Skriv så pennen kladdar!
Notert!
Ikkje mangel på anglofili her i garden. Noterer ...
Jepp! Chandler har truleg påvirka min generelle litteratursmak mykje. Han og Dashiell Hammett. Kule karar!
Takk, Britt - eg noterer!
Eg fann berre den Tyske utgåva her, men boka kom på norsk på Ascehoug i 1975 med tittelen "Historier fra Bollerup". Den kunne godt kome ut på ny i pocketutgåve, for dette er ei perle av ei lita bok. 12 svært morosame historier frå den vesle nord-tyske forblåste grenda Bollerup, med eit herleg persongaleri i underfundige situasjonar. Lenz som morromann, altså. Steike godt!
Leser gjerne "god gammeldags" krim. Nytt navn for meg dette. Takk for tipset!
Har sjekka litt på nettet om Robinson og ført han på lista. Takk for tipset!
McDermid er notert. Skal sjekke. Wilson har eg lese, veldig bra saker, men eg vart nok ikkje heilfrelst. Takk for tips!
I mitt leseliv har eg lese krim- og spenningsbøker i raptusar. Eg har gjerne kome over ein forfattar som har fenga, lese nokre bøker og deretter gått lei. Raptusar eg kjem på frå barndom fram til i dag er: Hardyguttene, Morgan Kane-bøkene, Allistar McLean, Raymond Chandler, John Le Carré, Agatha Christie, Gunnar Staalesen, P.D. James, Sherlock Holmes, Henning Mankell og den siste, James Lee Burke. Etter Mankell kjende eg meg veldig mett på heile krim-sjangeren og las ikkje krim før eg kom over James Lee Burke. Men han er eg framleis er trufast mot. Han er så god at han nokre gonger minner meg om McCarthy. Mørk og fin. Nåvel. Eg er klar for ny raptus og lurer på om nokon der ute har tips til god krimlitteratur. Eg er ikkje ute etter knallsmarte sjakk-komplott, men gode karakterar og miljø, og gjerne ein dose samfunnskritikk. Eg har sett og likt denne Rebus-serien i fjernsyn, kan Ian Rankin vere noko?
Ja, dette er jo ofte kompletistens dillemma; skal ein ha heile serien vert det ofte litt liste- eller bokhyllefyll.
Har sjølv plukka ut nokre forfattra der eg samlar førsteutgåver, men denne dilla vert fort dyr!
Kom på nokre andre seriar eg har komplette: Gyldendals klassiske ungdomsbibliotek "De aller beste" frå 50-åra, Davy Crocket-serien, Hjortefot-serien og Indianerserien.
No snakkar vi vel antikvariske godbitar - er ikkje dette veldig flotte bøker?
Ja, DEN ja. Har eit par titlar, "Irland forteller" og "Indianerne forteller". Fin serie!
Brått ble jeg fyllt av et voldsomt begjær etter å trekke meg tilbake, etter et ubrytelig, endelig klosterliv, grepet av avsky fordi jeg hadde hatt så mange ønsker, så mange håp som jeg i det ytre så lett kunne virkeliggjøre og i det indre så umulig kunne sette min vilje bak. Fra denne triste time stammer beslutningen om å gjøre ende på mitt liv.
Urovekkjande meisterverk om bli åleine i verda.
Eg tilhøyrer gruppa samlarar (vi er som oftast menn) som gjerne vil ha heile serien om vi kjem over eit fint objekt i serie. Bøker er ikkje noko unnatak, og det finst mange fine seriar å samle på. Den mest kjende norske er kanskje Gyldendals «Gule serie» med Sigurd Hoel som redaktør. Serien hadde 101 framifrå titlar, mykje takka være Sigurd Hoels legendarisk evne til å plukke ut komande klassikarar.
Nokre døme på nyare seriar eg tykkjer er fine og gode er: «Gyldendals små grå», «Cappelens klassiske reiseskildringer», Aschehougs «Spor»-serie, «Tidens moderne klassikere», Peguin «Great Ideas», og Penguin «Great Journeys». Har du ein favorittserie?
Einig. "Last exit ..." er jo veldig, veldig bra. "The Room" har eg ikkje lese, men ei bok du kanskje vil tilrå? Har du sett filmatiseringa av "Requiem"? Likte den godt.
Ja, Breiteig er strålandet!
Praktbok med mange flotte bilde frå sykkelsportens mytiske år frå 1946 til 1967, frå den tida då syklistane sykla dobbelt så langt som i dag, og gjerne drakk konjakk og røykte sigarettar på sykkelsete. Herlege tider, herleg bok!
Dette er på ingen måte noko særs velskrive biografi, men temaet er spennande så det heldt. Jacques Aquentil var ein sykkelhistorias beste, men få idretssutøvarar kjem i nærleiken når det kjem til sære ordningar i privatlivet.