Flott! Gleder meg! Men har så vidt begynt på Martin Chuzzlewit ... Eg kan hugse ei filmatisering av Dombey and Son i fjernsynet for mange, mange år sidan - og at eg likte det. Dette blir nok ein fin vår.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette går på æra laus. Skal svare før kjellk, håper eg: Som vegarbeidar budde Hamsun på garden åt ein familie eg kjenner ved Mjøsa før han flytte til Raufoss og budde i arbeidarboligen der utanfor ammunisjonsfabrikken. Og han skreiv artikkel om haugianarar som hadde møte på garden som eigedommen min tilhørte. Og endeleg skreiv han Victoria nokre mil vest for der eg bur. Så heimbyen din kan gjerne få æra for Pan, ja: Kolloen skriv på s. 190-191 i bind I at Hamsun ikkje kom nokon veg med skrivinga i Paris, men da han i april 1894 kom til Kristainsand, vart det sving på sakene! Så fint!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg trur at han begynte i Paris og gjorde seg ferdig i Kristiansand. Nordahl Grieg skriv at Hamsun sat "naken til beltestedet" i Paris og skreiv på Pan. Vi får sjå etter i Kolloens biografi når vi får tid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og eg er kommen til II.72:

Dette kapitlet handlar om korleis dQ og SP kom tilbake til heimbygda, «a su aldea». På vegen treffer dei på Álvaro Tarfe, eit namn som dQ har sett i den falske utgåva. Álvaro Tarfe skal til Granada. Han seier at han har vorte venn med dQ, men han kjenner han ikkje att, seier han – ikkje SP heller, og han seier at SP ikkje kunne vere morosam, men SP seier at han kan seie fleire «gracias», morosame ting, enn ei regnskur.

Men her får vi skyte inn at dette møtet har LAM kommentert i innleiinga si: I kapittel 72, seier han der, forsyner Cervantes forteljinga si med at ein hovudperson hos den falske forfattaren, don Álvaro Tarfe, opptrer, og han får han til å formelt å erklære, framfor ordføraren og ein dommarfullmektig (eller rettsskrivar), at romanfigurane hos Avellaneda er forfalskningar.

Før vi kjem så langt, kan vi merke oss ein god replikk frå hovudpersonen: «Jeg,» sa don Quijote, «vet ikke om jeg er ekte, men jeg våger å påstå at jeg ikke er den uekte» - sikkert rett omsett av W («Yo –dijo don Quijote- no sé si soy bueno; pero sé decir que no soy el malo»): adjektiva bueno og malo kan jo romme så mykje. G&K er meir bokstavtrue og set om rett fram: «Jeg vet ikke om jeg er den gode, men det tør jeg si at jeg ikke er den dårlige.» I alle høve er han don Quijote av la Mancha, han som Fama taler om, «el mismo que dice la fama».

Som sagt får dQ Álvaro Rarfe til å erklære overfor borgarmeisteren at han ikkje er identisk med romanfiguren i Segunda parte de don Quijote de la Mancha, av ein viss Avellaneda, frå Tordesillas. Borgarneisteren gjer dette rettsgyldig, og Álvaro Tarfe skjønner at han hadde vorte forheksa.

Så ser dei landsbyen, og SP vender seg til heimbygda med vakre ord: «Abre los ojos, deseada patria, y mira que vuelve a ti Sancho Panza tu hijo […]. Abre los brazos y recibe también tu hijo don Quijote […].» W held seg ikkje her til vanlege reglar om imperativ i norsk; han set Abre om til “Åpn”, ikkje det korrekte “Åpne”. G&K varierer: «Slå øinene op, efterlængtede hjem» og «ræk dine armer ut for at motta din søn Don Quijote».

Så lèt W dQ krevje handling: «’Hold opp med det tøvet’, sa don Quijote, ‘og la oss sette den riktige foten først og dra inn i landsbyen vår, der vi kan gi plass til våe fantasier, og planlegge det hyrdeliv vi skal leve.’ Dermed red de ned bakken og dro inn i landsbyen.»

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så rart - at Den røde begonia ein skjertorsdag morgon i 2012 er fråverande i hyllene til over 17 000 bokelskarar. I 1947 kalla Johan Borgen denne romanen, om behandlinga av tuberkuløse i etterkrigstidas Noreg, for "en hjørnestein i nyere norsk romanlitteratur". Han handlar om vanlege menneske, fiktive, men kontkeksten er reell: Samfunnet blir ei stemor for dei, særlege frå den mest aktive delen av motstandsrørsla, som var offer for folkesjukdommen da han blussa opp att. Tittelen er optimistisk og symbolks, namnet på eit kollektiv og ein draum om eit betre samfunn. Ei bok som gjekk rett inn i ein politisk debatt - eller kanskje heller mangelen på debatt og oppgjer - og som samtidig peikar ut over samtida si.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Profitøren var fyrst skriven som skodespel, i 1939. Det som seinare, etter krigen, vart omskrive til roman, var forbausande klarsynt: Det handla om økonomisk landssvik, og historia skulel vise at Bolstad hadde rett. Men einsidig er han ikkje: Folk er ikkje her gode eller vonde; vi ser tydeleg korleis personane, på godt og på vondt, blir forma av samfunnet dei lever i. Vi møter profitøren og motstandsrørsla, i ei verdig oppfølging av Nordahl Griegs Vår ære og vår makt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På omslaget av Fortellinger og fabler siterer Bolstads forlag, Ny Dag, Edvard Beyer, som m.a. seier: "Karakteristisk for hans beste fortellinger er dramatisk handling, ekte miljøfarge, levende replikk." For slik er det. Interessant at denne forfattaren, som så bitande og hardt kan ramme sjølve det sosioøkonomiske grunnlaget for samfunnet vårt, også kan vere poetisk og fabulerande!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dødens tango innleier Bolstads serie om den borgarlege familien,fem romanar i alt. Varierande, men oppsiktsvekkjande: Eit modernistisk prosjekt, forfatta i Bergen i siste halvdelen av 1960-åra. Forfattaren spenger grenser der han lyt avbryte forteljinga med eit brev til lesaren: "Kjære leser! Jeg er nødt til å begå brudd på komposisjonen. De bør vite hvorfor jeg har lagt romanen i dette leiet."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Menneskene begriper ennå ikke, at det skal en vel utviklet fantasi for å forstå virkeligheten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

La gnistene fra min slegge være det siste jeg ser.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og den som eier drømmen, han vet å elske
og kjempe.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Vær ikke redd for ungdommen er Øivind Bolstads einaste diktsamling, skriven da han gjekk mot dei sytti. Typisk nok seier tittelen alt om livsinnstillinga hans - her er kampkraft, skapartrong og optimisme.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein av Bolstads svakare, dette - på mange måtar, ja, men også eit sviande angrep, for å bruke ein klisjé, på dei kreftene som tener på å gjere unge menneske stoffavhengige. Ikkje mindre aktuell i 2012 enn i 1977.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein sterk og personleg roman om det som tittelen seier: Om å kjempe for livet - og vinne. Skriven med ein eldre manns ungdommelege livskraft.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lista over bøker som eg har av Øivind Bolstad i samlinga er ikkje komplett, men eg har med hovudverka. Forfattarskapen er ujamn, men der toppane er høge, og det dirrar av kampvilje - og gripande skildringar av folk med det som hos Torborg Nedreaas blir karakterisert som "de varme hendene".


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Også her ser kommentarbindet i "Henrik Ibsens skrifter" ein parallell til Wuthering Heights, der Cathy seier: "I am Heatchcliff - he's always, always in my mind [...] as my own being."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ELLIDA
Det grufulde, mener jeg. Denne ubegribelige magt over sindet -

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, og du fekk stjerne for kommentaren da du la han ut. Eg veit ikkje heilt om eg vil prioritere å ønskje meg denne boka - lista er lang nok som ho er!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenMarteAnne ÅmoEli HagelundBente L.GunillaTatiana WesserlingLeseberta_23Fride LindsethEllen E. MartolKirsten LundMads Leonard HolvikRufsetufsaHelena ETove Obrestad WøienLinda NyrudLars Johann MiljeAnneWangHeidi BBRandiAFrode Øglænd  MalminJarmo LarsenKristinAnn Helen EalpakkaEster SMorten MüllerHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTore HalsaAnne Berit GrønbechSiv ÅrdalEmil ChristiansenElisabeth SveeAlice NordliChristofferBerit RKjell F TislevollOdd HebækMarianne M