINGSTAD (Tlingit)
Letter to Ruth Bronson, the secretary of the National Congress of American Indians, 1947.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I slutten av 1970-åra dykka eg ned i alle dei tekstene som inneheld motiv som Ibsen kan - i mange tilfelle: må - ha brukt for å setje saman det puslespelet som til slutt vart Gengangere:

  • Montesquieu: De l'Esprit de lois. Om samanhengen mellom klima og folkelynne. I dei kalde landa er folk lite mottakelege for "les plaisirs", om gledene i livet.
  • Mme de Staël: Corinne ou l'Italie. Om adelsmannen Osvald frå det kalde og regntunge Skottland, som møter livsglede og sol i Italia, symbolisert gjennom jenta Corinne, "la fille du soleil". Far hans er død; han ville at Oswald skulle ha gifta seg med ei som i røynda er halsyster til den unge mannnen. Mange av lovprisingane av Italia er lette å kjenne att i Gengangere. I tillegg er det eit asyl som brenn i denne romanen.
  • Mauritz Hansen: "Datteren". Ein oberstøytnant har ei dotter utanfor ekteskap, men han får ein kar med trebein til å gi seg ut for å vere faren.
  • Mauritz Hansen: "Theodors Dagbog" har både gjengangar- og incestmotiv.
  • Kristian Elster d.e.: Om Modsætningen mellem det vestligeog det østlige Norge. Om samanhengen mellom natur og folkelynne.
  • Jonas Lie: Den fremsynte. Romanen, der arv er eit viktig motiv, vart diskutert i Ibsens miljø i Roma.
  • Bjørnstjerne Bjørnson: Kongen. Syfilismotivet!
  • Holger Drachman: *To Skud". Er det rett å forsvare drap for å gjere slutt på lidingar, spør forfattaren her.
  • J.P. Jakobsen: Niels Lyhne. Kvinna si stilling i samfunnet, motsetninga mellom Syden og Norden, kunstnarlivet, religionskritikk og draumen om eit betre samfunn.

Også i Ibsens eige liv er det nok av motiv: Sonen utanfor ekteskap, sjølvsagt, og haugevis av stoff i brev som peikar fram mot Gengangere ... Og likevel klarer han å bruke både litterære og personlege inspirasjonskjelder til å skape noko heilt sjølvstendig!

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese stykket, men eg begynner med glede på att, i fyrste omgang med innleiinga i kommentarbindet i "Henrik Ibsens skrifter".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er diskusjonstråd for Charles Dickens: Dombey and Son. Heile leseplanen for utvalde verk av Charles Dickens ligg her.

Dombey and Son er også kommentert og/eller sitert her og her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, men boka er meir allsidig enn eg trudde. Ikkje før har vi hatt ein omgang med fyllikhumor, så er vi midt opp i kritikk av rettsystemet og sosiale forhold.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

'Who are you, you rascal?' said the Captain; adminstering several pokes to Mr Pickwick's body with the thick stick. 'What's your name?
'Cold punch,' murmured Mr Pickwick, as he sunk to sleep again.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

This constant sucession of glasses produced considerable effect upon Mr Pickwick; his countenance beamed with the most sunny smiles, laughter played around his lips, and good-humoured merriment twinkled in his eye. Yielding by degrees to the influence of the exciting liquid, rendered more so by the heat, Mr Pickwick expressed a strong desire to recollect a song which he had heard in his infancy, and the attempt proving abortive, sought to stimulate his memory with more glasses of punch, which appeared to have quite a contrary effect; for, from forgetting the words of the song, he began to forget how to articulate any words at all; and finally, after rising to his legs to address the company in an eloquent speech, he fell into the barrow, and fast asleep, simultaneously.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Diskusjonstråd om Martin Chuzzlewit er oppretta. Heile leseplanen med adresse til lenkjene ligg her. I Bokelskere er Martin Chuzzlewit sitert her, her og her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eler kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

(Matt 16, 26)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Einig med deg. Å, har nok mine planar, ja ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Eivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenmarvikkisPiippokattaKjell F TislevollKirsten LundHelena EBeate KristinWenche VargasMarianneNEster SAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarleEli HagelundChristofferEvaStig TKjersti SBjørg Marit TinholtIngunn SVidar RingstrømIreneleserIngeborg GJan Arne NygaardEmil ChristiansenCathrine PedersenBjørg L.Gunn DuaasRonnyAlice NordliReidun SvensliJan-Olav SelforsHenrik  Holtvedt AndersenSigrid NygaardTorill RevheimTor-Arne JensenAnniken RøilMads Leonard HolvikÅsmund Ådnøy