I Klassisk forum 2010:1 står det ein del namn på forfattarar som behandlar Catilina skjønnlitterært (og titlar på bøkene).
Om romersk kunst, om arkeologi og litt av kvart. Særleg interessant er Gjert Vestrheims artikkel om "Skandinavisk heksameterdiktning" og Mathilde Skoies omtale av andre bindet i Robert Harris' andre bind i Cicero-trilogien, Lustrum. Blinded by ambition, der ho går gjennom bruken av Catilina i litteraturen frå Ben Jonson (ikkje "Johnson", som ho skriv) og framover. Lesarar av Ibsens Catilina kan finne mykje interesant her!
Ja. Boka er langt betre enn filmen, som eg har att tre episodar av.
Jo, men den beste er på På stengrunn med Jon Arne Corell og Kari Svendsen. Synest nå eg, da.
Ja! Iren Reppen burde ha fått pris for tolkinga si av Regine, og kanskje òg Anne Marie Ottersen som fru Alving. Også Bjørn Sundquist er god som hyklaren Engstrand. men altså: Ireb Reppen viser oss den slue Regine, den livsglade egoisten, ei kraft frå folkedjupet - "kjernesunn," som Osvald seier - som vil redde seg sjølv: "Også jeg har livsglede i meg, frue!" Det meisterlege skiftet mellom to talemålsvariantar understreker planane hennes.
Dessverer er ein del sentrale småord kutta ut i denne litt fortetta oppsetjinga, men du verda så godt driv!
Eg likte å høre på Skygge, sjølv om eg er motstandar av omsetjingar mellom norsk, svensk og dansk. Eg er delvis einig med deg når det gjeld Morten Andresen, men eg har begynt å få litt sansen for han.
Som kriminalroman er boka godt - svært godt, faktisk - bygd opp; heile tida møter vi veksling mellom fortid og nåtid, etter kvart som grufulle hedingar i fortida blir avdekte. På eitt område verkar det som om Alvtegen har henta ein idé frå ei av favorittbøkene mine, men dette kan vere tilfeldig. Og når eg har brukt ordet tilfeldig, vil eg leggje til at det meste som skjer i boka, for ikkje å seie kva som har skjed, er relativt usannsynleg. Men skal forfattaren ha ros for noko, lyt det bli evna til å skape spenning og undring. Det kan ho!
Eg er god til å lese både skjønnlitteratur og sakprosa. Desse karane her er dét òg, men i tillegg er dei svinaktig gode til å lese Roma - gatene, byggverka, monumenta, maten, vinen, folka. Dei tolkar det som vi ser når vi går rundt der og har det godt. Kvar for seg har dei skrive flotte bøker om Roma, men saman er dei uslålege.
Grei bok for å få adresser og ein del litterære referansar, men nokså grunn, eigentleg.
Ja. men eg synest ikkje at dette (at sjukdommen ikkje er arveleg) har noko å seie - når vi tenkjer på kva sjukdommen er symbol på. Eg er sikker på at dei greske gudane ikkje eksisterer, men eg synest at dei greske forfattarane laga stor litteratur.
I påvente av ekstra porsjonar med tid: Ja, dette er gammalt mytestoff frå antikken.
Har måtta prioritere andre ting, og har ei hard veke føre meg, men eg koplar meg til tråden slik at eg lettare kan lese andre innlegg og snart skrive mitt eige.
Og i dag var Mario Vargas Llosa i Litteraturhuset i Oslo. Etter den offisielle delen av arrangementet fekk eg namnetrekket hans nettopp i denne romanen. Eg sa til han at dette var den beste i dette hundreåret og at eg hadde lese boka hans under opphald i Santo Domingo og Moca i Den dominikanske republikken, der handlinga finn stad. Da smilte han og sa: "Mucho gusto!"
Handlet vel om religion den da? Han var jo biskop...
Så vart òg initiativtakaren til denne lesinga ferdig med Oliver Twist i original. Familieforholda til hovudpersonen er med dette oppklarte, og eg har fått humor, varme og samfunnskritikk på kjøpet. Romanen er skriven i tidsånda med blanding av det melodramatiske og det kritisk realistiske.
'[...] I always loved that boy as if he'd been my - my - my own grandfather,' said Mr. Bumble, halting for an appropriate comparison.
Det kom en bok nå av Hans Sande. "Pappa er sjørøvar".Den handler om palestinere og israelere. Det er vel ingen som tviler på motivet til forfatteren,men.. Hva mener dere om boken og måten temaet blir satt fram på for barn..Ser at det er 10 stk. her inne som har den allerede..
Ja. Og på den andre sida hadde ho kanskje ikkje så mange val ut frå det som tantene stod for. Slik som Nora og presten Hansen.
Nei, ingen krav her, nei! "Livsgleden," seier ho, "kan der være redning i den?" (sitert etter minnet). Her kjem vel omslaget?
Jo, men noko av det store ved dette stykket er vel at ingen av personane er heilt eindimensjonale? For meg er fru Alving stor i arbeidet sitt for å frigjere seg frå gjengangarar, og at ho har skylda for at mannen gjekk til grunne og sonen er i ferd med å følgje etter, ser eg som uttrykk for at ei kvinne som valde å føye seg (i den grad ho hadde eit val), ville få store vanskar med å nå måla sine. Helene Alving vart verande, mens Nora gjorde opprør fullt ut, i alle fall individuelt og innan familien. Begge står i vekselverknad som sjølvstendige individ med eit samfunn som formar dei og som dei ønskjer å overvinne.
Det med syfilisen har vel vorte kommentert på fine måtar i andre innlegg her.
Nei, men ho står i hylla - dessverre, da, skjønner eg ...