Trur du er inne på noko her. Eg ser ikkje vekk ifrå at det hadde lagt bøker overalt, sjølv med eit eige bibliotek. Eg har forresten endt opp med ei bokhylle som nattbord! I denne hylla er det ingen orden, berre ei fager blandig av ulest, halvlest og lest sjønnlitteratur pluss nokre oppslagsverk. Veldig kjekt å vakne til!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, den engelsk/gotiske stilen med høge mørke bokhyller er eg med på!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, DVD'ane skal òg ha plass. Dei gløymde eg! Likar elles ideen om glassdørar og bar-globus!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig. Strålande bok av ein strålande person og forfattar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, denne har vi lese mange gonger i vår familie. Ei kjekk bok for store og små med knallfine teikningar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vart tipsa om denne boka av ein med-bokelskar her inne, kjøpte boka i eit antikvariat, las henne og fekk ei strålande leseoppleving!

Omon Ra er ein kort roman (noko eg likar) som tek for seg guten Omon sine kosmonautiske erfaringar.

Kva skal ein kalle sjangeren? Russisk postmodernistisk, realistisk science-fiction?


Godt sagt! (0) Varsle Svar

THE CHICKEN

As I was walking down Stanton Street early one Sunday morning, I saw a chicken a few yards ahead of me. I was walking faster than the chicken, so I gradually cought up. By the time we approached Eighteenth Avenue, I was close behind. The chicken turned south on Eighteenh. At the fourth house along, it turned in at the walk, hopped up the front steps, and rapped sharply on the metal storm door with its beak. After a moment, the door opened and the chicken went in.

Linda Elegant, Portland, Oregon

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Paul Auster var i 1999 med i ein amerikansk radioprogrampost der dei bad lydarane sende inn sanne historier frå eigne liv. Dei fekk inn 4000, der 180 er tatt med i denne boka. Historiene er delt inn i tema som "Animals", "Strangers", "Love", "Death" osv, fordelt over 472 sider.

Det har fleire gonger forbausa meg kor godt desse historiene står til kvarandre og kor velskrivne dei er. Det er trass alt amatørar (får vi tru) som har skrive og sendt dei inn. Auster har gjort ein god jobb som redaktør, han har på beste vis plukka ut og sett saman historiene.

Eg brukar True tales of American life som ei slags myldrebok, slår opp i henne hist og pist og les ei lita historie innimellom anna lesing. Det er alltid ein ørliten svir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk - noterer, noterer!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan godt forstå at mange, ikkje minst unge, er glad i denne boka. Eg las omlag halve boka den gong eg avtente verneplikta, men fann ut at dette ikkje er litteratur som rører meg noko særleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hørest ut som ein god kur! Ravatn har eg berre lese litt av i Dag og tid. Kanskje eg må ha meg den siste boka? Her er sofaen brukt til forkjølingssjukepleie i snart ei veke no. Kjedeleg, men med god til til boklesing og fjasing på nettet. Takk for skiftet!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for eit veldig godt tips, Tone! Alt du skriv om denne boka tiltaler meg, og no har eg bestillt henne. Og ja, Tiller kan de vere svært så stolt av!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her var det mykje å velge i!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Må jo vere dritsurt for ein litteraturprofessor på Shakespear å få bøkene sine dårleg oversatt! Proffesor'n är noterad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tipset! Når du nemner dansk krim kom eg på ei god dansk krimbok eg har lese som heiter "Mord på mandag", skrive av den dansken kultforfattaren Dan Turèll. Når eg no sjekkar på nettet, ser eg at boka er ei av ti i ein "Mord"-serie, derav seks omsett til norsk. Sånn, no gav eg meg visst sjølv eit tips!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spennande. Notert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Norske pockebøkert heldt veldig god kvalitet, men no har eg skjekka nokre svenske og dei er jo riktig flotte! Ørlite granne dårligare papirkvalitet kanskje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det nok eit poeng det med den stabile 99-kronersprisen. Og det med lønsnivået er nok ei del av forklaringa. Las noko på nettet tidlegare (finn det ikkje att no) om at det vart gjort undersøkjingar og kome fram til at norske forbrukarar tålte denne prisauken. Det har dei sikkert heilt rett i - mange nordmenn har økonomi til det meste, ser det ut til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som bokelskar med dårleg råd (i norsk målestokk vel og merke, framleis et eg middag kvar dag) har eg i mange år fatta ei særskilt interesse for pocketboka. På sitt beste er pocketboka ei fin trykksak med eigenverdi på sida av den innbundne orginalutgåva.

Då eg var i Sverige for nokre år sida vart eg overraska over prisnivået på dei svenske pocketbøkene, som den gong var på under 50 svenske kroner. Meiner å hugse at dei brukte eit prissystem der ein definerte bøkene innanfor ulike prisklassar; A, B, C, D osv. Meiner òg eg har lese at det vart arbeidd for å få prisen ned også på dei norske pocketbøker. Det har ikkje skjedd. Prisen har i fleire år lege stabilt på 99,- kroner, før forlaga (var det i fjor haust?) brått auka prisen med nær 30 %. Forklaringa er visstnok at forfattarane har fått til ei ny og betre avtale på pocketbøker, og at forlaga responderte på dette med ei solid prisauke.

Når eg no sjekkar litt rundt på svenske nettbokhandlarar ser eg at ein framleis får kjøpt nye pocketbøker i Sverige til mellom 40 og 50 svenske kroner. Kva er årsaka til dette?

Det er sikkert mange her inne på Bokelskere.no som veit meir om dette enn meg. Det kunne vore greit å høyre kva de meiner. Eg tykkjer det norske prisnivået er for høgt, og at den siste auken ikkje kan forsvarast med ei betre avtale for fortfattarane. Anyone?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nye navn for meg. Takk skal du ha, Kristine!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundDinaingar hHilde Merete GjessingPiippokattaEllen E. MartolSynnøve H HoelTorill RevheimBeathe SolbergTarjeiMartinePirelliIngvild SJulie StensethHilde VrangsagenAnniken LBeate KristinLars MæhlumHilde H HelsethTanteMamieLilleviAlice NordliMads Leonard HolvikDemeterOda Marie HLena512NorahMartine GulbrandsenSteinar HansenIreneleserBente NogvaMonica  SkybakmoenKristineEvaKaramasov11Kjell F TislevollOdd HebækSverreMarianne MLaila